Nynorsk i overgangen frå barnehage til skule

Dei fleste born i Noreg har god kjennskap til bokmålsnær tale når dei byrjar på skulen. Dette er ein stor ressurs for bokmålselevar. Men kva har nynorskelevane med seg når dei byrjar på skulen? Forskingsprosjektet MultiLit har undersøkt korleis språkmiljøet i barnehagen førebur born på lese- og skriveopplæring i og på nynorsk i ein nynorskkommune.

Av Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda

Den norske barnehagen skal ikkje gje opplæring i lesing og skriving, men han skal gje borna skriftspråkstimulering og invitera til utforsking av både munnlege språk og skriftspråk, ifylgje Rammeplan for barnehagen. Barnehagen skal altså ynskja borna velkomne inn i skriftspråket og gje dei positive opplevingar og tilhøyrsle i skriftkulturen. Samstundes er det slik at når borna er ferdige i barnehagen, så vert dei anten nynorskelevar eller bokmålselevar. Korleis førebur barnehagen dei på det? Dette har me sett på i forskingsprosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa (MultiLit) ved Høgskulen på Vestlandet.

I Noreg skriv mange elevar både bokmål, nynorsk og dialektnær skrift. Dette var utgangspunktet for forskingsprosjektet MultiLit ved Høgskulen på Vestlandet, som varte frå oktober 2020 til mars 2026. Eit sentralt mål har vore å «undersøke om – og i så fall korleis – det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment». Kjelde: Høgskulen på Vestlandet

Dette spørsmålet er viktig fordi skriftspråka born er omgjevne av, er med på å gje dei kunnskap om korleis dei skal skriva. Born som ikkje kan lesa og skriva enno, møter skriftspråk både gjennom skrift dei ser, og gjennom det dei høyrer, til dømes ved høgtlesing. Me veit frå studiar av elevtekstar på ulike klassetrinn at nynorskelevar har utfordringar med å skriva nynorsk rett. Desse utfordringane kan mellom anna knytast til for lite eksponering for nynorsk.

Bror Magnus Sviland Strand fann i ein studie frå 2022 at born i barnehagen brukar talt bokmål (bokmålsnær tale) / standard austnorsk i rolleleik, og at dei har ei utvikling dei siste åra i barnehagen der dei vert både flinkare i talt bokmål og betre til å skilja mellom lokal dialekt og talt bokmål. Denne kunnskapen er ein kjemperessurs for bokmålselevane, men kva ressursar har nynorskelevane med seg til skulen? Dersom nynorskelevane har med seg mindre kunnskap om skriftspråket sitt inn i skulen enn kva bokmålselevane har om sitt, gjer det vegen til å læra å lesa og skriva lenger enn han hadde trengt å vera.

Det er vanleg at born bruker talt bokmål / standard austnorsk når dei leiker. Illustrasjonsfoto: privat.

I barnehagedelen av forskingsprosjektet MultiLit tok me utgangspunkt i dette spørsmålet: Korleis førebur språkmiljøet i barnehagen born på lese- og skriveopplæring, som i nynorskkommunar vil seia lese- og skriveopplæring på nynorsk? For å finna svar på dette undersøkte me styringsdokument og var på besøk i to barnehagar i nynorskkommunar for observasjon.

Dei overordna styringsdokumenta for barnehagen, barnehagelova og Rammeplan for barnehagen, nemner ikkje nynorsk og bokmål. Det finst også eit lokalt vedteke styringsdokument for språkbruk i kommunen generelt: Den kommunale språkprofilen. Den seier at kommunen skal bruka nynorsk og lokalt talemål, men det er usikkert om den vert rekna som styrande for den pedagogiske verksemda til dei tilsette i barnehagen. Årsplanane i barnehagane seier ingenting om nynorsk eller bokmål.

Denne bursdagsplakaten er eit døme på sjølvlaga materiell på nynorsk i ein av barnehagane som me besøkte. Foto: Jorunn Simonsen Thingnes.

Det at nynorsk ikkje er nemnt i dei barnehagefaglege styringsdokumenta, inneber samtidig ikkje at barnehagane er nynorskfrie. I prosjektet var me også i to barnehagar gjennom ei veke for å observera språkbruken der. Når me studerte det lingvistiske landskapet, det vil seia kva for språk som var synlege i barnehagerommet, fann me både nynorsk og bokmål. Nynorsk var fyrst og fremst synleg i materiell som barnehagen hadde laga sjølv. Døme på dette er bursdagsplakatar (sjå illustrasjonen ovanfor), songark på veggen og ei dagtavle (sjå illustrasjonen nedanfor). Det materiellet som var på bokmål, var gjerne materiell produsert av eksterne aktørar, til dømes ein brannsongplakat.

Eit anna døme på sjølvlaga materiell på nynorsk var denne dagtavla. Ei dagtavle vert gjerne brukt i samlingsstund i barnehagen, til dømes for å snakka om og visualisera informasjon om dagen i dag og aktivitetar. Foto: Gudrun Kløve Juuhl.

Bøker har ein spesiell plass i det lingvistiske landskapet i ein barnehage, ettersom høgtlesing og bokaktivitetar er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet. Medan det meste av det sjølvlaga materiellet i dei to barnehagane var på nynorsk, var bokkassene i barnehagane dominerte av bokmål, ved at 82 av 106 bøker i den eine barnehagen, og 27 av 37 bøker i den andre barnehagen var på bokmål. Dette legg premissar for kva skriftspråk borna møter i høgtlesing.

