Dei fleste bæra me bruker, veks på lyng eller små plantar som døyr i laupet av eitt eller to år, men der finst òg ein del bær som veks på tre og store buskar. Har bær på tre andre typar namn enn bær på små plantar? Og er einebær eigentleg eit bær? Dette er den tredje og siste teksten i Språkprat om ulike ord for bær i dei skandinaviske språka.

Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen

Har du nokon gong hatt lyst på ein jordbæris i Sverige eller bringebærsyltetøy i Danmark? Det kan visa seg å vera meir utfordrande enn forventa, for det er svært få bær som blir kalla det same i heile Skandinavia. Då hamnar ein fort på bærtur – metaforisk sett, sjølvsagt. Men korfor er der så stor forskjell mellom dei skandinaviske språka når det gjeld ord for bær, og kva tyder orda opphavleg?

Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen