Mykje av intensjonen med den nye læreplanen LK20 går på å gje elevane overføring av kunnskap frå eitt domene til eit anna. I denne språkpraten viser eg kor mykje læring det kan vera i å fordjupa seg i eit autentisk talemålsmateriale, og korleis elevane kan få ein smak av sosiolingvistisk forsking.
Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen
Utdanningsdirektoratet seier på nettsida si om djupnelæring at djupnelæring handlar om at elevane gradvis skal utvikla kunnskap og varig forståing. Dei skal læra seg omgrep, metodar og bli i stand til å sjå samanhengar innanfor faget og mellom ulike fagområde. For å nå dette målet skal elevane få reflektera over eiga læring, og dei skal bruka det dei lærer, på ulike måtar i kjende og ukjende situasjonar. Dette kan gjerast individuelt eller saman med andre.
Arbeid med sosiolingvistikk, dvs. kopling mellom språk og samfunn, er tydelegast inne i kompetansemåla på 10. trinn og på vg3 i den nye læreplanen i norsk frå 2020 (LK20).
10. trinn:
- utforske språkleg variasjon og mangfald i Noreg og reflektere over haldningar til ulike språk og talespråkvariantar
Vg3:
- gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet

I denne språkpraten skal eg gje nokre konkrete døme på ein måte å arbeida med dialektar på som kan gje djupnelæring. Eg tek då utgangspunkt i den digitale nettressursen Dialektbasen for Sogndal, som eg har utvikla med utgangspunkt i mi eiga forsking om sogndalsdialekten.

I Dialektbasen for Sogndal er det samla inn talemålsprøvar frå 135 stemmer fordelt på 101 personar frå Sogndal. Her er lydsnuttar på ca. 4 minutt for kvart opptak, transkribert tekst til nynorsk, seks markerte språktrekk som elevane sjølve kan «gå på jakt etter» i tekstane, og fleire sosiolingvistiske bakgrunnsvariablar (alder, kjønn, opptakstidspunkt, yrke, utdanning og foreldrebakgrunn) som dei språklege funna kan koplast mot, og som ein deretter kan få sett resultata av i graf-form. Denne basen er såleis tenkt som eit mest mogeleg autentisk dialektlandskap der elevane kan prøva seg som språkforskarar, og er laga nettopp for at elevar skal kunna driva med djupnelæring i talemål.

Kjerneelementet Språket som system og moglegheit i LK20 opnar for at elevane treng eit omgrepsapparat i grammatikk, og at dei ved hjelp av dette skal få sjanse til å utforska språket nærare. Dialektbasen for Sogndal tek utgangspunkt i at elevane kjenner og kan finna former av verb og substantiv. Basen byggjer også på terminologi som dei kan kjenna att frå arbeid med heimfesting av dialektar. Viss dette er ukjent, vil dei likevel kunna få ei innføring i aktuelle språktrekk i sjølve basen.

Dialektbasen skal kunna invitera til mange ulike innfallsvinklar og problemstillingar. Det er fint om spørsmåla kjem frå elevane sjølve. Kva lurer dei på? Kva har dei lyst til å finna ut?
Grammatiske omgrep er ein reiskap for å gå i gang med språklege analysar. Her er døme på nokre overordna spørsmål som elevane kan stilla i utforskinga av basen:
- Korleis står det til med bøyingsendingane i fleirtal av substantiv?
- Er e-infinitiv i ferd med å ta over i Sogndal?
- Korleis står det til med segmentasjon og differensiering i Sogndal?
Ut frå kjerneelementet Språkleg mangfald skal elevane blant anna kunna forstå sin eigen og andre sin språklege situasjon, og dei skal ha innsikt i samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Autentiske talemålsopptak der dei kan finna språkleg variasjon, er nettopp noko som kan bidra med å gje dei unge eit realistisk bilete av språkleg talemålsvariasjon på ein stad. Ved hjelp av enkle verktøy kan dei prøva å utforska om det finst nokon mønster i denne variasjonen ved å sjå nærare på ulike sosiale bakgrunnsvariablar.

