«Jeg lærer veldig godt på engelsk, men hadde nok dessverre ikke turt å spørre om noe på engelsk i forelesning foran alle.» Slik uttrykte ein kvinneleg student seg ved eit norsk universitet. I dette innlegget skal me sjå på kva rolle kjønn og sjølvtillit kan spele i vurderingar av språk og språkbruk i høgare utdanning.
Av Trude Bukve, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen
Den kvinnelege studenten deltok i ei undersøking eg gjennomførte i perioden 2015–2017. Undersøkinga, som blei sendt ut til studentar ved sju universitet i fem nordiske land, synte at kvinner var litt mindre trygge på sine eigne engelskferdigheiter og rapporterte litt større utfordringar på førelesingar når desse var på engelsk. Tematikken er ikkje av ny dato, og språkbruk knytt til kjønn er ikkje sjeldan gjenstand for diskusjon i media, så vel som i forskingslitteraturen.

I 2018 trykte Studvest artikkelen «Nesten bare menn snakket». Artikkelen tok føre seg ein situasjon ved Universitetet i Bergen der professor Lise Rakner opplevde at få kvinnelege studentar tok ordet på førelesingar, og ho ville ha eit svar. Kvifor var det slik at det fyrst og fremst var menn som tok ordet på førelesingane?
Spørsmålet til Rakner var det same spørsmålet som eg også hadde stilt meg. Dataa eg samla inn som ein del av doktorgradsprosjektet mitt, synte nokre interessante tendensar på tvers av fag, utdanningsinstitusjon og land: Trass i at både kvinnelege og mannlege studentar var positive til engelsk i høgare utdanning, rapporterte kvinner i større grad språket som ei utfordring og vurderte seg som noko mindre kompetente i engelsk enn sine mannlege medstudentar.
Trass ulike føresetnader for kommunikasjonen, nemleg undervisningsspråk, så var det ein viktig fellesnemnar for dei to eksempla eg syner til her – sjølvtillit. Men kva har sjølvtillit med temaa kjønn og språk å gjere? Lat oss ta eit lite dukk ned i forskingslitteraturen knytt til nettopp språkleg sjølvtillit.
Det er faktisk ein del forsking som tyder på at kvinner deltek mindre aktivt på førelesingar enn sine mannlege medstudentar. I forskingslitteraturen kan ein finne fleire artiklar som handlar om det ein kallar for «the confidence gap», på norsk: sjølvtillitsgapet. I korte trekk viser dette sjølvtillitsgapet at samanlikna med menn så undervurderer kvinner i større grad eigen kompetanse, er meir sjølvkritiske og har høgare terskel for å snakke i forsamlingar. Kommentaren på framsida av Studvest illustrerer dette godt:
Jeg føler ofte at det jeg vil si ikke er relevant for andre, og at det ikke er vits i å ta ordet.

