På bærtur i Skandinavia – del to

Svenskane kallar dette bæret for smultron fordi det smeltar på tunga. Foto: Krister SK Vasshus.

Er der samanheng mellom norsk bjørnebær og dansk brombær? For bjørnen seier jo brum … Og kva tyder eigentleg ordet krekling? I denne bærteksten får du vita noko både om etymologien bak enkelte bærnamn og om kva for nokre dyr som får dårlege bær oppkalla etter seg. Dette er ein oppfølgingstekst til dette innlegget som me publiserte på Språkprat i 2017.

Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen

Markjordbær, som det heiter på norsk, er eit ganske gjennomsiktig ord. Det heiter jordbær fordi den modne frukta tynger stilken og legg seg ned på jorda. I seinare tid har forleddet mark blitt lagt til for å skilja dei små og ville bæra frå dei store og framodla hybridsortane med opphav i Amerika. Danskane bruker ordet skovjordbær, som òg presiserer vekseplassen (i skog). Men på svensk, der ein faktisk òg bruker ordet jordbär i nokre dialektar, har dette bæret eit litt mindre gjennomskueleg namn – smultron. Smultron har sannsynlegvis fått namn etter eit svensk adjektiv, smulter, som har samanheng med ordet smelta, og som nok siktar til at bæret nærast smeltar på tunga. Poetisk!

Jordbærbilde
Svenskane kallar dette bæret for smultron fordi det smeltar på tunga. Foto: Krister SK Vasshus.

Bjørnebær er ei norsk samlenemning for ei gruppe artar som liknar mykje på kvarandre. Bjørnen har rykte på seg for å vera glad i bær, og det er ikkje heilt usant. Derfor er det heller ikkje utenkeleg at folk har sett bjørn eta bjørnebær, og ifølge ein av Grimm-brørne kjem ordet bjørnebær av at folk trudde planten vaks opp av bjørnedrit. Men alt i alt er det vanskeleg å spora eit nært forhold mellom brunbjørnen og denne planten. Og forleddet brom i det danske brombær har heller ingenting med bjørnens brumming å gjera. Brom har samanheng med bring i bringebær og brambles, som er eit engelsk fellesomgrep for bjørnebær og bringebær, med den opphavlege tydinga ‘tornebusk’. Men ordet bjørnebær blir i mange dialektar brukt om giftige bær, eller om bær som folk ikkje vil eta av andre grunnar, for eksempel fordi dei ikkje smakar noko godt. Derfor er det eigentleg litt snodig at dette smakfulle bæret har fått dette namnet.

Kva med krekling, eller krøkebær, som det òg heiter? Både i svenske og danske dialektar førekjem ord for dette bæret som inneheld ordet kråke. Eksempel på dette er kråkon og kråkbär i svensk og kragebær i dansk. Og her er der faktisk ein samanheng med dei to norske orda, for krekling tyder nemleg ‘kråkelyng’. Ordet må vera gamalt, fordi det inneheld i-omlyd (av urnordisk *kraklingwa < krekling). I-omlyd skjedde når vokalen i eit ord blei endra på grunn av ein i eller j som kom like etter i ordet (for eksempel urnordisk gastiʀ < norrønt gestr < norsk gjest, eller urnordisk *flúnþrijōn– < norsk flyndre). Denne lydendringa skjedde i språket vårt for 1500 år sidan, og ordet krekling må altså vera eldre enn dette for å kunna ha fått denne omlyden.

Ord som engelsk crowberry og tysk Krähenbeere, er ordhistorisk sett det same som krøkebær. Me har her altså eit fellesgermansk motiv. Bæret er ikkje oppkalla etter den grå og svarte kråka me kjenner frå Skandinavia, men den heilt glinsande svarte kråka som finst i Tyskland og vestover i Europa. Den glinsande fjørdrakta minner om den glinsande fargen på bæra. Det vanlegaste danske ordet for krekling er vel å merka revling, der forleddet tyder noko slikt som ‘ranke’, og siktar til veksemåten til planten, som ser ut som krypande ranker.

Kreklingbær
Kreklingbæra er oppkalla etter svartkråka som finst i Vest-Europa. Foto: Krister SK Vasshus.

Eit anna bær som er oppkalla etter ein fugl, er tranebæret. Dette er eit av dei få bæra som heiter det same i heile Skandinavia. Grunnen til det kan vera at bæret inneheld eit naturleg konserveringsmiddel som har gjort transport og handel med bæret mogleg. Motivet med traner finst òg ut over germanske språk, for eksempel i latvisk dzērvene og polsk żurawina, som bokstavleg talt tyder ‘tranebær’.

Men korfor trana? To ulike forklaringar blir gitt av ulike forskarar. Den eine forklaringa er at tranebæra veks på myrer, som òg er ein ynda hekkeplass for traner, og at dette kan ha skapt ein assosiasjon mellom fuglen og bæret. Men før bæra dukkar opp på planten, veks der blomar fram på lange oppstrekte stilkar. Desse blomane kan minna om tranens lange hals og smale hovud, og dette er den andre forklaringa på korfor akkurat trana har blitt oppkalla. Sjølv har eg litt trua på at begge assosiasjonane kan ha påverka og forsterka kvarandre.

Tranebær
Stilken og blomane til tranebæra kan minna litt om trana. Foto: Wikimedia Commons.

Der finst òg fleire andre ord for tranebær i dei ulike skandinaviske dialektane. Myrber finst i både svensk og dansk, myrtryta finst i norsk, mens tjärnbär og mossbär er kjent i Sverige. Alle desse orda er danna på bakgrunn av kor desse bæra veks. Etterleddet i myrtryta har forresten samanheng med verbet trutna. Ordet tyder altså noko som trutnar og sveller seg opp, og er eit passande ord for bær, som jo veks når dei fyller seg med saft.

I enkelte svenske dialektar finn me ord for tranebær som inneheld andre dyrenamn: hunnbär, gåsbera, kråkbär, björnbär og rävbär. Gås i gåsbera kan forklarast på same måte som trane i tranebær, fordi der er mange gjæser som hekkar på myrer i den nordlege delen av Skandinavia. Men dei andre orda må me forklara på ein ganske annan måte. Det er nemleg ikkje heilt uvanleg at dyreorda orm, padde, ulv, bjørn, rev, hund og svin blir brukt i samansette ord for bær som anten er giftige eller ikkje blir sett på som spiselege. I nokre område kan dei med andre ord ikkje ha vore spesielt glade i tranebær.

Nyper
Steinhjupe eller steinjupe? Norsk hjupe og nype er i slekt med dansk hyben og svensk nypon. Foto: Júlio Reis, tilgjengeleg under CC BY-SA 2.5.

Bæra som veks på rosebuskar, kallar me på norsk anten nype eller hjupe, mens svenskane kallar dei nypon og danskane kallar dei hyben. Alle desse orda er eigentleg ganske nært slekta på kvarandre, og kjem av eit urnordisk ord med forma *heupa-. Dette ordet, som tyder noko slikt som ‘torne’, har gitt norsk hjupe og dansk hyben. Men korleis har h i *heupa– blitt til n i nype og nypon? Sannsynlegvis kjem dette av ei gamal samansetjing i form av ordet steinhjupe, der ein feilaktig har delt ordet opp til steinjupe i staden for steinhjupe. Så her møter me eit bær der orda har felles opphav, og som berre er ulike fordi dei tre skandinaviske språka har eigne lydreglar og lydutviklingar.

Vil du vita meir?

I boka Det svenska Vilhelminamålet. Språkgeografiska studier över ett nordländskt nybyggarmål och dess granndialekter av Karl-Hampus Dahlstedt frå 1950 finn du ein kort vitskapleg gjennomgang av ord for enkelte bær som finst i nokre skandinaviske dialektar. Her får du både ordhistoriske forklaringar og oversikt over mangfaldet av dialektformer for bæra.

I Språkprat-innlegget «På bærtur i Skandinavia» kan du lesa om etymologien bak nokre andre bærnamn, og om korfor det ofte er så stor variasjon i kva eit bær heiter i ulike skandinaviske dialektar.