«Alle nordmenn snakker et annet språk enn vi studerer!»

Noreg er eit land der dialektane står sterkt, og det finst heller ikkje eit offisielt normert standardtalemål her. Det er difor ikkje heilt uvanleg at me høyrer omgrep som dialektparadis brukt om språksamfunnet vårt, sidan nordmenn viser stor toleranse for dialektbruk i dei aller fleste samanhengar. Men er dialekthimmelen like skyfri for utlendingar som skal læra seg norsk?

Av Else Berit Molde, universitetslektor i norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen

«I Norge finnes det ikke noe standardtalemål!» Denne setninga sa eg for nokre år sidan som norsklærar i eit klasserom med utanlandske studentar – på klingande bokmål! Ein av studentane rekte opp handa og spurde, logisk nok: «Men hvilket språk snakker vi her da?»

blogg-ebm-hovudbilete
Foto: Silje Drevdal

I slike undervisningssituasjonar kan ein som lærar lett verta svar skuldig. Akkurat i undervisningssamanheng, i det minste på nybyrjarnivå, legg eg om til meir skriftnær tale, medan eg i alle andre samanhengar snakkar dialekt. Møter eg studentar ute på gata, når eg sjølv er saman med vener og kjende, opplever eg nesten ein indre normkonflikt. Snakkar eg skriftnært bokmål med studentane, vert det lett kommentert etterpå: «Kva er det du held på med, det høyrest frykteleg ut!» Dette er nok eit kjend dilemma for mange av dei som underviser norsk for vaksne utlendingar.

Eit viktig kjenneteikn ved det norske språksamfunnet er stor grad av språkleg variasjon og valfridom, både når det gjeld skrift og tale. Dette set mange stor pris på, og denne dialekttoleransen har heller ikkje kome av seg sjølv, men er kjempa fram, særleg dei siste 30– 40 åra. Det er i dag sjeldan ein opplever eit stort press til å endra dialekten, i alle fall samanlikna med tida før den såkalla dialektbølgja på 70-talet. Ein kan difor seia at dei siste generasjonane nordmenn i liten grad er vane med, eller opplært til, å måtte tilpassa dialekten til samtalepartnaren.

Medan nordmenn normalt forstår dei fleste norske dialektane, kan talespråkleg variasjon by på store utfordringar for vaksne som lærer seg norsk. Dei vert gjerne presentert for eit bokmålsnært eller nynorsknært talespråk i norskopplæringa. Læraren tilpassar seg til det ordforrådet studentane har, og endrar nok ofte talemålet sitt meir i retning skriftspråket. Slik går kommunikasjonen godt innanfor klasseromsveggane.

blogg-ebm-bilete3
Foto: Silje Drevdal

Men kva skjer når dei vaksne innlærarane går ut i den verkelege språklege verda? Ei rekkje utanlandske studentar eg har hatt, har fortalt at nordmenn i liten grad endrar på dialekten sin. Kommunikasjonen vert dermed vanskeleg fordi nordmenn sjeldan tilpassar talemålet sitt til meir skriftnær tale. For ein nybyrjar i norsk er det jo ikkje sjølvinnlysande at til dømes «vetsje» har same innhald som «jeg vet ikke». Mange av studentane mine har peikt på at når dei ikkje forstår kva som vert sagt, gjer gjerne nordmennene ein av to ting. Det eine som kan skje, er at setninga vert gjenteken på engelsk, sidan det er eit internasjonalt kommunikasjonsspråk. Dette er sjølvsagt uheldig for språklæringa til norskinnlærarane, sidan det gjev dei mindre øving, og det kan også gje dei ei låg meistringskjensle. Alternativt vert setninga gjenteke høgt og sakte, men utan at dialektorda vert endra. Det hjelper ikkje alltid så mykje. Eller for å seia som ein av studentane mine sa: «Jeg er ikke døv, jeg forstod bare ikke at boss var det samme som søppel.»

Det er altså eit skilje mellom språket innlærarane høyrer på norskkurs, og det språket dei møter ute i samfunnet. No er dette i seg sjølv ikkje unikt for Noreg. Fenomenet teacher talk er godt kjend i andrespråksforskinga  og viser til at læraren tilpassar språket sitt til studentane sitt nivå. Det som derimot er litt spesielt hos oss, i dialektparadiset, er fråveret av eit standardtalemål, i alle fall formelt sett, slik at dialektar vert brukt i alle samanhengar, og då også i samtale med utlendingar.

blogg-ebm-bilete
Foto: Silje Drevdal

Men kvifor tilpassar nordmenn ikkje dialekten sin meir i møte med innlærarane? Moglegheita til å snakka dialekt i alle samanhengar er positiv, men i dialektparadiset kan ein altså skimta mørke skyer. Toleransen for dialektar ser nemleg ut til å vera knytt til det å snakka og vera «ekte», altså å snakka slik ein har gjort sidan barndommen, og helst også bruka tradisjonelle dialektformer. Å prøva å endra dialekten, meir eller mindre medvite, vert ikkje møtt med den same toleransen. Med andre ord er det nok ikkje slik at nordmenn oppfattar alle former for språkleg variasjon som naturleg og verdifull. Dette er truleg også forklaringa på at eg har fått kommentarar frå vener og kjende når eg har snakka bokmål med studentar.

Brot på dialektnormene vert i Noreg gjerne kalla knot, og dette er eit omgrep me kjenner heilt tilbake frå 1600-talet. Opphaveleg var dette eit omgrep som betydde «å dekorera, pynta», å gjera utskjeringar i tre, men etter kvart vart tydinga meir «å pynta på språket», som å snakka skriftnært. Dette vart gjerne sett på som eit forsøk på å ta avstand frå lokalsamfunnet eller vera «betre» enn ein eigentleg var. Språket signaliserte klassetilhøyrsle, og det var særleg bøndene som reagerte på at deira eigne knota. Denne typen språkleg tilpassing vart ikkje oppfatta som ønskeleg, men snarare eit svik mot både den sosiale klassa og eigen identitet.

Nokre år tilbake gjennomførte eg ei undersøking av definisjonar og haldningar til nettopp knot blant unge og eldre på Voss. Sjølv om personane i undersøkinga definerte omgrepet knot litt ulikt, var dei konkrete døma dei gav, ganske samstemde i at det dreia seg om ei språkleg tilpassing i retning bokmål, byspråk eller eit «finare» talemål. Og fleirtalet av informantane svarte at dei reagerte negativt på denne forma for språkbruk. Ein av informantane skildra  reaksjonen sin på knot slik: «Eg kan stundom verta lei meg, av og til kvalm». Å endra dialekten vart av mange skildra som eit brot med eigen identitet, og språkbrukaren vart sett på som både usjølvstendig og snobbete. Dommen over knotarar var altså svært streng, både retta mot ein sjølv og andre.

Det er dermed ein del som kan tyda på at motstanden mot knot også kan forklara at nordmenn ikkje vil snakka meir skriftnært i samtalar med utlendingar som lærer norsk. Dette kan verka sjølvmotseiande, fordi den negative reaksjonen til knoting mykje har vore knytt til kva folk trur er grunnen til dette – at knotarane vil gjera seg «betre» enn dei er. Å tilpassa dialekten i samtale med ein språkinnlærar er jo verken snobbete eller usjølvstendig, slik ein har oppfatta knot, men snarare hyggeleg og imøtekomande.

Det er difor viktig at nordmenn er medvitne om at dialektbruk kan skapa ei ekstra utfordring for språkinnlærarar. Kanskje er det også på tide å akseptera at folk tilpassar dialekten sin når det er naudsynt for å letta kommunikasjonen med norskinnlærarar. Det kunne gjera kvardagen for innlærarane noko enklare, i alle fall for den frustrerte norskstudenten som ein gong sa til meg i undervisninga: «Else, du er den eneste nordmannen jeg forstår!»

Vil du vita meir?

elseberit
I 2014 skreiv eg ein kronikk om fenomenet knot. Du finn kronikken her. Kjelde: http://www.vg.no

Den undersøkinga av haldningar til knot som eg viser til i teksten, var ein del av masteroppgåva mi frå UiB. Her kan du lesa meir om dette språklege fenomenet.

I kronikken «Når dialekt blir maktspråk»  frå 2008 skriv universitetslektor Åsta Øvregaard, NTNU, om norskinnlærarar sine utfordringar med dialektar og om at nordmenn i liten grad normaliserer talemålet. Denne kronikken har eg lese og diskutert mykje med studentane mine.

Førsteamanuensis Olaf Husby, NTNU, diskuterer målspråksnorm, altså talespråket i norskopplæringa, i artikkelen «Talt bokmål: Målspråk for andrespråksstudenter?» i tidsskriftet NOA. Norsk som andrespråk 2009 (2). Han har også mange interessante publikasjonar om mellom anna uttaleundervisning. Publikasjonslista hans finn du gjennom denne sida.

Kanskje er du sjølv språkinnlærar eller norsklærar. NTNU har ein fin digital ressurs for uttale- og lyttetrening, CALST, basert på nokre hovuddialektar. Dette kan vera til hjelp for å auka dialektforståinga til språkinnlærarar. Her finn du meir informasjon for å lasta ned programmet.

2 thoughts on “«Alle nordmenn snakker et annet språk enn vi studerer!»

  1. Jeg er etnisk norsk fra Bærum men har bodd 18 år i Bolivia. For nesten 8 måneder siden kom jeg tilbake til Norge og fikk totalt sjokk : det er jo ingen som sier skåret (en brødskive) lenger jo. Alle sier skjært. Er skriftspråket også forandret eller blir verbene bøyd som i gaaaamle dager. Hvis det siste er tilfelle så har jo innvandrerne enda et problem å forholde seg til. Grøss og gru !

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s