Nynorsk som sidemål? Nynorsk som bruksspråk!

Å lese nynorskromanar i norsktimane er fint, men dersom føremålet er at bokmålselevane skal bli trygge nynorskskrivarar med gode haldningar til sidemålet sitt, har det vel så mykje føre seg at matematikklæraren skriv nynorsk på tavla. I denne språkpraten kan du lese om kva forsking viser om korleis elevar med nynorsk som sidemål både kan få betre ferdigheiter i og meir motivasjon for nynorsk.

Av Eline Bjørke, universitetslektor i nordisk språk ved Universitetet i Innlandet, og Elise Takle, universitetslektor i norskdidaktikk ved OsloMet

Elevar i norsk skole skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål frå ein er ganske ung. Læreplanen for norskfaget seier at elevar med bokmål som hovudmål skal kunne lytte til nynorske tekstar frå første- og andreklasse og kunne lese nynorske tekstar sjølv etter fjerde klasse. Kva slags tekstar det er snakk om, varierer: Det kan vere romanar, noveller og avisartiklar, men det kan også vere i autentiske meldingar eller at læraren skriv nynorsk på tavla. Dette siste, å bruke nynorsk til å kommunisere med i autentiske skrivesituasjonar, kallar ein å gjere nynorsk til eit bruksspråk.

Å gjere nynorsk til bruksspråk handlar om at ein lar nynorsk vere undervisningsspråk når ein jobbar med ulike emne i ulike fag. Det er viktig at dette skjer «utan at ein tematiserer at dette er nynorskopplæring», slik Kristin Sjøhelle skriv i språkpraten «Nynorsk språkbad eller språkdusj i sidemålet?». Tilnærmingar med nynorsk som bruksspråk har mange fordelar, både for språkferdigheiter og for haldningar til og motivasjon for nynorsk. Likevel verkar ikkje dette å vere ein utbreidd praksis i skulane, og det blir heller ikkje spegla i faglitteraturen om lesedidaktikk og norskdidaktikk som lærarar og lærarstudentar møter.

Sentralt i det å gjere nynorsk til bruksspråk i klasserommet er det å bruke nynorsk som undervisningsspråk i ulike fag, til dømes i matematikk. Illustrasjonsfoto: privat.

Denne språkpraten bygger på ein oversynsstudie der vi har undersøkt kva rolle lesing på nynorsk kan og bør ha i sidemålsopplæringa, og kva fag- og forskingslitteratur seier om dette. Med nemninga fag- og forskingslitteratur meiner vi både tekstar som er fagfellevurderte, men òg tekstar som er faglege, men ikkje fagfellevurderte, som lærebøker som rettar seg mot lærarstudentar.

Vi valde å gå breitt ut då vi søkte etter tekstar, sidan det finst lite forsking om lesing på nynorsk som sidemål, og fordi vi ville fange opp breidda i det som finst. Tekstane vi har undersøkt, rettar seg mot alle skuletrinn og er alle publiserte etter 2006. I materialet er det til saman 28 tekstar som dreier seg om nynorsk som sidemål og lesing i vid forstand: éi doktorgradsavhandling, fem vitskaplege artiklar, sju masteroppgåver, fem kapittel frå fem ulike bøker om norskdidaktikk og ti kapittel frå tre ulike bøker om nynorskdidaktikk.

Lesing av tekstar på både bokmål og nynorsk er eit mål i læreplanen i norsk alt etter fjerde trinn. Til då skal elevane også kunne «utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål». Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Sjølv om nynorskelevar og bokmålselevar skal nå dei same læreplanmåla, har dei særs ulike utgangspunkt når dei skal lære å lese og skrive sidemålet sitt, noko Hjalmar Eiksund drøftar i artikkelen «Eitt språk – to kompetansar. Føresetnadar for sidemål» frå 2017. Det ser nemleg ut til at det er mykje enklare for nynorskelevar å lære seg å skrive bokmål enn det er for bokmålselevar å lære seg nynorsk. Denne forskjellen i sidemålskompetanse har mykje å gjere med i kva grad elevane møter sidemålet sitt rundt seg: Nynorskelevar kjenner bokmål godt fordi bokmål er mykje brukt også i område der det er meir vanleg med nynorsk, medan bokmålselevar møter lite nynorsk både gjennom skuledagen og utanfor skuletida. Fleire av tekstane i studien vår peikar på at ein bakgrunn for dette er at det er for lite nynorsk i teksttilfanget elevane møter både utanfor og i skulen, til dømes i digitale ressursar og i lærebøker. Tekstane presenterer samtidig også fleire løysingar som kan bøte på desse manglane.

Bokmålselevar og komande bokmålselevar møter for lite nynorsk i tekstane dei les både utanfor og i skulen. Dette gjer det vanskelegare for dei å utvikle god sidemålskompetanse. Illustrasjonsfoto: privat.

I studiane som er gjort på samanhengen mellom lesing og skriving på nynorsk, er konseptet nynorsk som bruksspråk ein gjennomgåande suksessfaktor. Det å bruke nynorsken i autentiske skrivesituasjonar  gjer at elevane får lese meir nynorsk, noko som gjer dei til tryggare skrivarar. I tillegg aukar motivasjonen deira for å skrive nynorsk, fordi det å møte nynorsk som bruksspråk har ein legitimerande effekt. Elevane blir nemleg vane med nynorsk og erfarer at nynorsk er eit språk som kan brukast i alle samanhengar. Samla ser det dermed ut til at denne tilnærminga både gir elevane betre ferdigheiter i nynorsk og fører til at elevane blir meir motiverte og får betre haldningar til nynorsk.

I forskinga si på nynorsk som bruksspråk har Kristin Sjøhelle utvikla omgrepet nynorsk språkdusj. I den tidlegare nemnde språkpraten hennar gjer ho greie for korleis dette omgrepet er inspirert av såkalla språkbadsmetodikk og tilpassa den norske språkstoda med nynorsk og bokmål. Kort oppsummert handlar nynorske språkdusjar om å bruke nynorsk litt og ofte i kvardagen, og dette verkar å ha god effekt.

Omgrepet nynorsk språkdusj, som er omtalt av Kristin Sjøhelle i mellom anna språkpraten «Nynorsk språkbad eller språkdusj i sidemålet?» (2018, 3. august) viser til noko som kan ha mykje å seie for sidemålskompetansen til elevar med nynorsk som sidemål. Kjelde: Språkprat

Ein nynorsk språkdusj kan til dømes vere at læraren bruker nynorsk i kommunikasjon med elevane på digitale læringsplattformer. Det kan også vere at læraren presenterer aktuelle tekstar, gir matteoppgåver eller har faglege presentasjonar på nynorsk, utan at det er nynorsk som er det faglege temaet. I forskinga finn vi støtte for at det er gode grunnar til å dusje elevane med nynorsk også utanfor norskfaget. Ein måte å gjere dette på, som forskinga finn fleire positive resultat med, er å bruke lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk.

Trass i dei positive effektane ved å gjere nynorsk til bruksspråk på skulen tyder ikkje forskinga på at praksisen er utbreidd i klasseromma. Når elevane skal lese nynorsk i norsktimar, vel lærarane i hovudsak skjønnlitteratur. Dette kan sjølvsagt fungere som eit språkleg føredøme for elevane og såleis hjelpe elevane vidare. Fag- og forskingslitteraturen trekker også fram det å lese nynorsk skjønnlitteratur som ein sentral del av nynorskopplæringa.

Samtidig finn vi det interessant at desse påstandane om lesing av nynorsk skjønnlitteratur i liten grad er forankra i forsking. Det at vi ikkje har forsking som kan vise ein samanheng mellom å lese nynorsk skjønnlitteratur og positive haldningar og betre skriveferdigheiter i nynorsk, treng sjølvsagt ikkje bety at denne samanhengen ikkje finst. Eit av dei mest sentrale funna i oversynsstudien vår er nemleg at det er lite forsking på det å lese nynorsk som sidemål i det heile.

Det å lese nynorsk skjønnlitteratur har blitt sett som ein sentral del av nynorskopplæringa, men det er truleg vel så viktig å bruke nynorsken i autentiske skrivesituasjonar. Illustrasjonsfoto: privat.

Å lese nynorsk skjønnlitteratur har ein verdi i seg sjølv, og det er noko ein bør halde fram med i skulen. Men for å styrkje sidemålskompetansen til elevar med nynorsk som sidemål ser det ut til, ut frå det ein veit frå forsking, at det å bruke nynorsk som bruksspråk er det som gir mest positive effektar for både skriveferdigheiter og for motivasjon.

Vil du vite meir?  

Innlegget vårt tar utgangspunkt i eit kapittel vi skreiv til boka Tekster og lesere: et nærmere blikk på ungdomstrinnet. Du kan lese heile kapittelet her. 

Kristin Kibsgaard Sjøhelle har skrive ein språkprat om nynorske språkdusjar. Den kan du lese her: Nynorsk språkbad eller språkdusj i sidemålet? 

I den vitskaplege artikkelen “Språkdusj i nynorskopplæringa. Ei undersøking av språkbadspedagogikk som utgangspunkt for sidemålsopplæring” kan du lese meir om funna til Kristin Sjøhelle.

Traavik og Jansson har gjort ein studie der det å lese nynorsk har vore sentralt. Det kan du lese om her: NL1_2017_Jansson_Traavik.pdf

Viss du vil teste ut å bruke nynorsk som bruksspråk i undervisninga, kan du få gode råd i dette undervisningsopplegget.