Dei fleste bæra me bruker, veks på lyng eller små plantar som døyr i laupet av eitt eller to år, men der finst òg ein del bær som veks på tre og store buskar. Har bær på tre andre typar namn enn bær på små plantar? Og er einebær eigentleg eit bær? Dette er den tredje og siste teksten i Språkprat om ulike ord for bær i dei skandinaviske språka.
Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen
Mange bær er oppkalla etter planten dei veks på. Det gjeld for eksempel for det norske ordet bringebær, der bring tyder tornebusk, og for det svenske ordet lingon, som er ei fleirtalsform av lyng. Men i det store og heile er det vanlegast at sjølve bæra gir namn til planten heller enn omvendt, i alle fall når det gjeld bær på små buskar og plantar. For bær som veks på tre og store buskar, kan det sjå litt annleis ut, og det skal me sjå meir på nå.
Einebær er moglegvis det mest mystiske av alle dei spiselege bæra i vår del av verda. Dei er nemleg dei einaste bæra som ikkje veks på lauvtre. Planten kan variera i storleik frå små buskar til små tre, og frukta blir ofte brukt som krydder i mat og drykk heller enn som bær. Dette er fordi bæret inneheld kvae og andre typar eteriske oljer enn andre bærsortar, på grunn av barplanten det veks på. Men sjølv om bæret blir brukt som krydder, er det altså botanisk sett eit bær.
Sjølve ordet for einer er felles for alle dei skandinaviske språka, der det på dansk heiter ene og svensk en. Ordet er vidare i slekt med ord i både keltiske språk og latin. Grunntydinga i ordet kan ha vore ‘bøyeleg’ eller ’flettbart’, og det gir god meining ut ifrå korleis trevirket einer blir og har blitt brukt. Det eigner seg nemleg ypparleg som sterkt, bøyeleg og haldbart materiale i handverk av både store og små ting.

I Sverige og Danmark er hyll meir nytta enn i Noreg. Noko av grunnen til det kan vera at planten ikkje veks vilt i heile Noreg. Men hyll heiter det likevel i heile Skandinavia (i dansk stavar dei det hyld), sjølv om svenskane mest bruker ordet fläder. Både hyll og fläder er ord for sjølve treet og trevirket, mens bæra blir kalla hyllebær.
Språkforskarar har ikkje klart å komma fram til den opphavlege tydinga bak desse orda. Ordet fläder ser ut til å komma frå språket mellomnedertysk, men her stoppar spora. Mellomnedertysk var språket som blei brukt av hanseatane frå Lübeck i mellomalderen. Ordet hyll har etymologisk samanheng med det tyske Holunder, men igjen stoppar spora her. Me kjenner altså ikkje opphavet og tydinga bak desse namna.
Namnet på tindveden er derimot ganske gjennomsiktig. Det er ein kystkjær buskvekst med vitaminrike bær, og desse er blitt veldig populære å bruka i det nye nordiske kjøkkenet. Smaken kan minna litt om molter, men er mykje skarpare. Førsteleddet tind tyder ‘tagg på reiskap’ eller ‘høg fjelltopp’, og ordet kjem av at der veks store taggar og piggar på busken. Etterleddet ved er det same som den veden du fyrer i peisen med. Denne buskveksten er meir utbreia i Danmark og Sverige, der dei kallar han havtorn. Namnet kjem moglegvis av at ein har brukt denne tornete planten som gjerdebusk og innhegning av hage, og det danske ordet for hage er som kjent have. Opphavleg tyder òg hage ‘innhegning’.

I norsk bruker me ordet hagtorn om ein heilt annan vekst. Tydinga er den same som i dansk havtorn, altså ‘tornekledd tre som blir brukt i innhegning’, men planten er ein annan. På dansk kallar dei han for tjørn, som er ei avleiing av ordet torn. Bæret frå denne planten, som liknar bitte små eple, har nok gått av bruk i dag, men har vore medisinplante tidlegare. Vanlegvis veks denne arten som tre, men han førekjem òg som mindre buskvekst, og er framleis vanleg som prydplante og i innhegningar til park og hage.
Hagen er altså tema for fleire vekstar som produserer bær. Eit siste eksempel på det er hegg, som har det same namnet i heile Skandinavia, sett bort frå at det blir stava hæg i dansk og hägg i svensk. Igjen er det sjølve treet som har fått namn etter hagen, sannsynlegvis fordi treet har blitt brukt i innhegning. Men sjølve bæret, heggebær, har òg vore brukt i hushaldning, til saft, gele, vin og likør.

Som me har sett, har fleire av desse store plantene meir eller mindre den same nemninga i alle dei skandinaviske språka. Korfor det? Her kjem me tilbake til eit poeng eg tok opp i den første teksten i denne serien, nemleg at tre og tømmer har vore del av ein større eksportøkonomi. Og det er dette aspektet som er namngivande for desse store vekstane, i motsetnad til for eksempel molter og markjordbær, der sjølve bæret er det viktigaste aspektet ved planten.
Nå sit mange kanskje og tenker: «Hei, vent nå litt, kva med kirsebær, plommer og pære!?». Desse tresortane er jo nettopp oppkalla etter frukta som veks på dei. Men dette er nye innvandrarar i den nordiske floraen, og orda me bruker om dei, er like nye og like innvandra. I den undersøkinga eg har basert denne språkpratserien på, har eg utelukkande sett på spiselege bærsortar som veks vilt i Skandinavia. Og sjølv om du kan finna forvilla plommer og såkalla fuglekirsebær her, er det nok eit ganske nytt fenomen i våre trakter.
Vil du vita meir?
Dette Språkprat-innlegget er siste del av ein serie på tre tekstar som omhandlar ord for bær i dei skandinaviske språka. Den første teksten seier noko om korfor ein har så store forskjellar mellom dei skandinaviske språka på dei ulike bærnamna, mens den andre teksten fortel om kva slags dyr ein kan kalla bær opp etter, og korfor du bør unngå å spisa bær som er oppkalla etter hund, orm og hest.
I NRKs radioprogram Språkteigen har eg vore innom og snakka om bær og etymologi. Denne programserien kan du høyra her (frå ca. 11.40) og her (frå ca. 18.15).
Undersøkinga som eg har basert tekstane på, er ikkje publisert i vitskapleg format, men eg svarer gjerne på spørsmål du måtte ha omkring nemningar for bær og frukt. Skriv til meg på krister.vasshus@uib.no og fortel meg om dialektord du kjenner til eller lurer på tydinga bak.