Kva skjer eigentleg når eit nytt ord kjem inn i det norske språket? I denne teksten skal eg fortelja litt om korleis ordforrådet i norsk språk blir påverka av andre språk, og korleis dei norske språkbrukarane påverkar desse lånorda.
Av Krister SK Vasshus, doktorgradsstipendiat knytt til Språksamlingane ved UiB
Dei aller fleste har kanskje lagt merke til at engelsk eksporterer mange ord til norsk for tida. Er dette noko nytt? Både ja og nei. Det er relativt nytt at engelsk har så stor påverknadskraft – særleg etter andre verdskrig har engelsk eksportert mange ord til norsk. Dette har samanheng med den kulturelle kontakten Noreg har med Storbritannia og USA. Men lån av ord er på ingen måte eit nytt fenomen. For eksempel ser det ut til at opp mot ein tredjedel av orda i urgermansk[i] kjem frå andre språk enn indoeuropeisk. Ord som lerke, ert, nøtt, geit, tyr, størje og dei mytologiske disene er eksempel på dette. Desse orda er lånte frå eitt eller fleire europeiske steinalderspråk[ii] som ikkje finst lenger i dag.

Ein del ord kom òg inn i germansk i jarnalderen. Eksempel på desse orda er jarn, brynje, embete, rike, arv og gissel, som alle er lånt frå keltisk. I mellomalderen fekk me ord inn frå latin og mellomlågtysk, og seinare har fransk og høgtysk òg vore store eksportørar av ord inn i norsk språk. For å demonstrera kor mange lånord me har i norsk, plar eg å bruka denne setninga:
Skreddaren tenkte at trøya passa fortreffeleg, men kunden klaga og meinte at plagget var kort og tøyet simpelt og grovt.
Kor mange av orda i denne setninga blei brukt i vikingtida? Sjå svaret nedst i teksten.
Lån skjer når eit språk manglar presise ord for nye fenomen i kvardagen. Sjå på dei keltiske lånorda frå jarnalderen for eksempel. Embete, rike, arv og gissel er alle ord knytt til samfunnsstruktur. Det tyder på at samfunnsstrukturen blei lagd om i jarnalderen, og at ein trong nye ord for å omtale dette. På same måte kan me sjå at steinalderorda lerke, ert, nøtt, geit, tyr og størje har å gjera med jordbruk og natur. Det fortel at forlauparane til germanarane innvandra til eit område med annleis natur enn dei var vande med, og at dei heller ikkje hadde jordbruk der dei kom frå. Denne måten å låna nye ord for nye konsept som kjem utanifrå, er framleis gjeldande i dagens engelske påverknad.

Men kva skjer eigentleg når eit utanlandsk ord møter språkkulturen vår? Der finst to hovudalternativ. Det eine er at me tar inn ordet og eventuelt justerer litt på uttalen for at det skal passa språkmønsteret vårt. To eksempel på det er sjy frå fransk ‘jus’ og jus frå engelsk ‘juice’. Dette kallar me lån.
Det andre alternativet er å bruka ord og orddanningselement som allereie finst i norsk, til å laga eit nytt ord. Sjå for eksempel føre deg at sykkelen for første gang kom til Noreg i dag, og me ønskte eit heilnorsk ord for det. Då kunne me ha laga ord som hjulhest eller tohjuling og prøva å få det i bruk. Dette kallar me fornorsking.

Det norske språket, og forlauparane til det, har lang tradisjon for både lån og fornorsking. Nå har me allereie sett eksempel på ein del lån, så la oss sjå meir på fornorskingane me bruker. For eksempel har me ord som Storting, jagarfly, ståhjuling, sprengstoff og straumkraft. Konsepta bak desse orda kjem utanifrå, men orda er heimelaga. Nokre gongar kan ein direkte oversetja eit utanlandsk ord til norsk, sånn som samvit av latin concientia eller surstoff av gresk oksygen. Dette kallar me for oversetjingslån.
Når det gjeld stavemåte av moderne lånord, er det fleire faktorar som speler inn. Språkrådet har nokre retningsliner for korleis lånord skal stavast på norsk, men i realiteten vil ein ofte ha overgangsfasar der ein kan skriva for eksempel både sørvis (fornorska stavemåte) og service (stavemåte på engelsk). Der finst fastsette reglar for korleis ein skal norvagisera (altså bruka ein meir norsk stavemåte) ulike framande lyd- og bokstavkombinasjonar, men nøyaktig når eit ord får ny stavemåte, avhenger av fleire faktorar. Når blir bacon til beiken, og pub til pøbb? Språkrådet skal visa omsyn til det norske folks språkkjensle før dei innfører nye norvagiserte skrivemåtar.
La oss sjå eit par eksempel på Språkrådets faste retningsliner for norvagisering. Der me i norsk uttalar ord med lang f, som i engelsk rough og tough, skal det stavast med ff. Då får me røff og tøff. Her ser me òg at me får ø av engelsk ou. Me kan òg få ø av ir, eur eller u, sånn at me får flørt i staden for flirt, frisør heller enn friseur, og døbbe framfor dubbe. Det er altså den lydlege uttalen av ordet som skal styra korleis me skal stava importorda i norsk. Dette skil seg frå det etymologiske prinsippet, som elles står nokså sterkt i norsk skrifttradisjon. Det etymologiske prinsippet går ut på at me skal bruka historisk stavemåte sjølv om det ikkje korresponderer heilt med dagens uttale. Derfor skriv me adjektivet godt, sjølv om det høyrest meir ut som gått. Me skriv òg av same grunn sjø og skjorte, framfor å laga ein ny bokstav for sj-lyden, sånn som dei har i for eksempel nordsamisk og latvisk med bokstaven š.

Men korfor skal me ikkje halda på det etymologiske prinsippet i lånord når det elles er eit viktig prinsipp i dei norske skriftspråka? Hovudgrunnen til det er at me ikkje skal få for mange ulike alternative måtar å stava ein enkelt lyd på. Når me allereie har stavemåten sj, skj (og til dels òg kj og tj, som skildra i denne språkpraten), for sj-lyden, er det ikkje så smart å innføra tch, sch, ch og sh i tillegg.
Som me ser, er lån altså ikkje eit nytt særtrekk for tida me lever i, og me kan velja mellom å låna nye ord eller å laga fornorskingar. Her står dei norske språkbrukarane nokså fritt til å følgja si eiga språkkjensle.
Vil du vita meir?

Er du interessert i å lesa meir om lånord, finn du teksten Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord av Helge Sandøy her. Frå side 112 finn du dei konkrete eksempla for korleis Sandøy føreslår at ord kan norvagiserast.
For å demonstrera kor mange lånord me har i norsk, plar eg å bruka denne kjente eksempelsetninga:
«Skreddaren tenkte at trøya passa fortreffeleg, men kunden klaga og meinte at plagget var kort og tøyet simpelt og grovt.»?
Berre tre av orda: og, at, var. Resten av orda blei innlånte i mellomalderen frå språket mellomlågtysk.
[i] Urgermansk er eit urspråk, som i Norden utvikla seg til urnordisk. Du kan du lesa meir om urnordisk i denne språkpraten.
[ii] Bondesteinalderen varte frå 4000 til 1700 før vår tidsrekning. I denne perioden kom dei første indoeuropearane til Norden. Folka som budde her før indoeuropearane kom, snakka eitt eller fleire ukjente språk som nå er vekke. Desse språka kallar me substratspråk (av latin substrat, som betyr ‘underlag’), og me finn altså restar av ord frå desse språka i dagens språk, for eksempel i norsk, samisk, latin og gresk.