For å studera kva slags skriftspråk borna kom i kontakt med i barnehagen, studerte me også literacy-hendingar og kva språk som vart brukte der. Literacy-hendingar er situasjonar der nokon gjer noko med skrift eller tekstar. Dei er eit møtepunkt mellom barnehageborna og skriftspråk, og også eit «rom» for aktørar, særleg dei barnehagetilsette, sine skriftspråklege val.

Den literacy-hendinga som i størst grad gav ungane møte med nynorsk i desse barnehagane, var synging. Begge barnehagane hadde utvalde songar på nynorsk som dei song i samlingar, og der songarka hang på veggen, klare til å brukast. Synging var også ei literacy-hending som kunne innebera forhandling om språk. Eit døme er eit tilfelle der ein tilsett som leidde ei samling, ville syngja ein venesong, og leita han fram på mobilen, men berre fann songen i bokmålsversjon. Då valde ho å simultanomsetja songen til nynorsk / nynorsknær dialekt og syngja slik at ho overdøyvde bokmålssongen frå telefonen.

Høgtlesing og bokaktivitetar er literacy-hendingar, dvs. situasjonar der nokon gjer noko med skrift eller tekstar. Dette gjeld både når det skjer i barnehage eller skule, og når det skjer privat. Illustrasjonsfoto: privat.

I kva grad høgtlesing og bokaktivitetar gav møte med nynorsk i desse to barnehagane, kan diskuterast. Bøker på bokmål og nynorsk var til stades i begge barnehagane, men bokmål dominerte som nemnd både i bokkassene og når det galdt kva bøker som vart lesne. Bøker på bokmål vart lesne eller fortalde på bokmål, på eige talemål eller ved veksling mellom bokmål og eige talemål. Bøker på nynorsk vart lesne eller fortalde på eige talemål eller ved veksling mellom nynorsk og eige talemål. Borna såg nynorsk skrift i lesestundene, men i kva grad dei høyrde nynorsk, og såleis kunne byggja opp ein lydleg språkkunnskap som kan vera ein ressurs når dei lærer å skriva nynorsk på skulen, er usikkert.  

Så, oppsummert: Kva får komande nynorskelevar med seg av nynorskressursar over i skulen? Det fyrste svaret er at dette er heilt uregulert og tilfeldig. Det står ikkje noko i rammeplanen om at born som skal verta nynorskelevar, har rett til å møta nynorsk i barnehagen. Likevel møtte borna i desse barnehagane ein del nynorsk. Dette skjedde på grunn av barnehagetilsette sine språkpolitiske val, som til dømes val av songar på nynorsk og simultanomsetjing av songar frå internett. Det mest slåande for oss som gjennomførte forskinga, er dette: Kvifor får ikkje barnehagetilsette støtte til nynorsk språkstimulering frå styringsdokument og læringsressursar? Kvifor må dei stå åleine i dette arbeidet?

Komande nynorskelevar treng mykje eksponering for nynorsk, mellom anna ved å få høyra opplesen nynorsk. Samtidig er dei fleste barnebøkene på bokmål. Illustrasjonsfoto: privat.

Til slutt: Kva treng desse borna når dei møter skulen? Det fyrste dei treng, er stor nok eksponering for nynorsk. Nynorskelevane møter nynorsk i lærebøker, men kva skriftspråk møter dei på skule-nettbrettet når dei ser rundt seg på veggane i klasserommet, i lesekvarten eller i songane som klassen syng? Det andre dei treng, er å oppleva å vera ein del av ein språkleg fellesskap: at det vert sagt eksplisitt at me skriv nynorsk, og at nynorsk vert verdsett i klassefellesskapen. På denne måten kan skulen gje nynorskelevane ein god start på skulelivet.

Vil du vita meir?

Studien som denne språkpraten byggjer på, er skildra grundigare i denne artikkelen:

Bjørhusdal, E., Juuhl, G. K., & Thingnes, J. S. (2024). Language policy on the ground in Norwegian kindergartens. Linguistics and Education, 81.

Korleis born tileignar seg skrift og skriftnormer, kan du lesa om i desse studiane:

Treiman, R., & Kessler, B. (2014). How children learn to write words. Oxford University Press.

Skaathun, A. (2007). Staveferdigheit. Ei undersøking av stavetileigning i norsk barneskule [Doktoravhandling, Universitetet i Stavanger]. Stavanger.

Kva utfordringar nynorskelevar har med å skriva nynorsk rett, kan du lesa om i desse artiklane:

Bjørhusdal, E., & Juuhl, G. K. (2017). Bokmålsavvik frå norma i sjetteklassetekstar. Maal og Minne, 2017(1).

Helset, S. (2026). Influence of dialect on texts written by Nynorsk-minority language students in Western Norway and Bokmål-majority students in Northern Norway. International Journal of Multilingualism. https://doi.org/ https://doi.org/10.1080/14790718.2026.2659363

Artikkelen «Utfordringar for nynorskelevane i ei digitalisert skriveopplæring» av Juuhl, Bjørlykke og Spilling (2026) handlar om det å tileigna seg normkompetanse som fersk skrivar og nynorskelev i digitaliserte omgjevnader prega av bokmål. Den finn du i Nordic Journal of Literacy Research, 12 (1).

Er du interessert i bokmål og språkveksling i rolleleik, kan du sjå på doktoravhandlinga til Bror Magnus Sviland Strand: The roles role play plays: The form and function of bilectal codeswitching in North Norwegian pre-school children’s role play. Oda Steindal Romarheim har også nyleg levert doktoravhandling om det same temaet: Variasjon og utvikling i eit bokmålsnært talemål i sørvestnorske barnehageborns rolleleikregister. I studien hennar er bruken av talt bokmål i rolleleik mindre dominerande.