Når ein kombinerer språklege trekk med sosiale trekk, får ein sosiolingvistikk. Elevane kan til dømes spørja om dette:
- Er det skilnader på språket i Dalen og Norane?
- Er det skilnad på språket til dei eldste kvinnene og mennene?
- Korleis er fordelinga av a- og e- infinitiv hjå ungdom i 2001 og 2016?
- Kva språklege skilnader finn ein mellom personar som har ingen eller to foreldre frå Sogndal?
- Endrar personar språket sitt i løpet av livet?
Dialektbasen inviterer elevane med inn i ein samansett tekst med verbaltekst på nynorsk, bilete, diagram, grafar og lyd på talemål. Her kan dei få kjennskap til samtid og nær fortid, få eit blikk inn i andre menneske sine tankar om utviklinga av ei bygd, skuletid og eit nærmiljø. Dei kan bli engasjerte, undra seg og læra noko som har overføringsverdi til deira eige språk og livsverd.
I basen er det er autentiske personar som fortel om oppvekst og skulekvardagen sin i ein bygdeby gjennom eit 100-års perspektiv. Ein finn bakgrunnsinformasjon og lydsnuttar til 101 personar. Lydprøvane er samla inn på fire ulike opptakstidspunkt. I den første opptaksrunden i 1996 var det med personar i aldersspennet 17–83 år frå Sogndal. Både i 2001 og 2016 vart det lagt inn personar i ungdomsskulealder. I 2017 vart det dessutan gjort opptak med personar som anten var med i 1996 eller i 2001. Desse er såleis vorte 20 eller 15 år eldre og utgjer det som vert kalla panel i databasen. Ein kan med andre ord samanlikna språket i Sogndal på ulike tidspunkt, og ein kan undersøkja språket til ein og same person i verkeleg tid.
Det sosiolingvistiske arbeidet kan gjerast direkte på datamaskinen. Både lyd og nynorsktekst er tilgjengeleg heile tida. Når ein finn det språktrekket som skal analyserast, klikkar ein på ordet og får opp ein avkryssingsboks. Her er eit døme på dette:

Det er elevane sine eigne øyro som avgjer kva dei høyrer, og kva alternativ dei skal velja. Når alle analysane er ferdige, kan ein gå inn på «graf» og få ei visualisering i form av søylediagram. Her kan ein velja kva trekk ein vil få framstilt på x-aksen og y-aksen. Så lenge ein ikkje vel å trykkja på søppelbøtteikonet og stadfestar at ein vil sletta analysane som er gjorde, vil ein halda fram der ein var, når ein koplar seg på den same maskinen på eit seinare tidspunkt. Ein kan såleis jobba med det same materialet over fleire dagar.

Når elevane sjølve kan undra seg og gå på oppdagingsferd og gjera analysar på eiga hand, får dei eit heilt anna eigarskap til det dei arbeider med. Dei ser at dei treng grunnleggjande grammatikkferdigheiter for å kunna finna infinitivar, bunden form av hokjønnsord, diftongering, differensiering og segmentering. Samstundes vil dei bli i stand til å gjera eigne analysar og koma fram til svar på ei eiga problemstilling. Her kan dei gjerne samarbeida, eller dei kan arbeida kvar for seg. Problemstillingane kan vera omfattande eller svært avgrensa ved å romma få eller mange enkeltanalysar. Såleis kan arbeid i denne basen også lett kunna tilpassast elevar med ulik arbeidskapasitet.
Elevane treng slett ikkje vera frå Sogn for å jobba med dialektbasen frå Sogndal. Meininga er derimot at ein med denne basen skal få ein unik sjanse til å gå inn i eit digitalt sosiolingvistisk laboratorium. Med autentiske talemålsopptak av 101 personar, som er samla inn gjennom ein periode på over 20 år, kan elevane her få utforska reell talemålsvariasjon. Dei kan få høve til å gå meir i djupna på eit lærestoff og såleis opparbeida seg ei viktig røynsle som kan takast med også i arbeid med deira eige språk.

Dialektdatabasen er laga for at elevane skal utforska og eksperimentera, slik læreplanen ønskjer. Dei skal få trening i å laga eigne problemstillingar, sjanse til å fordjupa seg i eit talemål og såleis også få ein smak av sosiolingvistisk forsking. Samstundes er dette arbeidet både i samsvar med djupnelæring og med fleire kjerneelement og kompetansemål i norskfaget.
Vil du vita meir?
Denne språkpraten tek utgangspunkt i den digitale dialektbasen «Dialektbasen for Sogndal», som du finn her.
Viktige nettsider for innhaldet i denne språkpraten er nettsida «Dybdelæring», med Utdanningsdirektoratet si forklaring av djupnelæring, som du finn her, og den nye læreplanen i norsk, som du finn her.
Vil du vita meir om korleis individ endrar (eller ikkje endrar) på språket sitt etter kvart som dei blir eldre, kan du lese Per Sigmund Sævik Bøe sin språkprat «Endrer man språket gjennom livet?» frå 2017.