Kan kommunereforma få språklege konsekvensar?

Regjeringa er i gang med ei stor kommunereform. I det nye framlegget frå kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår dei å redusera talet på kommunar frå 428 til 356 innan år 2020. Det vil seia at på relativt kort tid vil mange lokalsamfunn gå gjennom store endringar. Vanlege konsekvensar av kommunesamanslåing er at ein får eit nytt kommunesentrum, nytt handelssentrum, nye pendlevegar og sentralisering av ulike offentlege tenester. Kan dette få konsekvensar for språket i kommunane som vert påverka av reforma?

Av Liv Torunn Tjelmeland, master i nordisk språkvitskap

BILDE 1 - Kommunereformen (laget av Distrikssenteret)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår å redusera talet på kommunar frå 428 til 356 innan år 2020. Kommunesamanslåinga kan få konsekvensar for språket i dei kommunane som vert påverka. Illustrasjon: Distriktssenteret

Det er ikkje første gong Noreg går gjennom omfattande kommunesamanslåingar. Ved den førre store kommunereforma i 1964–1965 vart talet på kommunar i Noreg redusert frå heile 747 til 454. Ved å undersøka språket i kommunane som vart delt eller slått saman i 1964–1965, kan ein finna ut korleis språket har endra seg etter den førre kommunereforma.

Bilde 2 skånevik
Dette er eit handteikna kart over Skånevik kommune og Åkrafjorden, som stod sentralt i masteroppgåva mi, frå sirka 1800. Kjelde: ”Kartblad 159: Det Skaanevigske; Captein von Voigts Compagnie”, publisert hjå Kartverket.

I masteroppgåva mi undersøkte eg dialekten i nokre bygder langs nord- og sørsida av Åkrafjorden, som ligg i gamle Skånevik kommune i Sunnhordland. Skånevik kommune vart oppløyst i 1965 og delt mellom Kvinnherad i nord og Etne kommune i sør. Likeins vart òg Åkrafjorden delt mellom Kvinnherad og Etne, slik at nordsida av fjorden til og med bygda Åkra vart høyrande til Kvinnherad, medan resten av nordsida og heile sørsida av fjorden vart lagt til Etne kommune.

Bilde 3. Kart fra 1918
Dette kartet frå 1918 viser dei gamle kommunegrensene i Sunnhordland. Midt i kartet ligg gamle Skånevik kommune, som vart oppløyst i kommunereforma i 1965. Kjelde: Skjermbilete av ”Herredskart over Syd-Norge utgit av Norges Geografiske Opmaaling”, digitalisert av Nasjonalbiblioteket og publisert hjå www.disnorge.no.

Bygdene langs Åkrafjorden har endra seg mykje etter kommunesamanslåinga i 1965. Som direkte konsekvens av kommunesamanslåinga fekk begge fjordsidene nye kommunesentrum. På sørsida av fjorden må folk reisa til Etne sentrum for å nytta offentlege tenester. Alle skulane og barnehagane langs fjorden er lagt ned, og elevane frå fjorden tek buss til Etne for å gå på skule. Dei fleste arbeidsplassane ligg òg i Etne, og difor pendlar dei fleste på sørsida av fjorden til sentrum kvar dag.

nordsida av fjorden er det kommunesentrumet Rosendal og handelssentrumet Husnes som fungerer som sentrum for Kvinnherad kommune. I 1970 fekk bygdene Åkra og Baugstranda på nordsida av fjorden vegtilknyting til Kvinnherad. Sjølv om fjordbygdene ligg heile 6 mil unna sentrum, pendlar dei fleste innbyggarane til Rosendal eller Husnes på jobb. På nordsida av fjorden har ein fått behalda den lokale skulen. Likevel reiser dei fleste ungdomane i ungdomsskulen over til Rosendal fleire gonger i veka på jobb, fotballtrening eller for å vera med på andre fritidsaktivitetar.

Bilde 4 kommunesammenslåinga
Undervegs i kommunesamanslåinga var det fleire bygder i Skånevik som ynskte å flytta over i ny kommune. Kartet viser kvar bygdene vil høyra til, og kvar den endelege grensa mellom Kvinnherad og Etne vart lagt. Kjelde: Haugland, Anders. 1998. Skåneviksoga. Bind VI. I gode og vonde dagar. Frå 1750–1965, s. 481.

I tillegg til at bygdene på kvar sine sider av Åkrafjorden har fått nye sentrum, har kontakten med dei nye sentruma auka betrakteleg. I staden for å jobba i småbygdene langs fjorden jobbar folk i sentrum av Etne og Kvinnherad. På sørsida av fjorden går til og med borna på skule i sentrum. Me ser at kommunesamanslåinga har ført til nye kontaktvegar for lokalsamfunna.

Samstundes har kontakten mellom dei to fjordsidene minka veldig etter kommunesamanslåinga. Tidlegare var båten viktig for fjordbygdene, men nå er bilen det fremste framkomstmiddelet. Då fjorden var den viktigaste kontaktvegen for fjordfolket, var det tett kontakt mellom bygdene i Åkrafjorden. Slik er det ikkje lenger, og dermed har nabobygdene i Åkrafjorden lite med kvarandre å gjera i dag. Bygdene har difor ikkje berre fått nye sentrum og nye kontaktmønster etter kommunereforma. Dei har òg mista dei gamle kontaktmønstra og kontakten med dei andre fjordbygdene.

Bilde 5a. generelt
Kommunesamanslåingar fører i større eller mindre grad til nye kontaktmønster, til dømes ved at mindre kontakt skjer med båt over fjorden. Foto: Silje Drevdal.

Korleis har dette påverka språkutviklinga i Åkrafjorden og gamle Skånevik kommune? Dialektane i Sunnhordland er generelt sett ganske like, men nokre språktrekk var ulike i Skånevik kommune og Kvinnherad før kommunesamanslåinga. Ved å undersøka språktrekka som me veit var ulike i gamle Skånevik kommune og gamle Kvinnherad kommune, kan ein finna ut om kommunesamanslåinga har fått språklege fylgjer i Åkrafjorden.

I granskinga mi intervjua eg 27 informantar frå Åkrafjorden. Informantane var delt i tre aldersgrupper: ungdomar på 13–16 år, midaldra på 35–58 år og eldre i alderen 65–90 år. I tillegg fann eg gamle opptak gjort i 1960–1990 med til saman sju informantar. Ved å slå saman dei gamle opptaka med dei nye opptaka mine fekk eg ei informantgruppe som var fødd mellom 1883 og 2002. Det er altså eit spenn på heile 119 år mellom informantane! Dette gjev eit langt tidsperspektiv når ein skal undersøka språkendringar.

Som sagt må ein sjå på nokre spesielle språktrekk som er ulike i gamle Skånevik kommune og gamle Kvinnherad kommune for å finna ut om språket i Åkrafjorden har endra seg til å bli meir likt dialekten i Kvinnherad etter kommunesamanslåinga. Eitt av språktrekka som var ulikt i dei to gamle kommunane, var uttalen av ordet det. I gamle Skånevik kommune og Etne sa ein de, med vokalen e. I Kvinnherad og resten av det nordlege Sunnhordland sa ein da, med vokalen a.

Eit anna språktrekk som var ulikt, var bøyingsendingane til substantiv i hokjønn (til dømes jente) og hankjønn (til dømes gut) i ubestemt fleirtal. I gamle Skånevik kommune og resten av det sørlege Sunnhordland sa ein jenter og gutar med endings-r. I Kvinnherad og elles nord i Sunnhordland sa ein jente og guta utan -r i bøyingsendingane.

Figuren nedanfor viser kva som har skjedd med desse to språktrekka over tid ut frå informantane mine. Årsklassane refererer til fødselsåret til informantane, der informantane i årsklasse 0 er fødde seint på 1800–talet og informantane i årsklasse IV er fødde i 2000–2002.

Tabell kommunesammenslåing
Denne figuren frå masteroppgåva mi viser utviklinga over tid av språktrekka det og endings-r på både nordsida (raude strekar) og sørsida (blå strekar) av Åkrafjorden.

I figuren ser me at talemålet på sør- og nordsida av Åkrafjorden har blitt meir forskjellig etter at Skånevik kommune vart splitta i to. Det har blitt mindre vanleg å uttala ordet det som de på nordsida av Åkrafjorden. Altså seier dei her da i større grad enn før. På sørsida av fjorden er det litt variasjon, men der held dei i større grad på uttalen de. Samtidig ser ein at uttalen av substantiv ubestemt fleirtal av hokjønn og hankjønn med endings-r har blitt mindre vanleg på nordsida av fjorden. Spesielt i den siste generasjonen minkar bruken veldig til under 50 %. Det vil seia at i over 50 % av tilfella vil ungdomane på nordsida av Åkrafjorden seia jente og guta i staden for jenter og gutar. På sørsida av fjorden ser ein ikkje den same dramatiske utviklinga.

Denne undersøkinga viser at folk på nordsida av Åkrafjorden snakkar meir likt som folk i Kvinnherad i dag enn før kommunesamanslåinga. Den same utviklinga har ikkje skjedd på sørsida av Åkrafjorden, som i dag høyrer til Etne kommune og har lite kontakt nordover mot Kvinnherad. Det er truleg kommunereforma, den nye vegen til Kvinnherad og dei nye kontaktmønstra mot nye kommunesentrum som har gjort at dei på nordsida i dag har teke i bruk nye språktrekk frå Kvinnherad. Det kan godt tenkast at den nye kommunereforma kan få liknande språklege konsekvensar dersom ein slår saman eller deler opp kommunar på tvers av dialektgrenser.

Vil du vite meir?

Du kan lesa masteroppgåva mi, Språket i Åkrafjorden – ei sosiolingvistisk gransking av dialekten i to fjordbygder, her.

Marie Fossheim har òg skrive ei masteroppgåve om kommunesamanslåing og dialektendringar. Les oppgåva hennar om språkendringane på Midøya i Romsdalen her.

Vil du lese meir om korleis kommunereforma går føre seg i desse dagar, sjå NRK si samleside over nyheiter om reforma.

Masteroppgåva mi er ein del av det større prosjektet Dialektendringsprosessar, som omfattar mange sosiolingvistiske dialektgranskingar frå Vestlandet.

Språkprat har hatt tre tidlegare innlegg kopla til Dialektendringsprosessar. Du kan lese om endringar i bergensdialekten i innlegget «Er det et spørsmål om skjønn eller kjønn?» av Maria-Rosa Doublet, som vart publisert  1. desember 2016.

Språkleg tilpassing i samtalesituasjonar kan du lese om i innlegget «Snakkar vi ulikt i ulike situasjonar?» av Kjersti Wold Slettebø, som vart publisert 8. desember 2016.

Ønskjer du å lese om endringar i stavangerdialekten, kan du lese innlegget «Er siddisen på veg til å bli ein «vanleg» vestlending?» av  Kristine Nymark Aasen, som vart publisert 2. mars 2017.

 

Kommentarer er stengt.

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere like this: