Nynorsk språkbad eller språkdusj i sidemålet?

I jakta på gode måtar å arbeide med opplæring i nynorsk som sidemål har mange lærarar og elevar prøvd å bruke nynorsk som bruksspråk i norskfaget. Med nynorsk som bruksspråk lar ein sidemålet få vere undervisningsspråk medan ein arbeider med ulike faglege emne, utan at ein tematiserer at dette er nynorskopplæring. I dette innlegget får du døme på ein slik arbeidsmåte i nynorsk som sidemål.

Av Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda

I læreplanen (LK 13) står det at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk når dei går ut av ungdomstrinnet. Det er utfordrande å imøtekomme dette kravet, både for lærarar og elevar, fordi det tar tid og krev mykje innsats å bli ein trygg språkbrukar. Nynorsk blir av mange oppfatta som eit skriftspråk som ikkje eignar seg til dagleg bruk, som er vanskeleg å meistre, og som til naud kan høyrast fint ut i skjønnlitterære tekstar. Dei største utfordringane ligg likevel i at nynorsk er lite synleg i kvardagen til bokmålselevane, og at nynorskopplæring blir assosiert med einsidig arbeid med rettskrivingsreglar og grammatikk.

Om elevane skal kunne få tilgang til eit bruksspråk på nynorsk, må dei også oppleve at nynorsk er i bruk i mange ulike tekstarenaer. Dette var utgangspunktet for eit forskingsprosjekt der formålet var at både elevane og læraren i ei Vg3-klasse med nynorsk som sidemål skulle «bade» i nynorsk i alle norsktimar gjennom eitt skoleår: på tavla, i presentasjonar, planar og dokument, i digital kommunikasjon og i mange mindre skriveoppgåver gjennom året. Dei nytta den digitale læringsplattforma aktivt som kommunikasjonsarena, og i tillegg  las klassa ei rekke nynorske tekstar, både lange og kortare tekstar.

Sjohelle.1
Læraren spelar ei viktig rolle når nynorsk skal nyttast som bruksspråk, både som nynorskbrukar sjølv og med tett oppfølging av skrivinga til den enkelte eleven. Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret.

 

Det å tileigne seg eit språk ved å bruke det som undervisningsspråk er ikkje nokon ny arbeidsmåte. Metoden oppstod på 60-talet i Canada som ein alternativ måte å undervise elevane i både fransk og engelsk. I dag er språkbadsmetoden både anerkjent og godt etablert i mange land. Språkbad er eit biletleg uttrykk for at ein utset elevar for store mengder av språket dei skal lære, og at dei tileignar seg språket ved å leve – eller «bade» – i det, parallelt med at dei nyttar førstespråket sitt. Metoden er forankra i sosiokulturell læringsteori, og i ideen om at språk først og fremst er dialog og kommunikasjon, ikkje grammatikk og rettskriving.

Sjohelle.2
Eit biletleg uttrykk for å tileigne seg eit språk ved å møte store mengder av det, er språkbad. Det å lære seg eit språk (betre) blir då som å ta seg eit bad i språket. Illustrasjonsfoto: Hanne Marie Molde.

Ein grunn til at språkbadsmetoden fungerer, er at når elevane får erfaring med to språksystem samtidig, får dei langt meir trening i å observere og analysere språk. Dette gir dei eit språkleg fortrinn samanlikna med andre som lærer seg nye språk. Det er også kjent at elevar opplever meistring og motivasjon gjennom denne måten å tileigne seg språk på.

I eit språkbad er elevane sjølve viktige aktørar i opplæringa, ettersom dei først og fremst skal lære språket gjennom kommunikasjon med kvarandre og verda utanfor. Ein slik tenkemåte vart derfor også eit grunnlag for arbeidsmåten vi la opp til i studien min. Vg3-elevane fekk til ei viss grad bestemme sjølve kor mykje nynorsk dei ville skrive, og det er – ikkje overraskande – ein klar samanheng mellom kor mykje dei skreiv i løpet av året, og kor stort utbytte dei fekk av prosjektet.

Sjohelle.5.png
I studien min fekk elevane sjølve til ei viss grad bestemme kor mykje nynorsk dei ville skrive. Medan nokre biletleg sett stupte ut i språket (førre illustrasjon) ved å skrive mykje nynorsk, skreiv andre klart mindre. Kjelde: klippet «ella correia midjo» i tv-serien Blank 23.06.18, NRK

Gjennom året reflekterte elevane over arbeidsmåtar og læringsutbytte, og dei peikte på både gevinstar og utfordringar med det å ha nynorsk som bruksspråk i alle norsktimane. I desse elevrefleksjonane vart det også tydeleg at det ikkje er rett fram enkelt å få til eit språkbad for bokmålselevane, men at ein variant av språkbadet er farbar veg for dei fleste.

Ei openberr utfordring med å «språkbade» i nynorsk som sidemål er at nynorsk er eit skriftspråk. Sjølv om elevane fekk skrive og lese nynorsk på ulike arenaer kvar dag, var det ikkje det same som det å snakke på og lytte til eit språk. Likevel var det mange av elevane som opplevde at dei hadde stort læringsutbytte av å få mengdetrening på skriving på sidemålet. Det å sjå nynorsk kvar dag vart dessutan ein måte å gjere nynorsk til noko mindre framandt enn det dei hadde opplevd tidlegare. Nedanfor går eg nærare inn på kva elevane sjølve, markert med fiktive namn, fortel om erfaringane sine.

Eivind var ein av dei elevane som opplevde at det å skrive og lese ofte var sjølve nøkkelen til å bli trygg på skrivinga:

Det eg trur hovudsaklig får oss til å skrive betre nynorsk er heilt klart å sjå og bruke nynorsk ofte i kvardagen vår. (…) Problemet med nynorskundervisninga tidligare år trur eg har vore at vi rett og slett ikkje har brukt språket nok.

Fleire elevar opplevde også at det å møte nynorsk ofte i kvardagen gav dei ei kjensle av at nynorsk ikkje var så vanskeleg. Terskelen for å oppleve meistring vart dermed lågare. Og med større meistring kom også ei meir positiv haldning til å arbeide med nynorsk. Juni skriv:

(…) ved å bruke nynorsken meir aktivt i norskundervisninga har eg fått betre innsikt i språket, fått det meir under huda og føler meg meir bekvem med å bruke det. Det betyr ikkje at eg meistrar nynorsk fullt ut, men eg er i alle fall ikkje livredd det meir.

Sjohelle.3
Det å bruke mykje nynorsk i kvardagen kan gi elevane ei oppleving av sidemålet som noko mindre framandt og krevjande. Med det kjem også fleire positive haldningar til skriftspråket. Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret.

 

Når elevane skulle bruke nynorsk meir i kvardagen, vart det også viktig å finne digitale arenaer å nytte skriftspråket på. Ein populær arbeidsmåte var å ha synkron nettdiskusjon på nynorsk, der elevane nytta forumet til å drøfte ulike faglege tema. Målet med ei slik økt var ikkje at elevane skulle skrive korrekt nynorsk i innlegga sine, men at dei vart utfordra på å fokusere meir på innhald og kommunikasjon enn på å stadig slå opp i ordboka. Stine skriv:

Eg trur ikkje folk tenkte over skrivefeil, men heller på tema. For det var ganske sånn artige problemstillingar vi skulle drøfte og diskutere, da. Eg tenkte meir på det enn korleis eg skreiv.

