Lærarar er både språkbrukarar og språklærarar i andrespråksklasserommet. I denne teksten skal me sjå nærmare på den talespråklege variasjonen til lærarar, nærmare bestemt korleis lærarar snakkar i undervisninga når elevar lærer nynorsk som sitt andrespråk, og kvifor lærarane snakkar som dei gjer.

Av Brita Høyland, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet

Om revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Du står kanskje bak eitt eller fleire av dei nærmare 54 000 000 søka som blei gjorde i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor? Har du i så fall lagt merke til at ordbøkene har med ord som amtmanninne og aftentrekning, men ikkje hipster og flatskjerm? Dei inneheld mykje gammalt og lite nytt. Det er på tide med ei oppdatering, og denne språkpraten handlar om korleis me jobbar med revisjonen av ordbøkene.

Av Bente Selback, redaktør i revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Bergen

Du har sikkert høyrt at folk kan seie noko slikt som at «der snakkar dei nynorsk» eller «han snakkar meir bokmål enn meg». Kanskje irriterer du deg over dette, sidan omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ viser til skriftspråk og ikkje til talemål. Det gjorde i alle fall eg – heilt til eg bestemte meg for å ta dei på alvor. Kva meiner eigentleg folk når dei seier at nokon snakkar bokmål eller nynorsk?

Av Randi Neteland, postdoktor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

I jakta på gode måtar å arbeide med opplæring i nynorsk som sidemål har mange lærarar og elevar prøvd å bruke nynorsk som bruksspråk i norskfaget. Med nynorsk som bruksspråk lar ein sidemålet få vere undervisningsspråk medan ein arbeider med ulike faglege emne, utan at ein tematiserer at dette er nynorskopplæring. I dette innlegget får du døme på ein slik arbeidsmåte i nynorsk som sidemål.

Av Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda

Det særmerkte med språksituasjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Slik er det til dømes også i Sveits, der både tysk, fransk og italiensk er offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving og bøying, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre. I dette innlegget skal vi først sjå kort på kvifor vi har fått denne særmerkte språksituasjonen, før vi skal sjå nærmare på korleis valfridomen i den offisielle norma for nynorsk blir brukt i faktiske tekstar.

Av Stig J. Helset, førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda