Er siddisen på veg til å bli ein «vanleg» vestlending?

Vestlandet skal bli den nye store vestnorske regionen som resultat av samanslåing av vestlandsfylka. Er dette eit symptom på kva som òg er i ferd med å skje i dialektutviklinga i regionen? I media kan ein stadig lese at dei blaute konsonantane er på veg ut frå den blaute kyststripa i sør. Dette var ei utvikling eg også såg då eg arbeidde med masteroppgåva mi om Stavanger-dialekten.

Av Kristine Nymark Aasen, master i nordisk språkvitskap

For språkforskarar er det svært interessant å undersøke språkendringar over tid. I dag er vi så heldige at vi kan samle inn nytt materiale frå same stad som har vore undersøkt språkleg før. Dermed kan ein samanlikne unge, midaldra og eldre med unge, midaldra og eldre i det gamle materialet (trendgransking). Ein kan også finne tilbake til dei same informantane som har vorte intervjua for mange år sidan, og gjere same type intervju med dei ein gong til (panelgransking). Målet er å kunne avdekke eventuelle endringar i språket deira i løpet av tida som har gått.

bilde-1-vannet-i-stavanger
I masteroppgåva mi undersøkte eg talemålet til unge, midaldra og eldre i Stavanger no (2010) og samanlikna med ei talemålsgransking av Finn Gabrielsen frå 1981. Foto: Silje Drevdal.

I masteroppgåva mi gjekk eg fram på begge desse måtane for å undersøke talemålet i Stavanger. Dette var ei oppfølgingsgransking av talemålet i byen, der målet var å studere språkleg variasjon og endring både i eit historisk og notidig perspektiv. Det gamle materialet eg jamførte det nye med, vart samla inn av Finn Gabrielsen i 1981. Nokre av dei som vart intervjua av Gabrielsen då dei var ungdommar, vart det gjort nye intervju med i 2010, då dei var midaldra. I tillegg til å intervjue desse informantane (panelinformantane) gjorde eg intervju med andre unge og eldre i 2010. På denne måten kunne eg finne ut noko om den språklege variasjonen i ulike aldersgrupper.

Kva slags endringar er det som skjer i Stavanger-talemålet? Vi skal no sjå nærmare på to språktrekk som er spesielt interessante for talemålet. Det første er blaute konsonantar etter lang vokal. Som kjend ligg Stavanger på den blaute kyststripa og tradisjonelt har hovudtendensen i dialekten vore at p, t, k vert uttalt som b, d, g etter lang vokal, til dømes i orda kage og båd. Men alt i 1981 fann Gabrielsen ut at nokre informantar brukte p, t, k der det ville vore naturleg for han sjølv, som òg er frå Stavanger, å bruke b, d, g.

Utviklinga med at den blaute konsonanten er på retur, ser ut til å halde fram òg i dag. Hos dei eldre informantane i undersøkinga mi er det litt mindre bruk av blaut konsonant i 2010 enn det var hos dei eldre i 1981. Likevel ser vi ein relativt høg førekomst av blaut konsonant blant dei eldre i 2010, på om lag 84 prosent. Dei midaldra informantane har ein prosent på vel 77 i 2010. Når vi ser på dei unge informantane, ser vi ei ganske stor endring. I 1981 var det heile 91 prosent bruk av blaut konsonant etter lang vokal, medan talet i 2010 er heilt nede i 49 prosent. Den markerte omlegginga ser dermed ut til å vere ganske ny.

aasen-ptk-til-bdg
Figuren viser utviklinga av blaut konsonant frå 1981 til 2010 for eldre og yngre informantar. Materialet frå 1981 hadde ikkje midaldra informantar, og dermed ser vi berre tal frå 2010.

Vi kan også sjå ei endring hos panelinformantane. I 1981 var bruken av blaut konsonant nesten 92 prosent blant dei yngre, medan talet er nede i 77 i 2010 når dei same informantane tilhøyrer dei midaldra. Bruken av blaut konsonant er framleis relativt høg blant dei midaldra i 2010, men talet er likevel markert lågare enn det var i 1981, og ligg nærare dei som noe er unge.

bilde-2-stavanger-by
Som i mange norske bymål har Stavanger-dialekten tradisjonelt vore delt i to varietetar, «eit gatespråk», med blant anna a-infinitiv, og «eit høgare talemål», med blant anna e-infinitiv. Foto: Silje Drevdal.

Det andre språktrekket eg studerte, var infinitivsendinga, altså om ein brukar e- eller a- infinitiv, til dømes å sykla eller å sykle. Tidlegare språkgranskingar av talemålet i Stavanger har vist at a-infinitiven var ei ekspanderande form. I dag har dette snudd heilt, og e-infinitiven er den klart mest brukte forma hos dei unge. I 1981 var det berre 27 prosent som brukte den formelle e-infinitiven, medan det i dag er heile 64 prosent. Elles fann eg at talet på e-infinitiv hos eldre i 1981 var ganske høgt. Dette kan forklarast med at e-infinitiv tradisjonelt har høyrt til «eit høgare talemål», og at dei eldre kan ha brukt fleire formelle former fordi dei opplevde intervjusituasjonen som ein formell situasjon.

aasen-infinitiv
Her ser vi utviklinga av infinitivsendinga frå 1981 til i dag. Hos dei yngre viser utviklinga ein vesentleg nedgang i bruken av a-infinitiv til fordel for e-infintiv.

