Skyer opptrer som kjent i mange ulike former og format. Men veit du kva dei ulike skytypane heiter, og korleis skyene fekk sine vitskaplege namn? Og veit du kva type vêr dei ulike skytypane indikerer? Desse spørsmåla får du svar på i denne tverrfaglege språkpraten som gjev deg både språkleg og meteorologisk kunnskap.

Av Anders Doksæter Sivle, forskar ved Meteorologisk institutt i Bergen, og Helga Mannsåker, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

Kva slags namn hadde me i Norden i jernalder og vikingtid, og kva rekna ein for oppkalling på denne tida? Her får du ei kort innføring i ein namnetradisjon me har hatt i Skandinavia sidan før ein byrja å rista runer, og korleis desse skikkane speglar seg i dagens namnebruk.

Av Krister SK Vasshus, stipendiat i nordisk språkvitskap tilknytt Språksamlingane ved Universitetet i Bergen

Om revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Du står kanskje bak eitt eller fleire av dei nærmare 54 000 000 søka som blei gjorde i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor? Har du i så fall lagt merke til at ordbøkene har med ord som amtmanninne og aftentrekning, men ikkje hipster og flatskjerm? Dei inneheld mykje gammalt og lite nytt. Det er på tide med ei oppdatering, og denne språkpraten handlar om korleis me jobbar med revisjonen av ordbøkene.

Av Bente Selback, redaktør i revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Bergen

I godt over hundre år har halvemål blitt brukt som fagterm for ei mer eller mindre systematisk utelating og innsetting av h-lyd foran vokaler, altså at for eksempel hest blir uttalt est, eller at Ola blir Hola. I denne språkpraten tar vi en kikk både på fenomenet som termen er brukt om, og på historia til sjølve termen.

Av Stian Hårstad, professor i nordisk språkvitenskap ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU

Språket vårt er fullt av døde metaforar som ein gong var levande: kreative, assosiasjonsrike ord og uttrykk som tilførte språket noko nytt – heilt til dei blei brukt opp. Døme på dette er uslepen diamant, tidspress og trykke på stoppknappen. Kva er det som gjer at ein metafor døyr, kva var det som gjorde at den blei mykje brukt i utgangspunktet – og kva skal til for at ein død metafor vaknar opp att?

Av John Magnus Dahl, stipendiat i informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen

For mange nordmenn, kanskje spesielt på Vestlandet, er kålrabi en viktig grønnsak nå om høsten – og ikke minst til jul. For hva er vel en pinnekjøttmiddag uten kålrabistappe? Men heter det kålrabi eller kålrot? Og hva heter egentlig kålrabi på engelsk? I denne språkpraten skal jeg fortelle om navnet på denne rotfrukten, og ikke minst hvorfor vi kan takke svenskene for kålrabien.

Av Klara Sjo, universitetslektor ved Norges Handelshøyskole

Når vi lurer på hvorfor en grammatisk finurlighet i et språk er som den er, bør vi ikke spørre: «Hvorfor er det sånn?» Nåtida gir nemlig sjelden noe godt svar. Vi skulle heller spørre: «Hvordan har det blitt sånn?» For alle språk er utvikla over lang tid. Historia om norsk starta for flere titalls tusen år siden, lenge før Norge og norsk fantes. Språket er skapt og omskapt gjennom ei uendelighet av slektsledd.

Av Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen

Ordet travel vart nytta 698 gonger i norske aviser i desember månad, og då med ein klår topp juleveka.[i] Ein svensk kjenning elskar ordet, reknar det som særnorsk og gjorde forsøk på å innføra det i svensk. Det funka ikkje. Men ordet er lånt inn i norsk – og er eit strålande døme på korleis ordtydingar endrar seg over tid og landegrenser. 

Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen (ibb@nla.no)