Kva seier ungdomar i Meland om strilemålet?

Du har gjerne høyrt uttrykket “Den må du dra lenger ut på landet med”. Kva skjer med haldningar til strilemålet utanfor Bergen om me gjer nettopp det? Strilemålet er ikkje ein del av bymålet, men er det ein del av ungdomane i Meland sitt språk? I dette innlegget vert det sett nærare på kva haldningar ungdomsskuleelevar i Meland har til strilemål.

Av Ragnhild Lie Anderson, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk/språk

Områda nord, vest og sør for Bergen har tradisjonelt gått under nemninga Strilelandet, sjølv om den geografiske avgrensinga ofte har vore litt uklar. Omgrepet stril brukt om folk har gjerne også ofte gjeve ei noko negativ ladd oppfatning trass i at det eigentleg berre er ei nemning for ein person som høyrde til bonde- og fiskestanden på Strilelandet rundt Bergen.

Om ein tek båten frå Bergen og mot områda nord, vest og sør for byen, kjem ein til det såkalla Strilelandet. Foto: Silje Drevdal

I samband med prosjektet Dialektendringsprosessar på Vestlandet gjennomførte me i 2010 ei stor språkhaldningsgransking med mange klassar ved fem ungdomsskular i Bergen. I denne granskinga fekk me blant anna avdekt at ungdomane i Bergen vurderte bergensdialekten og austlandsk høgast og strilemålet på botn. Haldningane til språk kom fram indirekte eller underbevisst ved at ungdomane vart bedne om å vurdera åtte ulike personlege eigenskapar hjå innspelte stemmer som snakka ulike dialektar.

Åtte år seinare, i 2018, har me gjennomført den same granskinga også på alle dei tre ungdomsskulane i Meland kommune, som ligg på Holsnøy nordvest for Bergen. Mønsteret for denne underbevisste haldningsgranskinga i Meland såg påfallande lik ut som i den tilsvarande granskinga i Bergen ved at penbergensk og austlandsk vart vurdert høgast, gatebergensk i midten og yngre og eldre strilemål på botnen. I dette innlegget er det botnplasseringa av strilemålet som vil bli diskutert vidare. Spørsmålet er kvifor strilemålet kjem på botnen også i Meland, som me tradisjonelt reknar som ein del av Strilelandet?

I 1843–1844 var Ivar Aasen i Meland for å få kunnskap om korleis talemålet var der. Statuen, som står framfor rådhuset, er eit minne om dette. Men kva kan kasta lys over at ungdomane i Meland ser ut til å vera like negative til strilemålet som ungdomar i Bergen? Foto: Anette Fredriksen.

For å få nærare greie på kvifor ungdomane frå Meland var så negative til strilemålet, ville eg spørja ungdomane sjølve om dette. Det å ta utgangspunkt i utøvarane sjølve si oppfatning og forståing av språk går i språkvitskapen under merkelappen folkelingvistikk.

I klassesamtalane etter at ungdomane hadde blitt presentert for desse haldningsresultata, vart det blant anna sagt følgjande:

  • «Eg er glad for at stril ikkje kom på topp. Det er stygt og gamaldags».
  • «Ungdommane snakkar meir bergensk, mens eldre snakkar stril.»
  • «Det er kult å høyrast ut som at ein kjem frå byen og ikkje frå landet.»
  • «Alle dei tøffe kjem frå Bergen, og alle vil snakka som dei.»
  • «Strilemål er litt utdøydd.»
Ungdomsskuleelevane sa i klassesamtalane blant anna at strilemålet er «stygt og gamaldags» og «litt utdøydd» og kopla det til eldre folk og til det å ikkje vere «tøff», som i byen. Foto: Silje Drevdal.

Elevar frå fem av dei tolv klassane som deltok i haldningsgranskinga i Meland, vart seinare besøkte på nytt og bedne om å svara skriftleg på 10 spørsmål om språk og tilhøyrsle. Her skal me sjå nærare på tre av spørsmåla.

Det første av desse tre spørsmåla var følgjande: «Kan du seia om deg sjølv at du høyrer heime på Strilelandet?»

Figuren viser elevane sine svar på om dei høyrer heime på Strilelandet.

Figuren viser at det berre er om lag éin av tre elevar i den skriftlege granskinga som vil svara tydeleg ja på at dei høyrer heime på Strilelandet. Geografisk sett er det liten tvil om at Meland må reknast som eit tradisjonelt strileområde. Det interessante er likevel at dei fleste ungdomane som bur der i dag, anten ikkje har god nok kjennskap til denne merkelappen, eller at dei ikkje opplever noka sterk tilhøyrsle til ei slik nemning. Mange av elevane kan fortelja at dei anten har flytta til Meland frå andre stader, eller at foreldra deira er tilflyttarar. Når dei presenterer seg for folk som kjem frå andre stader av landet, seier dei gjerne at dei kjem frå ein stad litt utafor Bergen.

Av desse grunnene vart det også viktig å få greie på korleis ungdommane vil beskriva måten dei sjølve snakkar på. Dette svarte dei på i følgjande spørsmål: «Snakkar du sjølv strilemål? (Viss ikkje kva dialekt snakkar du?)»

Figuren viser elevane sine svar på om dei snakkar strilemål.

Berre om lag éin av fem elevar hevdar at dei snakkar strilemål til vanleg eller av og til, medan to av tre er heilt klare på at dei ikkje gjer det. Blant dei som svarar nei, skriv nesten halvparten at dei snakkar bergensk, og den andre halvparten at dei snakkar blanding av bergensk og stril. Eit par elevar  skriv også at dei snakkar ei blanding mellom bokmål og nynorsk, har blanding med andre dialektar, medan éin skriv at han snakkar «Meland – Frekhaug» utan at det er gitt kva som eksplisitt ligg i det. 

Denne sjølvrapporteringa kan vera med på å forklara kvifor så mange av dei unge i Meland nedvurderer strilemålet både indirekte og direkte. Eg spurde dei difor også om følgjande: «Korleis vil du beskriva strilemålet?»

Assosiasjonar om at strilemålet er gamalt, og at det vert snakka av folk frå primærnæringane, vert kategorisert som negative karakteristikkar. Her er eit døme på ein slik negativ karakteristikk: «Ikke så veldig fint når ungdommer snakker det, men om eldre snakker det, er det litt søtt, men kort oppsummert så syntes jeg det er stygt.» Døme på andre negative utsegner var: «stygt», «ikke fint», «gammelt», «sånn bønder snakker», «bondegard-språk», «masse sau», «litt mindre pent enn f.eks. sånn de snakker i Bergen». Stundom kunne elevane også hekta på ein rural karakteristikk til dette talespråket: «litt sånn gammal dame på landet snakk».

Positive karakteristikkar av strilemålet var utsegner som: «kvasst, tradisjonelt, klart og tydeleg», «liker det til tider», «kult», «fint», «som en fin dialekt», «gammaldags og flott», «fint språk, snakkar fint», «nydeligt» og «feilfritt og lett å forstå».

Figuren nedanfor gir ei oversikt over svara til elevane om korleis dei vil beskriva strilemålet.

Figuren viser ei inndeling av elevsvara etter korleis dei vil beskriva strilemålet.

Som vi ser, svarar fleirtalet av ungdomane anten at dei meiner strilemålet er nokså likt nynorsk, eller at dei oppfattar strilemålet med negativt forteikn. Det er ikkje uvanleg at folk på Vestlandet omtalar eit lokalt bygdemål eller ein tradisjonell variant av eit lokalt bygdemål for ʼnynorskʼ, slik vi kan lese i språkpraten til Randi Neteland 26.04.19. Det går ofte klart fram at ungdomane i granskinga oppfattar at det er eit skilje mellom skriftspråk og talespråk. Døme på dette er når dei skriv: «Nynorsk bare i tale», «Minner om nynorsk som skriftspråk», eller «veldig likt nynorsk, a-ending». Men her er også døme på at det ikkje verkar som om ungdomane skil mellom skrift og tale: «Nynorsk/gammeldags», «nynorsk» eller «reint nynorsk». Trass i at Meland er ein nynorskkommune, verkar det ikkje som om elevane er veldig positive til dette skriftspråket. Mange av dei valde dessutan å svara på bokmål på nynorskskjemaet dei fekk utdelt.

Nokre av ungdomane kunne fortelja at dei var tospråklege, slik at det å snakka strilemål berre var noko dei gjorde heime i familien, medan dei snakka tilnærma bergensk på skulen. Dette er kanskje ikkje ein veldig uventa strategi dersom dei veit at mange vil oppfatta språket deira på ein avvikande og negativ måte dersom dei snakkar strilemål.

Det kan altså verka som at dei negative stemmene og assosiasjonane til strilemål har fått overtaket hjå dei unge i Meland. Når ungdomsskuleelevane samla viser så lite stoltheit over det nedervde språket på staden, kan det også vera vanskeleg for dei som vil, å snakka dette språket blant jamaldringar. Haldningane til det å snakka stril viser seg stort sett å vera knytte til negative verdiar eller noko akterutsegla. Om det ikkje alt er for seint, må ein truleg difor dra endå lenger ut på landet dersom ein i dag vil finna positive haldningar til strilemålet.

Ungdomsskuleelevane i Meland viser til saman lita stoltheit og mange negative assosiasjonar til strilemål. Så kanskje må ein enda meir ut på landet for å finna meir positive haldningar til strilemålet? Foto: Silje Drevdal.

Vil du vita meir?

Forskinga i dette innlegget er ein del av prosjektet Dialektendringsprosessar på Vestlandet. Eg har tidlegare også publisert ein artikkel i Språkprat «Haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Bergen» (17.08.17) av Ragnhild Lie Anderson.

Elles finst det vitskaplege artiklar knytt til begge desse granskingane her:

Anderson, Ragnhild. 2010. «Medvitne og umedvitne haldningar til bergensk, austlandsk og strilemål hjå ungdomar i Åsane». I: Danske talesprog. Bind 10: 80 – 107. København: Museum Tusculanums Forlag.

Anderson, Ragnhild Lie. 2020. Haldningar til strilemål i og rundt Bergen. I: Målbryting, 11, 23 – 52.

Du kan også lesa om dette temaet i artikkelen:

Sandøy, Helge, Ragnhild Lie Anderson og Maria-Rosa Doublet. 2014. «The Bergen dialect splits in two» I: Braunmüller, Kurt, Steffen Höder og Karoline Kühl (red.) Stability and Divergence in Language Contact. Factors and Mechanisms. Amsterdam: John Benjamins Publishing Company: 239–263.

Er du interessert i å vita meir om haldningsgranskingane på Vestlandet, kan du lesa denne artikkelen: Anderson, Ragnhild Lie og Edit Bugge. 2015. «Dialect and other explanatory factors in subconscious verbal guise tests» I: Acta Linguistica Hafniensia. Volume 47 nr. 2: 244–267.

At vestlendingar ofte brukar nemninga ‘nynorsk’ om dialektar, kan du lesa meir om i språkpraten «Dei snakkar no litt nynorsk» (26.04.19) av Randi Neteland, og i denne artikkelen: Neteland, Randi. 2014. «Å snakke bokmål og å snakke nynorsk» I: Brunstad, Endre, Ann-Kristin Helland Gujord og Edit Bugge (red.). Rom for språk. Oslo: Novus.