Om revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Du står kanskje bak eitt eller fleire av dei nærmare 54 000 000 søka som blei gjorde i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor? Har du i så fall lagt merke til at ordbøkene har med ord som amtmanninne og aftentrekning, men ikkje hipster og flatskjerm? Dei inneheld mykje gammalt og lite nytt. Det er på tide med ei oppdatering, og denne språkpraten handlar om korleis me jobbar med revisjonen av ordbøkene.
Av Bente Selback, redaktør i revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Bergen