Om vi ser på panelinformantane, har dei gått frå å bruke 73 prosent a-infinitiv då dei var unge, til berre 54 prosent i 2010 når dei er vortne midaldra. Bruken deira av e-infinitiv har dermed gått frå 27 prosent i 1981 til 46 prosent i 2010.

Språkendringsprosessen vert ofte framstilt i ein modell som er forma som ei S-kurve:

s-kurven
Chambers & Trudgills (1980, s. 179) s-kurve viser korleis ein språkendringsprosess går føre seg [1]. Endringar går først sakte frå individ til individ, før fleire tek det nye språkdraget i bruk og endringa skyt fart. Deretter går endringa saktare ved at enkelte held fast på det gamle og tradisjonelle.
Forklaringa på modellen er at det først skjer ei endring sakte ved at ho berre går frå individ til individ. Deretter skyt ho fart, og fleire tek i bruk det nye språkdraget, før kurva flatar litt ut att på grunn av at nokon held fast på det gamle, tradisjonelle språkdraget. Både blaut konsonant og a-infinitiv er døme på slike endringar som spreier seg etter eit slikt mønster.

Hos ein del av informantane kan ein gå ut ifrå at dei har tilpassa seg språkleg meir i vaksen alder enn dei gjorde då dei var unge. Ein sentral teori som språkforskarar brukar for å forklare språkleg tilpassing, er akkomodasjonsteorien. Denne teorien skildrar korleis einskildindivid tilpassar språkbruken sin til andre. Det kan skje anten i form av konvergens, altså å gjere talemålet sitt meir likt ein annan varietet, eller det kan skje i form av divergens, som vil seie at ein skapar større avstand til ein annan språkvarietet. Hos panelinformantane kunne eg sjå at dei som hadde flytta på seg mykje i samband med jobb, var òg dei som hadde størst nedgang i bruken av blaut konsonant no jamført med då dei var unge.

bilde-3-mer-fra-stavanger
Mange har flytta til Stavanger dei siste tiåra, både frå området rundt Stavanger, andre område i Noreg og frå utlandet. Det er sannsynleg at dette har påverka talemålsutviklinga i byen. Foto: Silje Drevdal

Kvifor skjer desse endringane? Stavanger er ein by som har hatt stor tilflytting dei siste 30 åra, både frå Noreg og frå utlandet. Mange av desse tilflyttarane kom ifrå områda rundt Stavanger, noko som førte til at byen var ein smeltedigel av Rogalands-mål. Ein må kunne gå ut ifrå at dette har hatt innverknad på at dei lokale formene var ekspansive på åttitalet. I dag kjem det mange tilflyttarar frå andre stader i landet med andre talemål enn Rogalands-dialektar. Dette kan nok ha innverknad på for eksempel bortfall av blaut konsonant og overgang til e-infinitiv. Talet på dei som pendlar inn, er høgare enn utpendlarane. Dette gjeld i stor grad frå omlandet rundt Stavanger. Det kan dermed tenkjast at endringsmønsteret følgjer ei regional spreiing.

Når det gjeld infinitivsendingar, er det ein tendens til at dei lokale særtrekka er på vikande front i Noreg. E-infinitiv er dominerande på store delar av Vestlandet, og ein kan tenkje seg at Bergen har påverknad på bymålet i Stavanger. Også når det gjeld bortfall av blaut konsonant, er det sannsynleg at utviklinga skjer etter eit nasjonalt mønster. Det er eit lite område som tradisjonelt har blaut konsonant jamført med resten av dialektane i Noreg. Dersom vi fokuserer på at tilflyttinga til Stavanger i stor grad skjer frå andre stader på Vestlandet, kan ein òg argumentere for at denne utviklinga følgjer eit regionalt mønster.

Ein ny, stor vestlandsregion ser ut til å bli resultatet av omorganiseringa av vestlandsfylka. Kanskje er det slik at språket utviklar seg sameleis. Ungdom i Stavanger ser i alle fall ut til å bruke dei tradisjonelle dialektdraga som blaut konsonant og a-infinitiv i mindre grad no enn før.

bilde-4-sverd-i-fjell
Biletet er frå Hafrsfjord i Rogaland og viser monumentet «Sverd i fjell». Dette monumentet er laga av Fritz Røed (1980–83) over samlinga av Noreg til eitt rike, kopla til Slaget i Hafrsfjord på slutten av 800-talet. Foto: Silje Drevdal

Vil du vite meir?

Materialet eg har nytta til arbeidet, er samla inn til prosjektet Dialektendringsprosessar ved Universitetet i Bergen, som du kan lese meir om her. Prosjektet studerer språkleg variasjon og endring frå ulike stader på Vestlandet der det alt eksisterer eldre materiale.

Det tidlegare innsamla materialet frå Stavanger-dialekten er gjort av Finn Gabrielsen i ei hovudfagsoppgåve frå 1983: Eg eller je? Ei sosiolingvistisk gransking av yngre mål i Stavanger.

Mastergraden min om Stavanger-dialekten kan du finne her.

Maria-Rosa Doublet har skrive om endringar i bergensdialekten i innlegget «Er det et spørsmål om skjønn eller kjønn?», som vart publisert  i Språkprat 1. desember 2016. Språkleg tilpassing i samtalesituasjonar kan du lese om i innlegget «Snakkar vi ulikt i ulike situasjonar?» av Kjersti Wold Slettebø, som vart publisert i Språkprat 8. desember 2016.

[1] Kjelde: Chambers, J. K. og Peter Trudgill (1980). Dialectology. Cambridge: Cambridge University Press.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere like this: