Har du nokon gong hatt lyst på ein jordbæris i Sverige eller bringebærsyltetøy i Danmark? Det kan visa seg å vera meir utfordrande enn forventa, for det er svært få bær som blir kalla det same i heile Skandinavia. Då hamnar ein fort på bærtur – metaforisk sett, sjølvsagt. Men korfor er der så stor forskjell mellom dei skandinaviske språka når det gjeld ord for bær, og kva tyder orda opphavleg?
Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen
Mange har sikkert lagt merke til at bær har ulike namn på dansk, svensk og norsk. Men visste du at det beintfram er eit mønster i det? Dette oppdaga eg etter at eg flytta til Danmark. Eg er ein ivrig sankar og bærentusiast, og ikkje berre la eg merke til ulike ord for det same bæret, men òg at der gjerne er fleire ord for eitt bær i ulike delar av landet. Dette skil seg markant frå ord for tresortar, der me har mykje felles ordforråd. Ask, eik, gran og bøk er felles for alle språka (med eit par bitte bitte små uttaleforskjellar).

Denne forskjellen mellom ord for tresortar og for bær finst der ei logisk forklaring på. Tre og tømmer har vore ei særs viktig handelsvare og ein viktig del av eksportøkonomien i Skandinavia i fleire tusen år. Derfor heiter det alm/elm og bjørk/birk i heile området. Bær har òg alltid vore ein viktig del av hushaldet og lokal økonomi, men fordi nesten alle bærsortane myglar fort, blei dei ikkje eksportvare før fryseboksen såg dagens lys.[1]
Den første bærsorten eg vil kommentere, er molter, som i austnorsk blir kalla multer. Molter finst ikkje i Danmark, og danskane har lånt den austnorske versjonen av ordet. Ordet molte/multe har samanheng med verba melta og smelta, og bærnamnet siktar til konsistensen på dei modne bæra. Konsistensen er òg utgangspunktet bak dei svenske orda snottra og snottbär, som kjem frå ordet snott (altså snørr og snue). Svenskane kan òg kalla bæret for mylta og liknande, som har same etymologi (ordhistorie)[2] som norsk molte. På rikssvensk heiter molter derimot hjortron. Korfor akkurat hjorten blir brukt som tema av svenskane, har eg ikkje funne noko logisk svar på. Etterleddet –on er elles vanleg i svenske ord for bær, og det skal eg seia meir om seinare.

Bringebær blir brukt av folk flest, anten det er i saft, syltetøy, fyll i berlinarboller eller noko heilt fjerde. Med andre ord er det stor sannsynlegheit for at du vil måtta forholda deg til ordet for bringebær om du er i eit anna skandinavisk land over lengre tid. I Sverige seier dei hallon, som eg meiner må ha to tolkingsalternativ. Anten kjem det av eit ord som tyder bakke (moderne svensk hall), eller eit ord som tyder stein (norrønt hallr). Uansett må ordet ha samanheng med kor planten veks, anten på steinete, opne marker eller i bakkar og grøfter.
I Danmark kallar dei bringebæret for hindbær, der forleddet er eit ord for hjortekolla, hind. Hjort er ikkje kjend for å eta bringebær, og ordet hindbær er dermed ikkje vidare logisk. Det norske ordet bringebær er derimot ganske logisk. Forleddet bring er ei forvansking av bram/brem, som tyder tornebusk. Bringebær tyder altså tornebuskbær.
Ikkje alle ord for bær skaper forvirring. Blåbær, for eksempel, heiter stort sett alltid blåbær i heile Skandinavia. Men der finst òg lokale ord, som svensk rävslickbär (bæret som reven slikkar på) og slinnon (forleddet slinn skal ha samanheng med slim), dansk linning og norsk tjørebær. Det danske linning skal moglegvis sjåast i samanheng med det norske ordet bukselinning, og siktar i så fall til ringen på toppen av blåbæret, som kan likna ein linning etter eit belte. Tjørebær viser til fargen på bæret, og samanliknar han med tjære.

Ein nær slektning av blåbæret er blokkebæret. Dette bæret er sannsynlegvis det som har flest ulike namn. Ein seier ofte at kjært barn har mange namn, men blokkebæret er ikkje spesielt kjært, og mange av orda viser til at ein har trudd bæret var giftig. Bæret er spiseleg, men har ingen karakteristisk «blokkebærsmak», er verken spesielt søtt eller surt, og smakar ikkje vidare spennande. Så mange ord finst der for dette bæret at botanikaren Rolf Nordhagen har skrive ei heil bok om etymologien og temaa bak desse orda.
Nordhagen meiner at ordet blokkebær har med farge å gjera. Eg meiner derimot bestemt at forleddet i ordet, blokke-, har samanheng med det norrøne blaðka, som tyder lite blad. Planten kor blokkebæret veks, har små, blågrøne lauv som gjerne sit på planten heile året. På denne måten skil lauva seg litt ut frå kva som er vanleg frå slike lyngplantar, og eg trur dette har inspirert namnedanninga.
Eit dansk ord for blokkebæret er mosebølle. Mose er det danske ordet for myr, som fortel om kor ein typisk vil finna dette bæret. Bølle har samanheng med ord som bule, bolle og ball, som alle opphavleg tyder noko oppsvulma, og er sånn sett eit logisk ord for bær.
Det mest brukte ordet for blokkebær i svensk er odon, der forleddet od vanlegvis blir tolka som ‘vill, rasande’ (forresten det same forleddet som i gudenamnet Odin). Ordet kan ha blitt til fordi ein trudde bæret var giftig og verka hallusinerande, men det kan òg tenkast at ordet kjem av at ein har laga vin eller øl med bæret som ingrediens.

Til slutt vil eg seia noko om tyttebæret. Ordet tyttebær, og variantar av dette ordet, finst i heile Skandinavia. Mange kjenner bæret som tyting, og i Sverige heiter det i mange dialektar tytbär. Tyte er eit ord for ein liten klump eller knute, og ordet blei brukt som metafor for dei små bæra. Svenskane kallar det òg for lingbär/lyngbär, med tydinga ‘bær frå lyng’. Det svenske lingon er eigenleg berre ei samansetjing av ordet lyng og etterleddet -on, der etterleddet er ei gamal fleirtalsform (den same fleirtalsforma som i ögon og öron). Denne fleirtalsforma skal først ha oppstått i orda lingon og nypon, og har seinare smitta over på andre bærnamn gjennom analogi (samsvar)[3], og det som før var eit grammatisk ledd, fungerer nå som eit etterledd som tyder ‘bær’.
På grunn av den dårlege haldbarheita til dei fleste bærsortane har ein ikkje kunna bruka bær som eksportvare, og me har derfor sjeldan felles ord for dei i heile Skandinavia. Som me ser, har dette gitt grobotn for lokale fantasifulle ord med interessant etymologi.
Vil du vita meir?
I boka Motiver i nordiske navn på skinntryter og blåbær (Vaccinium uliginosum og V. myrtullis) av Rolf Nordhagen frå 1946 kan du lesa mykje spennande om etymologien bak ord for blokkebær.
Eg har gjort ei lita undersøking av 20 spiselege bærsortar som veks vilt i Skandinavia. (Her reknar eg altså ikkje med rips, stikkelsbær og så vidare.) Ettersom denne språkpraten berre har nemnt fem av dei, ligg der altså ein del materiale på lur. Nokre av dei andre bæra vil du kunna lesa meir om i seinare innlegg.
Kjenner du eit ord for eit bær i din dialekt som eg ikkje har nemnt her? Eller vil du vita meir om andre ord for dei fem bærsortane eg har presentert her? Skriv gjerne til meg på krister.vasshus@uib.no, for eg vil gjerne både høyra om det og prøva å svara på spørsmål.
[1] Molter, tyttebær og tranebær er dei einaste bærsortane som kan halda seg utan nedkjøling. Dette er på grunn av at dei naturleg inneheld stoffet benzosyre, som fungerer konserverande.
[2] Etymologi er ein fagterm for ordhistorie. Etymologar undersøker ord og samanliknar dei med liknande ord frå andre språk for å finna ut korleis dei har utvikla seg.
[3] Ein analogi er når ein lagar om på ord eller frasar sånn at det samsvarer med eit kjent mønster i språket, for eksempel når ungar seier foter i staden for føter.