Korleis oppfattar ungdomar i Bergen talemålet rundt seg, og kva synest dei om strilemål og austlandsk? Er det skilnader på dei haldningane som kjem til syne når ungdomane får direkte spørsmål om å vurdera dialektar, og når dei ikkje er klare over at dei vurderer språkbruk? Og er det ei kopling mellom språkhaldningar og talemålsendringar i Noreg?
Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk/språk
For oss i Noreg er det vanleg å snakka dialekt i alle samanhengar. Likevel merkar me at dialektane endrar seg. Det kan vera mange årsaker til talemålsendringar. Kan det for eksempel vera ein samanheng mellom haldningar til ulike dialektar og måten det blir snakka på?

Forsking på språkhaldningar byggjer på at ein meiner det kan vera eit viktig forhold mellom korleis nokon snakkar, dvs. sjølve språkbruken, og dei haldningane dei har til korleis dei sjølve og andre snakkar. Medan forskarar kan gjera opptak av faktisk språkbruk og analysera denne, må ein i haldningsundersøkingar bruka andre metodar for å få fram folk sine reaksjonar på språkbruken. Dette gjeld både språkhaldningar ein er bevisst på (bevisste språkhaldningar), og språkhaldningar ein ikkje er bevisst på (underbevisste språkhaldningar).
Språkforskarane Nancy Niedzielski og Dennis Preston (2000) har vore opptekne av dette samspelet mellom språkbruk og språkhaldningar og har framstilt denne måten å tenkja på ved hjelp av ein trekant:

Som del av prosjektet Dialektendringsprosessar på Vestlandet samla me skuleåret 2009/2010 inn opplysningar hjå elevar frå fem ungdomsskular i Bergen kommune. Me besøkte alle 9. og 10.-klassar på Rå, Slåtthaug, Gimle og Rothaugen, medan me i Ytre Arna også tok med 8. klasse. Alle klassane følgde den same prosedyren. Her vil eg koma inn på skilnaden på såkalla direkte og indirekte haldningsgranskingar og resultata frå denne elevundersøkinga.

For å få tak i dei underbevisste språkhaldningane, som me gjorde fyrst, er det viktig at dei som skal reagera, reagerer spontant og intuitivt utan at dei får tid til å grubla og fundera. Dette undersøkjer me med ei indirekte haldningsgransking. Ein metode som er mykje brukt, blir kalla for ein masketest. Respondentane får då høyra ulike stemmer og skal vurdera personane bak ut frå eit fyrsteinntrykk. Når me vurderer ei stemme ut frå eit fyrsteinntrykk, er måten personen snakkar, med på å gje oss eit bilete av korleis han eller ho er.
Masketesten i prosjektet vårt hadde opptak med 15 unge kvinner. Tre av dei hadde den same dialekten, dvs. i alt fem ulike dialektar: Bergen låg / gatebergensk, Bergen høg / penbergensk, yngre strilemål, eldre strilemål og sentralaustlandsk. Kvar person snakka i 15 sekund, og med ein innlagd pause på 15 sekund mellom opptaka skulle elevane klara å vurdera kvar person ut frå ein sjudelt skala. Det var i alt åtte eigenskapar å ta stilling til: klok, sjølvsikker, seriøs, spennande, målretta, kul, om ho er til å stola på og kor godt dei likar henne.
I haldningsundersøkingane våre gjennomførte me fyrst ein masketest i alle klassane. Etterpå skulle alle elevane skriva ned kva dei trudde testen eigentleg hadde gått ut på, før dei leverte skjemaet inn. Berre dei elevane som ikkje hadde tippa rett føremål, vert med i resultatdelen her. Grunnen til dette er at viss dei hadde forstått føremålet, blir det i staden ei måling av bevisste språkhaldningar. Elevane måtte også ha greidd å fullføra heile testen.
Deretter følgde ein runde med heimfesting av dei ulike stemmene før elevane vart bedne om å rangera ei liste med dialektar: «Kor fine synest du dialektane frå dei stadene som er nemnde nedanfor er?» Her skulle dei setja talet 1 ved den finaste og høgare tal for dei som kom deretter. Dette var ei direkte haldningsgransking, der me altså undersøkte bevisste reaksjonar på språkbruk.
Korleis var resultata for desse to haldningsundersøkingane? Tabellen nedanfor visar masketest-resultata for skulane samla.

For alle elevane og skulane som fullførte masketesten, viser det seg at både den pene bergensdialekten og austlandsk ligg på topp i rangeringa. Skilnaden mellom desse to er likevel for liten til at me kan seia at det truleg finst ein reell skilnad. Derimot er det ein tydeleg skilnad mellom alle dei andre dialektane, og dei to strilemåla vert vurderte heilt på botn.
I tillegg til å undersøkja hovudtendensane for alle skulane samla undersøkte me også resultata for kvar skule:

Som me såg for skulane samla, blir austlandsk gjennomgåande vurdert høgt, medan strilemål vert vurdert lågt. Samtidig er det også nokre skilnader mellom skulane. Det gatebergenske språket Bergen låg vert på tre av skulane (Slåtthaug, Gimle og Ytre Arna) oppfatta tydeleg lågare enn Bergen høg eller austlandsk, som alltid ligg på ein av dei øvste plassane. Rekkefølgja på om austlandsk eller Bergen høg kjem øvst, skiftar noko, men skilnaden mellom dei er aldri tydeleg.

Korleis gjekk det då i den direkte haldningsgranskinga? Begge strilemåla hamna stort sett i den nedre enden av skalaen, og elles vurderte elevane anten Bergen høg eller Bergen låg på topp. Tidlegare forsking, både i Noreg og i andre europeiske land, har vist at respondentane ofte vurderer den lokale dialekten som den finaste ved direkte spørsmål. Ungdomsskuleelevane i Bergen var ikkje noko unntak. Også i samtalane med elevane i klasserommet etter at me hadde avslutta testen, var dei veldig positive til sitt eige talemål.

Dette er eit mønster me finn att i andre land ved undersøking av direkte språkhaldningar. I andre land er det likevel ikkje dei lokale dialektane, men eit meir standardisert hovudstadstalemål som er på frammarsj i samfunnet. Dei finn der ofte også godt samsvar mellom utviklinga av det faktiske talemålet og høg positivitet til eit standardisert talespråk i dei indirekte språkhaldningane. Konsekvensen av dette er at haldningsforskarar har tiltru til at dei underbevisste reaksjonane på språk er viktigare enn dei bevisste for å seia noko om kva som skjer med talemålet på ein stad.
Kva konklusjonar kan me trekkja av undersøkinga av underbevisste språkhaldningar blant ungdomsskuleelevene i Bergen? Her er det fleire moglege svar. Når austlandsk kjem så høgt og nokså likt med penbergensk, tyder det på at austlandsk talemål er i ferd med å blanda seg inn i bergensk? Eller fungerer austlandsk som ein innebygd standard eller eit ideal i bergensarane? Ei anna forklaring kan vera at bergensarar ikkje bryr seg så sterkt om ein del av innbyggjarane snakkar austlandsk eller ikkje, og at dei godtek dette som like godt som det bergenske talemålet for ein som bur i Bergen.
I motsetnad til nabolanda våre Danmark og Sverige, som har opplæring i eit standardisert talespråk på skulen, lærer ikkje skuleelevar i Noreg noko standard talemål. Me vert opplærde i at dialekten vår kan brukast overalt. Kan austlandsk likevel somme stader fungera som eit overnasjonalt talespråk som kan brukast på lik linje med den lokale dialekten? Dei indirekte språkhaldningane frå prosjektet Dialektendringsprosessar på Vestlandet har slett ikkje alle stader det same mønsteret som i Bergen. Denne modellen kan difor ikkje brukast som ei eintydig forklaring når me skal prøva å forstå kva som skjer når talemålet på ein stad endrar seg. Sidan talemålsvariasjon er noko alle som veks opp i Noreg er vande med frå dei er heilt småe, utgjer språkhaldningane difor truleg berre ein liten del av dei faktorane som er med på å forklara språkendringar i Noreg.

Vil du vita meir?
På denne heimesida kan du lett gå inn, lasta ned og lesa i avhandlingar frå forskargruppa i Sosiolingvistikk og språkendring ved Universitetet i Bergen.
Her er nokre andre kjelder og relaterte publikasjonar:
Anderson, Ragnhild. 2010. «Medvitne og umedvitne haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Åsane». I: Danske talesprog. Bind 10: 80 – 107. København: Museum Tusculanums Forlag.
Kristiansen, Tore og Frans Gregersen (red.) 2015. Hvad ved vi nu – om danske talesprog. København: Spogforandringscenteret.
Niedzielski, Nancy og Dennis R. Preston. 2000. Folk Linguistics. Trends in Linguistics. Studies and Monographs 122. Berlin: Mouton de Gruyter.