Heilt sidan ein på 1970-talet kjempa gjennom moglegheita til å bruka eigen dialekt i nær sagt alle situasjonar, har det ikkje vore vanleg i Noreg å skifta til eit standardisert talemål i gitte situasjonar. Er det likevel noko i oss som gjer at vi endrar måten vi snakkar på ut frå situasjonen? Og kva er i så fall grunnen til dette?
Av Kjersti Wold Slettebø, master i nordisk språkvitskap
