Denne språkpraten viser gjennom eit døme korleis norsk språkvitskap har vore ideologisk vridd og derfor direkte fordomsfull. Det skal handle om språkkontakten mellom norsk og samisk og konstruksjonen av samane som «dei andre».
Av Tove Bull, professor emerita ved UiT Norges arktiske universitet
Språk og samfunn er tett vovne saman. Dermed er også språk og ideologi det. Språkideologi inneber at visse idésystem, tankesett eller førestillingar bestemmer korleis vi ser på språk og språklege forhold. Å studere språkideologi er å studere korleis den rolla språket har, blir konstruert og forstått av språkbrukarane, og korleis desse konstruksjonane er posisjonerte sosialt. Vi tolkar altså språk og språkbruk ut frå ideologisk konstruerte kulturelle modellar.

Eit døme på dette er den offisielle assimilasjonspolitikken overfor samane, slik han på 1800- og mykje av 1900-talet knytte seg til nasjonalismen og norsk nasjonsbygging. Etter unionsoppløysinga i 1814 skulle den nye sjølvstendige nasjonen byggast. Det skjedde i ei tid da europeisk politisk og sosialt liv var gjennomsyra av nasjonalromantisk tankegods. Nasjonalromantikken representerer ein ideologi som knyter sterke band mellom språk og nasjon, så sterke at det blei hevda at det fremste kjenneteiknet på ein eigen sjølvstendig nasjon er det eigne språket. Denne tankegangen dannar grunnlaget for norsk nasjonsbygging: Språket i landet kan ikkje lenger vere dansk; om det finst eit sjølvstendig Noreg, må det òg finnast eit eige norsk skriftspråk, forskjellig frå dansk.

Dette tankegodset førte til ekskludering av dei språklege og etniske minoritetane i landet. Samane, men også kvenar og rom-folk, skulle bli norske, språkleg og kulturelt. Dei skulle legge av seg sitt eige språk og sin eigen kultur. Med det som formål blei det konstruert forteljingar og historier som skulle vise at samane som etnisk gruppe representerte ein lågareståande og primitiv rase (og rasebegrepet var i flittig bruk på den tida). Eit ofte sitert eksempel frå 1886 er eit brev frå prosten i Varanger, Andreas Gjølme, til biskopen i Hålogaland. Her plasserer prosten samane på eit lågare utviklingssteg enn andre grupper; dei er som barn å rekne:
Lappefolket er et barnefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål som folk at bringe dem fram til mands modenhed – om dette da er muligt. Dette er et stort og varigt mål at arbeide for.
Skoledirektør Chr. Brygfjeld (1863-1952) uttalte seg slik i eit brev til departementet i 1923:
De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenereret at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De er håpløse og hører til Finnmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndssvakeskoler.

For dei som skreiv og meinte slikt, var dette truleg i samsvar med det dei trudde var rett. Men det styresmaktene faktisk gjorde, var å «konstruerte» ei etnisk-politisk røynd der samane var «degenereret» og eit «barnefolk». Dette var ein nødvendig føresetnad for den fornorskingspolitikken som blei gjennomført. Bak denne ideologiske konstruksjonen fanst ikkje berre nasjonalromantisk ideologi, men òg sosialdarwinisme.

Konstruksjonen av samar og det samiske hadde nedslag ikkje berre i samtida. Også fortida og historia til det samiske folket blei konstruert tilsvarande negativt. Denne historiske konstruksjonen har òg stått sterkt i akademia, nettopp for å gje argumentasjonskraft til nasjonsbyggingsideologien. Restar av desse førestillingane er framleis å finne i språkhistorieverk som er i bruk i undervisningssamanheng. I faget nordisk språkvitskap har det til dømes vore nærmast ei vedtatt sanning at samisk språk verken har eller kunne ha hatt nokon innverknad på norsk språk, trass i at desse språka har vore brukt i det same geografiske området i om lag 2000 år.
Eit par sitat får stå som døme. For eksempel seier Stefán Einarsson om kontakten mellom dei germanskspråklege og dei finsk- og samiskspråklege at: «the cultural way was usually a one way street from the Germanic peoples to the Finns or the Lapps» (1986).[i] I 1997 skriv Ernst Håkon Jahr dette om språkkontakten mellom folkegruppene: «A few Finnish or Saami loanwords concerning special Saami or Finnish matters in the outmost northern Norwegian dialects are the only possible Saami or Finnish influence on the Norwegian language».[ii]
Alle vi som har studert norsk, har lært at samisk (og finsk) har importert ord frå nordisk heilt attende til urnordisk tid, ja, jamvel til urgermansk tid, mens import andre vegen er utenkeleg. Det er rett at det er meir av skandinavisk import av ord i samisk og finsk enn vice versa. Men no er det påvist at fleire grammatiske forhold i nordgermanske språk som skil desse språka frå andre germanske språk, truleg har samanheng med kontakten med samisk (og kanskje også finsk). Å gå nærmare inn på dette her er det ikkje plass til. Døme som kan nemnast, er etterhengd bestemt artikkel (huset i motsetnad til the house, das Haus), og forlenging av konsonantisme, særleg i trøndersk (vårrå, verra, våtta, vetta i motsetnad til vere og vite.

Korleis kan vi forklare at fordommar som blei konstruerte for å fremje fornorskingspolitikken, er blitt vidareformidla lenge etter at fornorskingspolitikken offisielt tok slutt, og at språkvetarane dermed har vore med på å konstruere samane som «dei andre» heilt opp til vår tid? Eg ser to forklaringar som heng saman med kvarandre.
Det dei (vi?) har gjort, er for det første å projisere ein ideologi, nasjonsbyggingsideologien, attende i tid, faktisk heilt tilbake til førhistorisk tid, der denne ideologien umogleg kan ha eksistert. Dette er ein alvorleg tankefeil.
For det andre er det neppe heilt i det blå å forklare den langvarige mangelen på fagleg klarsyn med at to–tre generasjonar nordistar sjølve er faglege produkt av nasjonsbyggingsideologien. Rett nok gjorde mange opprør mot han på 70- og 80-talet, men dei av oss som det gjorde, gjennomskoda ikkje dei spora ideologien hadde sett i vår eiga tenking.
Vil du vete meir?
Eit oversyn over korleis samisk har påverka norsk, finn du i artikkelen min «Samisk påverknad på norsk språk» frå 2011, som er publisert i NOA Norsk som andrespråk, volum 27 (1), s. 5-32.
I det nye norske språkhistorieverket i fire bind, Norsk språkhistorie I–IV (2016–2018), redigert av Agnete Nesse og Helge Sandøy, er bind III kalla Ideologi. Her er det både i innleiinga og alle kapitla mange eksempel på korleis ideologi har vore med på å prege språkhistorieskrivinga.
Den som har arbeidd mest med samisk påverknad på nordiske språk, er russaren Jurij Kusmenko. I 2008 gav han ut storverket Die samische Einfluss auf die skandinavischen Sprachen. Ein Beitrag zur skandinavischen Sprachgeschichte, som er på 462 sider. Berliner Beiträge zur Skandinacvistik, Band 10. Nordeuropa-Institut, Humboldt-Universität zu Berlin.
Eg skreiv ei melding av boka i 2010: Jurij Kusmenko: Die samische Einfluss auf die skandinavischen Sprachen. Maal og Minne 2, s. 156–186.
Vil du vete meir om resultata av fornorskingspolitikken og stoda for samisk språk, kan du lese språkpraten «Vi må snakke om samisk» (2019) av Hilde Sollid.
[i] Referansen til Stefán Einarsson 1986: “Harp song heroic poetry (Chadwicks). Greek and Germanic Alternative singing”. I: Stefán Einarsson: Studies in Germanic philology. Ed. with an introduction and a bibliographical supplement and notes by Anatoly Liberman. Hamburg: Buske, 196.
[ii] Referansen til Jahr 1997: Jahr, Ernst Håkon 1997: Norway. I Goebl, Hans et al. (utg.): Kontaktlinguistik. Handbücher zur Sprach- und Kommuninikationswissenschaft 12.2. Berlin, New York: de Gruyter, 937–948.