Samstundes var det også elevar som syntest det var utfordrande å berre skrive i veg på nynorsk. Nokre hadde låg meistringskjensle i nynorsk frå før, og då vart det ikkje tilstrekkeleg å lære nynorsk berre ved å lese og skrive det. I prosjektet la vi ikkje opp til å drive med grammatikkøvingar, og dette vart vanskeleg for til dømes Tiril:

Eg synest kanskje vi begynte litt hardt med å ikkje gjennomgå grammatikk og sånn, vi berre begynte rett på med å skrive på tavla. Det er lett å dette ut, synest eg da, for meg som ikkje er så veldig flink i nynorsk.

I etterkant av prosjektet vart det tydeleg at ein del elevar treng «knaggar» å henge skriftspråket på. Dette betyr at dei treng å arbeide med enkle og konkrete rettskrivingsreglar, og at desse må koplast direkte til skrivinga deira. Lausrivne grammatikkoppgåver der ein puggar bøyingsformer, ser derimot ut til å ha lite for seg.

Sjohelle.4
Om nynorsk skal bli meir synleg i kvardagen til elevane, er det viktig at dei møter nynorsk også i digitale tekstar. Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret.

Nynorsk som bruksspråk handlar altså om å legge til rette for at elevane møter skriftspråket i alle norsktimar, utan at det er snakk om ein eigen sidemålsundervisning. I og med at nynorsk er ei skriftspråk, og at dei møter dette berre når dei har norskundervisning, er dette ikkje snakk om eit fullstendig språkbad. Eg har valt å kalle dette for ein nynorsk språkdusj. Dei får ein «dusj» av nynorsk i tekstar dei les og skriv kvar norsktime – noko som er både effektivt og eit friskt alternativ til undervisning i grammatikk og rettskriving. Nynorskopplæring blir slik ikkje tematisert som ein eigen del av norskfaget, og dermed «stel» det heller ikkje tid frå andre emne i faget. Ei slik tilnærming til nynorskopplæringa betyr ikkje at alle motførestellingar og utfordringar mot nynorsk som sidemål forsvinn, det å meistre eit skriftspråk krev framleis innsats og tid til å lære. Men den daglege språkdusjen kan gi mange ei oppleving av større meistring, og med det kjem gjerne også positive haldningar til språket.

Sjohelle.7
Det å møte nynorske tekstar i alle norsktimar kan sjåast som ein nynorsk språkdusj. Kjelde: klippet «hva tenker du» i tv-serien Blank 05.05.18, NRK

Vil du vite meir?

Innlegget tar utgangspunkt i doktoravhandlinga mi:

Sjøhelle, K. K. (2016). Å skrive seg inn i språket. Ein intervensjonsstudie av nynorsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinn. Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo

I avhandlinga kan du lese meir om korleis vi utvikla denne arbeidsmåten med nynorsk som bruksspråk i denne Vg3-klassa, og kva skrivestrategiar elevane nytta når dei skreiv nynorsk som sidemål.

Eg har også skrive ein artikkel som drøftar meir inngåande omgrepa «språkbad» og «språkdusj» og kva som må til for å bruke ein slik arbeidsmåte i undervisning:

Sjøhelle, K. K. (2017). Språkdusj i nynorskopplæringa. Ei undersøking av språkbadspedagogikk som utgangspunkt for sidemålsopplæring. I B. Grimstad og P. Hamre (red.) Norsk som reiskaps- og danningsfag. Oslo: Samlaget

Du kan lese meir om gode vegar til sidemålsundervisning på nynorsk i desse bøkene:

Fretland, Jan Olav og Aud Søyland (2013). Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning. Oslo: Samlaget.

Jansson, B. K. og Skjong, S. (red.) (2011) Norsk = nynorsk og bokmål. Oslo: Samlaget.

Askeland, N. og Falch-Ytter, C. (2009). Nynorsk på nytt. Oslo: Fagbokforlaget

Språkbad er elles som nemnt eit biletleg uttrykk. Om du ønsker å lese meir om biletlege uttrykk, kan du til dømes lese Språkprat-innlegget «Elefantar og kamelar til bry – ein studie av metaforbruk» (06.05.17) av Helga Mannsåker.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere like this: