Aksepten for norsk med utanlandsk aksent er generelt sett høg. Oppfatningane ser likevel ut til å vera litt ulike når ein samanliknar lærarstudentar over ein periode på 10 år. Elevar og komande lærarar ser også ut til å ha ulike oppfatningar når det gjeld kor tolerante dei er til aksentprega norsk hjå lærarar generelt og norsklærarar spesielt. I dette innlegget vil eg samanlikna nokre studiar der ein har undersøkt haldningar til det å snakka med utanlandsk aksent.
Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk/språk
Statistisk sentralbyrå har haldningsresultat som syner at både i 2008, 2016 og 2017 er 67–68 % av dei spurde heilt eller nokså einige i at innvandrarar flest gjer det kulturelle livet i Noreg rikare. Toleransen for andre kulturar enn den norske kan såleis sjå ut til å vera nokså høg her i landet.
I eit norsk klasserom er det i dag truleg meir vanleg enn uvanleg at du møter elevar med eit anna førstespråk (morsmål) enn norsk. Ein indikasjon på at nokon ikkje har norsk som sitt førstespråk, kan vera at dei snakkar norsk med aksent, dvs. at du høyrer at det er noko med tonefallet, språklydane eller setningsoppbygginga som ikkje høyrest heilt korrekt ut. Dette vil difor typisk vera eit særpreg hjå personar som har lært norsk som andrespråk.

Det har i løpet av dei siste tjue åra kome fleire studiar som seier noko om haldningar til norsk med utanlandsk aksent. Med haldningar tenkjer me på ein disposisjon til å reagera fordelaktig eller ufordelaktig overfor eit objekt, ein person, ein institusjon eller ei hending. Når ein spør folk rett fram om oppfatningar til eit fenomen, seier me at me samlar inn direkte haldningsdata. Eg vil visa til nokre vurderingar gjorde av elevar, men i størst grad sjå på korleis lærarstudentar ser på personar med utanlandsk aksent.
Lars Anders Kulbrandstad har gjennom mange år interessert seg for språkhaldningar og særleg reaksjonar på norsk som andrespråk. I 2007 undersøkte han kva haldningar lærarstudentar ved seks ulike høgskular rundt i landet hadde til aksentprega norsk. Han sende ut spørjeskjema og fekk inn att svar frå 318 studentar. Med utgangspunkt i undersøkinga til Kulbrandstad gjorde eg sjølv hausten 2017 ei lita tilsvarande undersøking med totalt 62 lektor- og PPU-studentar i Bergen.[i] Alle dei 26 lektorstudentane hadde norsk som fag, medan det blant PPU-studentane var 19 som hadde norsk som fag, og 17 som hadde realfag. Her vel eg å sjå på alle studentane som éi gruppe.
Nedanfor samanliknar eg svara til lærarstudentane i undersøkinga til Kulbrandstad med svara til lærarstudentane i undersøkinga mi for å sjå etter eventuell endring over tid. Eg går inn på fire påstandar som gjeld kva toleranse studentane har til det å snakka norsk med utanlandsk aksent. Dei to første påstandane er knytte til media og politikarar, medan dei to siste påstandane er spesielt knytte til læraryrket.[ii] Dei oransje søylene viser svara til lærarstudentane i undersøkinga til Kulbrandstad, medan dei grå søylene viser svara til lærarstudentane i undersøkinga mi.
Den første påstanden er at det er greitt at programleiarar i radio og tv snakkar norsk med utanlandsk aksent:

Me ser her at i 2017 seier så å seia alle (97 %) seg einige eller litt einige i at ein programleiar i radio eller TV kan snakka med utanlandsk aksent. For ti år sidan var det berre rundt 65 % som meinte det same.

Den andre påstanden er at ein person ikkje bør veljast til stortingsrepresentant viss han snakkar norsk med utanlandsk aksent:

Når det gjeld å bli vald som stortingsrepresentant, var det alt i 2007 høg aksept for å snakka med utanlandsk aksent, men også denne påstanden står endå sterkare ti år seinare.
Den tredje påstanden er at ein person ikkje bør jobba som lærar for norske elevar om han snakkar norsk med utanlandsk aksent:

Den fjerde påstanden er at ein person ikkje bør jobba som norskærar om han snakkar norsk med utanlandsk aksent:
Undersøkinga mi frå 2017 er mykje mindre og meir geografisk avgrensa enn undersøkinga til Kulbrandstad frå 2007. Ved å samanlikna prosentfordelinga for desse fire påstandane i undersøkinga til Kulbrandstad på nytt i undersøkinga mi, ser ein likevel heilt klart at den toleransen lærarstudentane har til det å snakka norsk med utanlandsk aksent, har auka. Komande lærarar ser med andre ord ut til å vera endå meir fordomsfrie og opne i 2017 enn i 2007 for at det ikkje er uttalen på norsken som avgjer om ein person er kompetent til å vera lærar for norske elevar, sjølv ikkje når det gjeld å vera eigna som norsklærarar.
For å kontrastera desse resultata kan det vera interessant å sjå kva elevane seier. I 2015 skreiv Ragni Vik Johnsen ei masteroppgåve med tittelen «Relativt bra norsk» En sosiolingvistisk studie av ungdommers forståelse av og holdninger til norsk med utenlandsk aksent. Ho fekk 102 elevar frå fire ulike VG3-klassar i fire bydelar av Oslo til å svara på eit spørjeskjema. To av haldningsspørsmåla handla om språket til læraren og norsklæraren. Delar av undersøkinga til Vik Johansen gjekk også på at elevane skulle vurdera faktiske stemmeopptak. Dei kan dermed ha hatt desse røynslene med i tankane då dei svara på spørjeskjemaet.

Me ser her at 27 % av elevane er heilt eller litt einige i at ein lærar som underviser norske elevar, ikkje bør snakka med utanlandsk aksent. Viss ein dessutan skal vera norsklærar, aukar dette synspunktet til å gjelda 55 % av dei same elevane.

Kva konklusjonar kan me dra? Haldningar er i seg sjølv eit nokså abstrakt omgrep, og det gjer det også problematisk når ein skal gå ut i samfunnet og samla inn data om dette. Dei to undersøkingane eg har vore innom her, viser at oppfatningane spriker ein del. Lærarstudentar ser ut til å vera meir tolerante når det gjeld aksentprega norsk hjå lærarar, medan elevane verkar vera meir skeptiske. Det kan henda noko av denne skepsisen skuldast at elevane kan stilla tvil til den samla norskkompetansen hjå ein lærar som ikkje høyrest norsk ut. Lærarstudentar er rett nok meir restriktive til aksentprega norsk hjå lærarar enn dei er til aksentprega norsk hjå andre yrkesgrupper, men toleransen er likevel høg og ser slett ikkje ut til å ha minka dei siste åra.
Nordmenn er vande med å høyra variasjon av norske dialektar i alle samanhengar. No kan det også sjå ut til at aksentprega norsk i større og større grad kan aksepterast som ein del av denne variasjonen. Høg toleranse for aksentprega norsk kan også passa bra saman med den oppfatninga folk flest synest å gje uttrykk for ved å svara at innvandrarar flest gjer det kulturelle livet i Noreg rikare, for språket vårt er også ein del av kulturen.
Vil du vita meir?
Dette innlegget viser til to andre undersøkingar som du kan lesa meir om her:
Lars Anders Kulbrandstad. 2007. «Lærerstudenter og språklig variasjon – En holdningsundersøkelse». I: Nordic Studies in Education. Vol. 27 (04): 357 – 372.
Ragni Vik Johansen. 2015. «Relativt bra norsk» En sosiolingvistisk studie av ungdommers forståelse av holdninger til norsk med utenlandsk aksent. UiO: masteroppgave.
Det finst dessutan også ei masteroppgåve der lærarstudentar sine haldningar til elevar med aksentprega norsk, vert undersøkt:
Anne-Lise Frøland. 2017. Toleranse for språklig mangfold i norsk skole: en sosiolingvistisk studie av lærerstudenters holdninger til elever med aksentpreget norsk. NTNU: masteroppgave.
Sjå elles tidlegare innlegg i Språkprat som også handlar om haldningar:
- Monica Sætermo sitt innlegg om bevisste språkhaldningar 12. oktober 2017: Dialekt og tilhørighet blant innflyttere i Tromsø
- Else Berit Molde sitt innlegg om innvandrarane sine haldningar til og utfordringar med dialektbruken vår 19. januar 2017: «Alle nordmenn snakker et annet språk enn vi studerer!»
Mitt eige innlegg om underbevisste språkhaldningar hjå ungdomar i Bergen 17. august 2017: Haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Bergen
[i] Spørsmålsskjemaet eg brukte, fekk eg tilsendt frå Lars Anders Kulbrandstad. Til bruk i denne artikkelen er påstandane omsette til nynorsk.
[ii] Kulbrandstad hadde rett nok i 2007 kategoriane «helt enig», «ganske enig» «vet ikke», «ganske uenig» og «helt uenig», men sidan det også var ein femdelt skala, har eg her lagt resultata hans inn i denne kategoriseringa som eg brukte i 2017: «einig». «litt einig», «verken einig eller ueinig», «litt ueinig» og «ueinig».
[iii] Formuleringa hjå Kulbrandstad (2007) var her «En person som snakker norsk med utenlandsk aksent, bør ikke undervise norske elever».
[iiii] Kulbrandstad (2007) formulerte denne påstanden slik: «En person som snakker norsk med utenlandsk aksent, bør ikke undervise i norsk».