Mykje av intensjonen med den nye læreplanen LK20 går på å gje elevane overføring av kunnskap frå eitt domene til eit anna. I denne språkpraten viser eg kor mykje læring det kan vera i å fordjupa seg i eit autentisk talemålsmateriale, og korleis elevane kan få ein smak av sosiolingvistisk forsking.

Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen

I dei nye læreplanane for grunnskulen og vidaregåande opplæring vert «Demokrati og medborgarskap» eitt av tre tverrfaglege tema. Som ein del av norskfaget sitt bidrag må sjangeren klasseromsdebatt brukast meir. I denne språkpraten skal eg, gjennom døme frå ein klasseromsdebatt frå 8. steget, sjå på kva potensial sjangeren har med tanke på å utvikle elevane sin munnlege og retoriske kompetanse.

Av Kjersti Maria Rongen Breivega, førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet