Kva slags namn hadde me i Norden i jernalder og vikingtid, og kva rekna ein for oppkalling på denne tida? Her får du ei kort innføring i ein namnetradisjon me har hatt i Skandinavia sidan før ein byrja å rista runer, og korleis desse skikkane speglar seg i dagens namnebruk.
Av Krister SK Vasshus, stipendiat i nordisk språkvitskap tilknytt Språksamlingane ved Universitetet i Bergen
Dei gamle nordiske personnamna kjem i mange variantar. Helge, Unni, Skjalg, Arnhild, Torleiv og Hilde er berre eit lite utval av eksempel. Felles for slike gamle namn er at dei har opphav i ord som elles blei brukt i språket. Dei kunne bli danna på bakgrunn av verb (som Wīgaʀ, av eit verb som tyder ‘kjempa, slåst’), substantiv (som Aud, som tyder ‘rikdom’) eller adjektiv (Braidō, av adjektivet breid). Mange av namna som blei brukt i jernalder og vikingtid, har gått heilt ut av bruk i dag, mens andre har halde seg godt. Nokre har til og med fått eit oppsving dei siste to hundreåra på grunn av folkeleg interesse for sogelitteraturen og norrøn kultur, som eg skal visa om litt.

Dei nordiske namna kan vera einledda, som vil seia at dei er danna på bakgrunn av eitt enkelt ord (eventuelt med ei avleiing), som Arne (av ordet ørn), Karl (tyder ‘kar, mann’) og Wīgaʀ. Dei kan òg vera toledda, altså samansette av to ledd, som Sigrun, Ingeborg og Wōdurīdaʀ. Dei toledda namna kallar me ditematiske personnamn. Den eldste skriftlege kjelda me har på germanske språk, er skriven på ein bronsehjelm med etruskiske bokstavar datert til ca. 200 fvt., og inneheld faktisk eit slikt ditematisk namn: Harigasti.
Sjølv om dei gamle personnamna blei danna på bakgrunn av ord frå språket elles, er det i nokre tilfelle umogleg å avgjera kva tydinga opphavleg var. Ofte meiner namneforskarar at personnamn mista tydingsinnhaldet tidleg. Dei meiner at ein person som blei kalla Wōdurīdaʀ, ikkje var ein vill eller rasande (som er tydinga i forleddet Wōdu-) ryttar (som er tydinga i –rīdaʀ), og at foreldra som gav namnet, ikkje ønskte å tillegga ungen namnets kvalitetar. Andre forskarar igjen meiner at tydingsinnhaldet må ha vore viktig, og viser gjerne til at tydingsinnhaldet korresponderer med personlegheitsideal i kulturen, parallellar i skaldediktingas metaforbruk eller utsmykking i kunsten frå jernalder og vikingtid. For eksempel stod krigaridealet som kjent ganske sterkt i vikingtida, og ofte finn arkeologane utsmykking som inneheld dei same dyra som blir brukte i personnamn.

Ut frå runesteinsinnskrifter, soger og skikkar fram til nåtida kan me sjå at der har vore tre måtar å bruka oppkalling på. Den måten å kalla opp på som dei fleste kanskje tenker på i dag, nemleg når du får det same namnet som ein besteforelder, ser me først tydelege spor av i vikingtida. Då møter me denne forma for direkte oppkalling i den norske kongerekka. Denne tradisjonen har blitt brukt mykje i Norden fram til i dag, og mange vil nok kjenna dette igjen frå si eiga slekt. Ofte får den eldste ungen namn etter sin farfar eller farmor, den neste ungen etter sin morfar eller mormor, og så vidare etter onklar, tanter eller oldeforeldre. Det kan vera vanskeleg å skilja oppkalling etter oldeforeldre frå oppkalling etter onklar og tanter, fordi det gjerne er dei same namna.
Ein annan måte å kalla opp på, var ved allitterasjon. Det vil seia at namna starta med ein lik lyd. Det finn me til dømes hos ynglingeætta, mellom Domalde, Domar, Dygve og Dag. Den same ætta har seinare oppkalling med vokalar: Aun, Egil, Ottar, Adils, Øystein og Yngvar. Dette er òg ein tradisjon som me ser brukt fram til vår tid, sjølv om ein i dag nok er strengare på at vokalen i starten av namnet skal vera lik.
Den siste måten å kalla opp på, er ved det såkalla variasjonsprinsippet, som blei brukt i toledda (ditematiske) namn. Når ein unge skulle ha namn, kunne dei bruka namneledd som elles var brukt i familien, og på den måten kalla opp meir enn ein person om gongen. På den upplandske runesteinen U1034, står det þorbiarn·auk·þorstain·uk·styrbiarn·litu raisa stain·eftir·þorfast·faþur sin ybir reisti. («Torbjørn og Torstein og Styrbjørn reiste stein til minne om Torfast, far sin. Øpir rista [runene]»). Her ser me at Torbjørn og Torstein er oppkalla etter far sin, fordi dei alle saman har Tor i namnet sitt. Vidare ser me at dei to brørne Torbjørn og Styrbjørn deler leddet bjørn, men her kan me ikkje vita om dei er oppkalla etter nokon andre i familien, eller om dette berre viser ei form for søskentilhøyring. Denne oppkallingsskikken blir òg brukt i dag, for eksempel når Oddny kallar son sin for Oddvar, og ein har i nyare tid (etter 1800) laga mange nye namn på bakgrunn av dette variasjonsprinsippet, som til dømes Kjærlaug, Norunn, Vilfrid, Tryggvald, Norulv og Bjørgny. Ettersom ein stod fritt til å komponera nye namn ut frå kjente namneledd, fekk ein eit særs stort mangfald av desse ditematiske namna. Grjotbjørn, Ljotunn, Igulfast, Ulvhild, Geirheid og Wōdurīdaʀ er døme på utgåtte namn som har blitt brukte før, mens namn som Ingeborg, Bodvar, Gunnhild og Sjurd (utvikla frå Sigurd) har overlevd i konstant bruk til i dag.
Nokre namn har fått dialektal uttale opp gjennom hundreåra, sånn at det som i norrønt blei uttala Þorgeirr har blitt til Terje, Tarjei, Torjer og liknande. Først etter 1945 blei namneforma Torgeir vanleg igjen, på bakgrunn av moderne omsetjingar av den norrøne sogelitteraturen, der omsetjarane ikkje har brukt namneformer frå dialektane. Det same gjeld for det norrøne namnet Gyða, som i dialektane utvikla seg til for eksempel Jø, Jødda, Jodda, Jå og Jåddå. Alle desse dialektformene er ute av bruk nå, mens forma Gyda, med hard g-uttale, er noko brukt etter inspirasjon frå sogelitteraturen.

Nøyaktig kva som gjer at nokre namn har overlevd, mens andre har forsvunne, er vanskeleg å avgjera med feilfri visse. Kanskje har enkelte namn overlevd lengre enn andre fordi dei hadde «flaks» ved å bli brukt i oppkalling? Sånn kan det i alle fall sjå ut når enkelte namn berre har overlevd i ganske avgrensa område, som for eksempel når namnet Torvil berre blei brukt i Telemark og (etter kvart) Aust-Agder frå mellomalderen fram til nå. Nokre namn har kanskje vore meir populære fordi dei har hatt godt kjente og likte namneberarar. Eit godt norsk døme på det er Ola (og Ole/Olav/Oluf osv.), på grunn av Olav den heilage. Namnet Ola kjem av Anulaibaʀ, ei urnordisk samansetjing av anu– ‘forfader’ og laibaʀ ‘arving, etterkommar’.
Som me ser, lever mange gamle namn framleis i dag, mens mange andre gamle namn har gått ut av bruk. Oppkallingsskikkane som ein ser spor av i dei eldste kjeldene våre, finst framleis i dag, og me har halde fram med å laga nye namn på bakgrunn av variasjonsprinsippet heilt til i dag. Me har sett at namn kunne lagast av verb, substantiv og adjektiv. I prinsippet kan me framleis laga namn på denne måten, og det står ingenting i vegen for at me skal få namn som Elska (av verbet), Jerv (av substantivet) og Litle (av adjektivet). Håp og Stråle er allereie i bruk i norsk.
Vil du vita meir?

Norsk personnamnleksikon, utgitt av Samlaget, er eit oppslagsverk over personnamn i Noreg. Her kan du slå opp namn og lesa om kor dei blir brukte, kor namna kjem frå, og kva ordstoff dei er laga av.
Norderlendske fyrenamn (skrive av Eivind Vågslid i 1988) er eit oppslagsverk for dei litt meir interesserte. Om du er i Noreg, kan boka lesast på Nasjonalbibliotekets nettsider. Dette er eit oppslagsverk over (nesten) alle personnamn med nordisk opphav som finst i skriftlege kjelder – det er mange, og registeret med namneformer er godt. Problemet med boka er imidlertid at mange av tolkingane er uriktige ut ifrå nåtidas forsking. Vågslid ville for eksempel for alt i verda unngå at eit namn skulle tolkast i samanheng med førkristen religion. Les derfor med kritisk blikk, og helst dobbelsjekk namneledda med Norsk personnamnleksikon.
På SSB sine nettsider om namn kan du søka opp kor mange namneberarar ulike namn har. Der kan me mellom anna sjå at Ingrid er det einaste gamle nordiske namnet av dei 10 mest gitte namna i 2019, både for gutar og jenter.
I jernalderen snakka folk i Norden urnordisk, og dette språket kan du lesa meir om i den tidlegare språkpraten «Urnordisk – Skandinavias jernalderspråk» (8. juni 2017), som du finn her.