Men om ein finn kjønnsskilnader når undervisningsspråket er norsk, kva skjer om ein introduserer endå ein variabel, nemleg engelsk? Undersøkinga EP Proficiency Index (2017) viser at kvinner i så å seie alle land presterer noko betre enn menn når ein testar engelskferdigheiter. Dersom kvinner generelt sett er meir kompetente i engelsk enn menn, så jamnar det seg kanskje ut i førelesingar der undervisningsspråket er på engelsk? Men så var det dette med sjølvtilliten då, spelar den ei rolle?
Det korte svaret er ja.
Men som vi skal sjå, er det eit komplekst samspel mellom språk, kjønn og sjølvtillit i utdanningskvardagen til studentar.
I undersøkinga som eg gjennomførte frå 2015 til 2017, var det nokre tydelege tendensar. Trass i at både kvinner og menn stort sett var positive til den rolla engelsk spelte i utdanninga, så opplevde kvinner i større grad utfordringar med å meistre engelsk. For å undersøke dette nærare tok eg utgangspunkt i studentar frå Noreg og Finland for å sjå i kva grad det var mogeleg å finne systematiske skilnader mellom kjønn knytt til språkleg sjølvtillit og haldningar til språket eller språka dei møtte i utdanninga si.
Som me såg frå EP Proficiency Index, skårar kvinner jamt betre på testar knytt til engelskferdigheiter enn menn, men i undersøkingar knytt til den opplevde kompetansen vurderer kvinner seg som mindre kompetente. Dette var også tilfellet i undersøkinga mi. Men skilnadene var ikkje store: Medan kvinner vurderte seg som gode engelskbrukarar, vurderte menn seg jamnt over som svært gode i engelsk. Ut frå undersøkinga mi kan ein altså konkludere med at menn er litt meir språkleg trygge i bruken av engelsk enn det kvinner er.
Større skilnader fann eg då eg spurde studentane kor mykje tid dei brukte på å lese og forstå engelske akademiske tekstar, og i kva grad førelesingsspråket påverka den aktive deltakinga deira på førelesingar. Samanlikna med menn rapporterte kvinner at dei brukte meir tid på å hugse og forstå fagstoff i engelske fagtekstar. Samstundes deltok dei i mindre grad i diskusjonar på førelesingar når undervisningsspråket var engelsk. Ein av dei kvinnelege studentane uttrykte det slik:
Jeg lærer veldig godt på engelsk, men hadde nok dessverre ikke turt å spørre om noe på engelsk i forelesning foran alle.
Den kvinnelege studenten som uttrykte dette, hadde eit relativt positivt syn på eigne ferdigheiter i engelsk, men likevel vegra ho seg for å ta ordet. Kompetansen i seg sjølv, både indikert gjennom EF Proficiency Index og studenten sin eigenrapporterte kompetanse, ser difor ikkje ut til å føre til auka deltaking, snarare tvert imot. I denne undersøkinga ser førelesingsspråket ut til å vere endå ein faktor som påverkar den aktive deltakinga i undervisninga negativt.
Samstundes er det slik at ein ikkje berre finn låg sjølvtillit hjå kvinner. Trass i at dei statistiske analysane fann ein klår tendens, var det også innslag av mannlege studentar som vurderte seg som lite kompetente i engelsk, og som fann at bruken av engelsk i undervisninga var utfordrande. Felles for studentane med låg sjølvtillit, uavhengig kjønn, var at dei var mindre positive til bruken av engelsk i undervisninga, dei rapporterte at dei brukte meir tid på å forstå og hugse fagstoffet på engelsk, og dei hadde i mindre grad enn studentar med høg sjølvtillit planar om å studere utanlands.

Så kva kan ein gjere med dette? Ein av dei viktigaste tinga me som er undervisarar, bør gjere, er å erkjenne at språkval (i denne samanheng: norsk elle engelsk) vil påverke undervisninga. Me bør ikkje ta språkkompetansen i det aktuelle språket for gitt. Medan nokre studentar vil handtere vekslinga mellom norsk og engelsk på ein god måte, vil andre derimot ha behov for noko grad av tilrettelegging. Å legge til rette for at språket i seg sjølv ikkje skal hindre deltakinga til studenten, bør vere eit mål for oss alle. Kanskje kan me ta med oss noko frå denne studenten som etterlyste meir medvit kring språkbruk hjå oss undervisarar?
Det tas som en selvfølge at alle kan engelsk, det er ikke tilfellet. Det som dessuten går igjen er at professorer ikke tar høyde for at det er mer krevende å lese vitenskapelige tekster på et annet språk enn norsk. Hvorfor får vi aldri tilbud om et kurs, eller eks et hefte med faguttrykk, men blir bare kastet ut i det?
Vil du vite meir?

I språkpraten min frå 2016, «Språk og meistringstru i internasjonalisering av høgare utdanning», kan du lese meir om rolla til språk i utdanning.
Temaet i språkpraten ovanfor kan du lese meir om i doktoravhandlinga mi Language Use in Higher Education. The student perspective. Denne Språkpraten er basert på dei to artiklane «Students’ perspectives on English medium instruction within higher education : exploring gender differences in Norway and Finland» og «Studentvurderingar av forholdet mellom engelsk og lokale språk på fem nordiske universitet».
I innlegget mitt «Å lese faget med engelske briller» på forskning.no frå 2020, kan du lese meir om korleis innføringa av faglitteratur på engelsk, ikkje berre fører med seg ei endring i språket, men også referanserammene som me les og forstår faget gjennom.
I rapporten EF English Proficiency Index frå 2017 kan du lese meir om engelskferdigheiter. Den nyare rapporten frå 2021 syner faktisk at kjønnsskilnadene mellom menn og kvinner blir mindre.
Dersom du ynskjer å lese meir om rolla som sjølvtillit spelar i utdanning, så kan desse to artiklane vere interessante: