Heilt sidan ein på 1970-talet kjempa gjennom moglegheita til å bruka eigen dialekt i nær sagt alle situasjonar, har det ikkje vore vanleg i Noreg å skifta til eit standardisert talemål i gitte situasjonar. Er det likevel noko i oss som gjer at vi endrar måten vi snakkar på ut frå situasjonen? Og kva er i så fall grunnen til dette?
Av Kjersti Wold Slettebø, master i nordisk språkvitskap
”Det har eg ikkje sansen for i det heile teke. Sånn knoting. Nei (…), eg har ikkje sansen for det. Skal ikkje ha noko av det.” ”Men det er klart at av og til må eg jo legga om.” Desse utsegnene kjem frå to personar som vart intervjua i samband med ei gransking eg gjorde for eit par år sidan. Granskinga skulle undersøka om folk tilpassa språket sitt til ulike situasjonar, eller om måten dei snakka på, forblei den same, sjølv når situasjonen vart meir formell. Utsegnene viser at personane sine haldningar til det å endra måten dei snakkar på, varierer. Korleis vi menneske faktisk tilpassar språket vårt til ulike situasjonar, treng likevel på ingen måte å henga saman med kva haldningar vi har til tilpassinga.

Fleire språkforskarar har hevda at ulike situasjonar ein møter i kvardagen, kan gjera at ein snakkar annleis. Ein kan mellom anna velja ulike ord, uttala orda på forskjellige måtar, ha eit anna tonefall, eller bygga opp setningane sine på ulike måtar. Dette kan skje både medvite og umedvite. Vi menneske er nemleg konstruerte slik at vi ønsker å bli likte av andre. Og språket vårt er ein viktig reiskap for å oppnå nettopp dette. Nokon kan gjera det ved å byta heilt om til ein annan dialekt, andre kan gjera mindre endringar, som forklart ovanfor.
Ein kan sjå føre seg at alle menneske har eit register av ulike måtar å snakka på. Nokon har eit stort register med mange forskjellige variantar. Det kan til dømes vera dei som snakkar fleire ulike språk, og gjerne ulike dialektar òg. Andre har eit mindre register med nokre få ulike måtar å snakka på. Kanskje er det personar som kan snakka to ulike språk og gjerne berre éin dialekt, men tilpassar dialekten sin litt etter kva situasjonar han eller ho kjem opp i. Dei aller fleste har altså variasjonar i korleis dei snakkar, men det varierer frå person til person kor mange ulike variantar ein har, og kor stor skilnad det er mellom dei ulike variantane.

Så er spørsmålet: Kvifor varierer vi korleis vi snakkar? Nokon forskarar har peika på tilknyting til heimstaden som ei forklaring. Dei meiner at dei som har ei sterk tilknyting til heimstaden, i mindre grad endrar eller tilpassar språket sitt enn dei som ope uttalar at dei ynskjer seg bort frå heimstaden og ikkje har så mykje til overs for han. Dette dreier seg i stor grad om identitet.
Ein annan teori ser på korleis nettverket til ein person er sett saman. Viss ein person har eit tett nettverk, betyr det at mange av dei personane som individet kjenner, også kjenner kvarandre. Mange i nettverket har altså felles vener. Eit mindre tett nettverk inneber at venene til individet ikkje kjenner kvarandre. Teorien går ut på at personar som er del av tette nettverk, i større grad vil halda på dialekten sin over tid, men òg i ulike situasjonar.
Tradisjonelt sett har ein òg vore oppteken av at menn og kvinner ter seg ulikt når det kjem til språk. Menn held meir på dei tradisjonelle dialektformene, medan kvinner har lettare for å endra språket sitt. Det ser derimot ut til at dette er i ferd med å endra seg. Nyare undersøkingar har vist at det generelt er liten skilnad mellom kjønna når det kjem til endringar i språket. Ein faktor som på den andre sida stadig viser seg gjeldande, er alderen til språkbrukaren.
I granskinga mi, som eg nemnde ovanfor, vart 16 personar intervjua i både eit formelt og eit uformelt intervju, der målet var å undersøka om dei faktisk endra måten dei snakka på. Granskinga viste at det var ei grad av tilpassing mellom dei to intervjua, men at endringa var overraskande liten. Nokre av personane som vart intervjua, viste sjølvsagt større grad av endring enn andre, men jamt over var det liten variasjon.
Når ein knyter mi gransking opp mot teoriane eg presenterte ovanfor, viser det seg at kjønn ikkje har noko særleg å seia heller i denne granskinga. Alder viser seg derimot å gje utslag i at dei som er i alderen 45–60 (kalla midaldra i tabellen under) endrar språket sitt i større grad enn dei som går på ungdomsskulen. Dette meiner eg kan sjåast i samanheng med dei nemnde nettverksteoriane. Ungdommar som går på ungdomsskulen, har rimeleg tette nettverk. Dette gjaldt i alle fall dei eg snakka med, som kjem frå ein forholdsvis liten stad, der alle ungdommane går på den same ungdomsskulen. Venene deira kjenner kvarandre, og viss dei er med på fritidsaktivitetar, er det stort sett dei same folka dei treff der som på skulen. Personane eg snakka med som var mellom 45 og 60 år, har derimot mindre tette nettverk. Dei har ofte både vener frå jobb og nærmiljøet, i tillegg til andre dei har treft i studietida og kanskje òg nokre frå barndomen. Og mest sannsynleg kjenner ikkje alle desse kvarandre. Dermed vil desse personane ifølgje nettverksteorien vera meir tilbøyelege til å endra på dialekten sin.

Går ein grundigare inn i personane i alderen 45-60 år, kan ein sjå at dei som viser større grad av endring i språket sitt, har det eg har kalla utoverretta jobbar. Med det meiner eg at dei representerer firmaet dei jobbar for, anten ved å sitja i ein resepsjon og møta kundar ansikt til ansikt, at dei svarer på telefonar frå heile landet, eller at dei har ein jobb der kundar kjem for å få utført ei teneste. Dei som viser mindre grad av endring, har jobbar der dei i større grad møter dei same menneska kvar dag, og der dei menneska gjerne har same dialekt som dei sjølve. Tabellen under viser kor stor endring kvar av dei 16 personane viste frå det uformelle intervjuet til det formelle.

Desse resultata kan fortelja oss fleire ting. For det første viser dei at den dialekten ein har kan brukast i alle situasjonar ein kjem opp i. For det andre kan resultata fortelja oss at det er skilnad på korleis godt vaksne menneske tilpassar språket sitt, og korleis dei unge gjer det. Vi ser òg at dette kan ha samanheng med graden av tettleik i nettverka deira. Kva type jobb dei vaksne har, kan òg spela ei rolle.
Vil du vita meir?
Vil du lesa meir om granskinga som er omtalt i dette blogginnlegget, finn du masteroppgåva mi her: http://bora.uib.no/handle/1956/8341
Debatten som føregjekk på 70-talet, og som enda med at vi no kan bruke dialekten vår i alle situasjonar, blei til dels ført i ulike aviser. Fleire av innlegga er tilgjengelege i ulike bøker og artikkelsamlingar. Sjå til dømes desse:
Ny målstrid frå 1973 av Geir Wiggen.
Språklig samling på folkemåls grunn – artikler frå bladet Språklig Samling frå 1979 av Lars S. Vikør og Geir Wiggen