Kor mykje eller kor lite må æ forandre i ei setning før du les det som dialekt, og koffør skriv æ sånn? I denna språkpraten skriv æ om de som skriv på dialekt, særlig på sosiale medium. Men nei, æ skal ikkje skrive resten av teksten på dialekt? Og koffør ikkje det, ska tru?
Av Geir Bakkevoll, stipendiat i norsk ved Høgskulen på Vestlandet
Det eg no skal fortelje, må du ikkje seie til politiet: I sommar tok eg opp mobilen for å ta eit bilde av bussen som låg framfor meg på vegen. Dei formildande omstenda kan vere at vi stod stille i kø då teksten på bakenden fanga interessa mi: «Vi har plass i sjåførsetet til dæ».

Denne setninga er eit eksempel på det språkprofessoren Stian Hårstad kallar dialektskriving, og han forklarar det som at skrifta speglar strukturelle trekk frå talemålet. Den amerikanske språkprofessoren Dennis Preston kallar det augedialekt når ein flyttar dialekta si frå talen over til papir, skjerm – eller ein reklameplakat bakarst på ein buss. Dette er ikkje den første, og det blir heller ikkje den siste gongen eg har undra meg over korfor ein gjer slike språklege val.
Etter stortingsvalet i 2017 samla eg inn og studerte 1949 kommentarar frå Facebook-sida «Nordnorsk debatt» som del av masteroppgåva mi. Eg fann blant anna ut at sju prosent av desse kommentarane har minst eitt innslag av dialektskriving. Ein av dei ser ut til å ironisere over den dåverande fiskeriministeren: «Selvfølgelig veit han Sandberg best, det e vel ikke for ingenting han e fiskeriminister.» I eit anna eksempel ser den eine debattanten ut til å vere skuffa over den andre når ho seier «Sku ikje tru du telhørte Bygde-Norge!».

Tala i studien min tyder altså på at vi ikkje bør bli overraska over dialekt i kommentarfelt på Facebook, og det er kanskje akkurat dette vi bør bli overraska over. Den før nemnde språkprofessoren Preston åtvarar nemleg mot eit språkleg stigma når han seier at augedialekta devaluerer språkbrukaren «[…] by making him or her appear boorish, uneducated, rustic, gangsterish and so on». Omsett til norsk seier altså Preston at den som skriv på dialekt står fram som lite høfleg, lite utdanna, gamalmodig og kriminell.
Preston konkluderer slik basert på studiar i USA i 1983, men situasjonen ser ut til å vere ganske annleis i Noreg snart 40 år seinare. Her har vi altså eit stort busselskap, eller eit godt betalt reklamebyrå som jobbar for busselskapet, som trur den nordnorske dialekta er eit godt språkleg verkemiddel for å rekruttere fleire bussjåførar. Så korfor vel språkbrukarar i Noreg – til og med store busselskap – å trasse det stigmaet som kan følge augedialekta?
Eit mogleg svar kan ligge i den nære språkhistoria vår. I Noreg har vi ein lang tradisjon for å respektere dialektmangfaldet. Med det såkalla talemålsvedtaket sa Stortinget allereie i 1878 at undervisinga «saavidt muligt» skal skje på barnas talemål. Prinsippet er stadfesta i den norske opplæringslova, som seier at både elevar og lærarar sjølve vel kva talemål dei vil bruke i munnlege situasjonar og at lærarar og leiinga på ein skule «i størst mogleg grad [skal] ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.»

Den same respekten og aksepten for dialekter finn NRK og Språkrådet når dei undersøker kva haldningar nordmenn har til dialekt. Ein av konklusjonane frå denne spørjeundersøkinga i 2009 er at nordmenn er dialektvennlege. 70 prosent av dei spurde er heilt eller delvis ueinige i påstanden om at «[d]et er for mye dialektbruk i samfunnet». Slik blir det vanleg og mogleg å bruke dialekta si, kanskje i ei litt tilpassa form, både på heime- og bortebane. Resultatet er at vi høyrer rogalandsdialekta når helseministeren skal lose oss gjennom ein pandemi, og eit nordnorsk talemål ser heller ikkje ut til å bremse ein lysande artistkarriere.
Den norske språknormeringa viser altså vilje til variasjon, slik at nordmenn er vane med å lese og høyre ulike versjonar av sitt eige språk. Ein hypotese kan derfor vere at språkbrukarane i dette språksamfunnet òg har lågare terskel for å produsere augedialekt sjølve enn for eksempel språkbrukarar i USA.
I nokon diskusjonar brukar debattantane på «Nordnorsk debatt» endå meir dialekt. Når kommentarane er sorterte etter politisk tema, viser det seg at 17 prosent av kommentarane om distriktspolitikk er skrivne med innslag av dialekt.
Samanslåinga av norske fylke og kommunar var eit dominerande tema i dei distriktspolitiske diskusjonane på «Nordnorsk debatt» under valkampen 2017. Når vi veit det, kan vi tolke dialektskrivinga som eit uttrykk for minst eitt av to. For det første kan dialekten i kommentarfelta vere ein synleg, lokal protest mot sentralstyrte prosessar som verkar på regionalt eller lokalt nivå. Denne motstanden mot å slå saman fylka avdekka òg NRK i denne spørjeundersøkinga frå 2017. Svara herfrå viser ironisk nok at befolkninga i Troms og Finnmark er einige om at dei ikkje høyrer saman. Så mens statsvitaren seier at undersøkinga viser at den politiske sentrum-periferi-aksen framleis er høgst levande, kan språkvitaren supplere med at augedialekt i kommentarfelta kan vere eit synleg uttrykk for denne konfliktaksen. For det andre kan desse kommentarane på dialekt vere eit språkleg uttrykk for identitet knytt til geografisk opphav – og at denne identiteten er sett under press.
Det er kanskje dei same strengane av identitet og tilhøyrsle som busselskapet Tide vil spele på frå bakenden av bussane i Tromsø. Med det vetle dialektordet «dæ» vil dei overtyde om meir enn at det er fint å vere bussjåfør i selskapet. Like viktig kan der vere å skape eit bilde av eit selskap som høyrer til i nord og kjenner dei lokale tilhøva. Det bodskapet er nok viktig i møte med passasjerar som har vore skeptiske til om selskapet og bussane deira kunne takle nordnorsk vinter.

Det vi ikkje kan forklare, er korfor Tide ikkje går lengre enn dei gjer i dialektskrivinga si. Vi skal legge merke til at det berre er eit ord som skil plakaten bak på bussen frå bokmål og nynorsk, og det er pronomenet «dæ». For mange i Tromsø ville teksten «Vi har plass i sjåførsæte t dæ» spegla dialekta endå betre. Likevel vel Tide, eller reklamebyrået, å halde på standardformene av både «setet» og «til».
Vil du vite meir?
Unn Røyneland og Øystein Vangnes har undersøkt dialektskrivinga til 1532 elevar frå vidaregåande skuler over heile landet. Dei har blant anna undersøkt det siste spørsmålet i denne språkpraten, altså kva for trekk i talemålet som blir med over i skrifta, og kva for trekk som ikkje blir markerte.
Sjå også masteroppgåva mi «Mye tøv du skriv». Språklege og semiotiske ressursar i politisk CMC (2019), som eg har vist til i denne språkpraten.
Før og etter meg har andre skrive spennande masteroppgåver om dialektskriving i sosiale medium: Thor Magnus Lande har undersøkt samtalestilen blant ni unge menn i ein gruppechatt på Facebook, mens Solveig Elise Strand og Martin Sorge Folkvord har undersøkt talemålsnær skriving blant trondheimarar på Facebook Messenger. Dialekta viser seg òg i skrifta på Instagram-profilane som Kari Holmli Brøske har undersøkt.