Metonymi kan seiast å vera metaforen sin smålåtne, men driftige slektning. I høve til den meir iaugefallande og omtalte metaforen vekkjer metonymien vanlegvis ikkje så mykje oppsikt, men metonymi er eit utbreidd språkleg fenomen som lèt oss uttrykkja oss økonomisk og poengtert. I dette innlegget skal vi bli betre kjende med metonymi.
Av Helga Mannsåker, førstelektor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen