«Dei snakkar no litt nynorsk»

Du har sikkert høyrt at folk kan seie noko slikt som at «der snakkar dei nynorsk» eller «han snakkar meir bokmål enn meg». Kanskje irriterer du deg over dette, sidan omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ viser til skriftspråk og ikkje til talemål. Det gjorde i alle fall eg – heilt til eg bestemte meg for å ta dei på alvor. Kva meiner eigentleg folk når dei seier at nokon snakkar bokmål eller nynorsk?

Av Randi Neteland, postdoktor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

I denne språkpraten skal eg vise fram resultata frå ei undersøking av kva folk snakkar om når dei brukar omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ for å karakterisere ein dialekt eller ein måte å snakke på.[i] Eg brukte intervju i det vestnorske dialektkorpuset Talebanken som datagrunnlag for undersøkinga mi.[ii] Desse intervjua blei i utgangspunktet gjennomført for å undersøke dialektane til dei som deltok i undersøkinga, men innhaldet i intervjua er også interessant: Informantane (intervjupersonane) svarar på spørsmål om kva dei gjer på fritida, korleis dei trivst der dei bur, og om kva dei tenkjer om eigen og andre sin dialekt. Det er i denne siste delen av samtalen vi finn mange døme på at dei brukar omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ for å forklare noko om sin eigen dialekt eller andre sin språkbruk.

Ei undersøking av den typen eg viser til her, kallar vi gjerne for ei folkelingvistisk undersøking fordi vi ser på ‘folk’ (altså ikkje-språkforskarar) sine utsegner om språk som ei kjelde til kunnskap om språk og språkbruk i samfunnet (Niedzielski og Preston 2000). Gjennom å undersøke kva vanlege folk seier om språk, kan vi forstå meir av kva haldningar dei har for eksempel til ulike dialektar, og kanskje også forstå betre kvifor og korleis dialektane endrar seg.

Folkelingvistiske undersøkingar undersøker kva vanlege folk seier om språk. Dette kan skilje seg frå kva forskarar seier om språk. Foto: Silje Drevdal.

I ei folkelingvistisk undersøking er det viktig at datamaterialet er systematisk og ryddig innsamla, slik at vi ikkje baserer oss på tilfeldige inntrykk av kva ‘folk’ seier om språk og språkbruk. Eg søkte difor fram alle tilfella i datamaterialet der informantane snakka om ‘bokmål’ og ‘nynorsk’, og samla saman utsegnene som handla om munnleg språkbruk, på ein eller annan måte (om lag 450 utsegner). Deretter koda eg utsegnene med stikkord, for å finne likskap mellom dei og dimed kome fram til overordna kategoriar dei kunne plasserast i. Etter ein del prøving og feiling kom eg fram til sju kategoriar, sju ulike måtar som omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ blir brukte på for å karakterisere talemål.

Den første måten å bruke ordet ‘nynorsk’ om talemål på, er å bruke det for å beskrive eit lokalt bygdemål. For eksempel er det ein bergensar som seier «dei snakkar jo nynorsk» om dialekten til sine kollegaer frå nabokommunen Os. Denne typen eksempel var det mange av i opptaka, og folk brukar også ‘nynorsk’ om sin eigen dialekt. Ein frå Øygarden utanfor Bergen seier det slik:

«Det er eit lite paradoks det at du har ein nynorsk dialekt eigentleg, sant, men det er lettare å skrive bokmål.»

Ordet ‘nynorsk’ kan brukast om lokale bygdemål. Biletet er frå bygda Gaupne, som er kommunesenter i Luster kommune. Foto: Silje Drevdal.

Som ein naturleg motsetnad til å kalle vestnorske bygdemål for ‘nynorsk’, finn vi mange døme i opptaka på at vestnorske bydialektar blir kalla for ‘bokmål’. For eksempel seier informantane at folk ifrå Bergen, Stavanger og Molde snakkar bokmål. Eg fann også mange eksempel på at folk bruker ordet ‘bokmål’ når dei skal forklare korleis ein snakkar på Austlandet, eller korleis oslodialekten er.

Medan ordet ‘nynorsk’ kan brukast om lokale bygdemål, kan ordet ‘bokmål’ brukast om (vestnorske) bydialektar, som til dømes talemålet i Bergen. Foto: Silje Drevdal.

Det er altså mange forskjellige dialektar som får merkelappane ‘nynorsk’ eller ‘bokmål’ i intervjua, og nokre gonger seier også informantane kva dialektar som ikkje er ‘nynorsk’ eller ‘bokmål’.

Dette er ei oversikt over alle dialektane som blir nemnt at er – eller ikkje er – ‘nynorsk’ og ‘bokmål’. Legg merke til at nokre dialektar, som bergensk, finst i alle fire gruppene. Det vil seie at bergensk blir nemnt i intervjua som noko som er – og ikkje er – både nynorsk og bokmål.

I tillegg til at ‘nynorsk’ kan brukast om bygdemål og ‘bokmål’ brukast om bymål og/eller austnorsk, kan folk bruke omgrepsparet ‘nynorsk’ og ‘bokmål’ for å skildre endringar i dialekten. Då brukar folk ordet ‘nynorsk’ for å beskrive den tradisjonelle måten å snakke dialekten på, medan den moderne dialekten blir kalla for ‘bokmål’.

Eit eksempel på dette er at ein intervjuar spør ein ung informant frå Øygarden utanfor Bergen om hen tenkjer at hen snakkar på same måte som besteforeldra sine, og då svarar hen at

«dei snakkar sånn … eg veit ikkje korleis eg skal seia det… veldig nynorsk».

Ein annan ung informant frå Øygarden fortel at hen har fått negative kommentarar på sin måte å snakke øygarddialekt:

«Dei har sagt at eg snakkar altfor bokmål.» Ein informant frå Bolsøy utanfor Molde spår om framtida til den lokale dialekten at «fleire og fleire kjem til å gå over til bokmål».

I same kategorien finn vi utsegner om at ‘bokmål’ påverkar dialekten, eller at når dialekten endrar seg, blir det meir ‘bokmål’. For eksempel er det ein informant frå Stavanger som seier at dialekten endrar seg med at

«det meir bokmålsaktige kjem inn, og så blandast det med Stavangerdialekt».

Vidare seier ein informant frå Bolsøy til ektefellen sin at

«viss det er framande som ringjer, så kan du fort nesten vere borti bokmål du òg.»

Orda ‘nynorsk’ og ‘bokmål’ kan også brukast for å skildre endringar i dialekten. Då blir ‘nynorsk’ brukt om den tradisjonelle måten å snakke dialekten på, medan ‘bokmål’ tilsvarande blir brukt om den moderne dialekten. Foto: Silje Drevdal.

Det finst også nokre få eksempel på at folk seier at dialekten kan blir meir ‘nynorsk’. Det kan vere når unge folk snakkar med eldre, for eksempel den unge informanten frå Øygarden som seier følgjande:

«Når eg snakkar med bestemor, og sånn, då snakkar eg sikkert litt meir, litt meir sånn nynorsk.»

Eller det kan vere at ein må legge om for å gjere seg forstått, slik ein informant frå Årdal som arbeidde i rikstelefonen fortel:

«Då måtte me jo leggja om. Kunne ikkje sitje og seie saukjan og nikjan og akjan når folk bestilte samtalar og du skulle gjenta alt dei sa. Men det vart jo ikkje bokmål. Det vart meir ein nynorsk.»

Slike eksempel finn eg flest av frå Årdal, kanskje fordi dei kallar sin eigen dialekt for ‘årdøl’ og snakkar om korleis ‘årdøl’ skil seg både frå dialektar dei kallar for ‘nynorsk’ og ‘bokmål’.

I tillegg til at folk bruker ordet ‘bokmål’ om dialektane i byar eller på Austlandet, eller for å forklare korleis bygdedialektane endrar seg, brukar dei ordet ‘bokmål’ om opplesing av tekst i media, om talemålet ein lærar snakkar på kurs i norsk for utlendingar, om kva type norsk logopeden lærer borna, eller om talemålet ein må eller bør snakke til utlendingar for at dei skal forstå. I alle desse tilfella snakkar folk om eit talemål som ligg nært opp til bokmålet nettopp fordi det er skriftspråksbasert. Difor brukar også nokre informantar ‘nynorsk’ med same tyding (viss talemålet er basert på nynorsk skriftspråk). For eksempel er det ein frå Midsund utanfor Molde som meiner at

«det ikkje så mange romsdalingar i radio og tv, i alle fall ikkje i tv, som snakkar dialekten sin. Dei rundar det av til nynorsk.»

Ovanfor ser vi ei oversikt over alle dei sju måtane folk bruker omgrepa ‘nynorsk’ og ‘bokmål’ på for å karakterisere eit talemål.

Når folk bruker orda ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ for å beskrive eit talemål, så snakkar dei dermed ikkje feil, dei blandar ikkje saman skriftspråk og talemål. Dei meiner å seie noko om talemål, og dette som dei meiner å seie, er såpass tydeleg og forståeleg at eg kunne sortere det i sju kategoriar i denne vesle undersøkinga mi. Samtidig kan vi vel vere einige om at det ikkje er særleg tydeleg og presis språkbruk når så forskjellige dialektar som austlandsk og moldedialekt får merkelappen ‘bokmål’, eller når endringane i øygardsdialekten blir karakterisert med at den blir meir ‘bokmål’. Som språkvitar vil eg ikkje oppmode til ein så upresis omgrepsbruk, men eg trur eg kan forstå den betre no. Den tydelegaste fellesnemnaren for dei talemåla og talemålsendringane som kallast for ‘bokmål’, er at dei på ulike vis står i kontrast til dei vestnorske, tradisjonelle bygdedialektane, som kallast for ‘nynorsk’.

Orda ‘bokmål’ og ‘nynorsk’ vert brukt om så mykje forskjellig at orda ikkje er særleg presise. Det klaraste funnet er at ‘nynorsk’ viser til dei vestnorske, tradisjonelle bygdedialektane, og at ‘bokmål’ står i motsetnad til det. Foto: Silje Drevdal.

Vil du vite meir?

Denne språkpraten er basert på ein artikkel eg publiserte i boka Rom for språk. Nye innsikter i språkleg mangfald, som er redigert av Endre Brunstad, Ann-Kristin Helland Gujord og Edit Bugge (2014, Novus forlag). Artikkelen heiter «Å snakke bokmål og å snakke nynorsk». Den kan du lese her:

Reidunn Hernes har skrive ein interessant artikkel om det motsette fenomenet, nemleg det vi ofte kallar for å skrive på ‘dialekt’. Artikkelen heiter «Å skrive på bokmål og nynorsk – er det spørsmålet?» (Maal og minne nr. 2, 2012) og handlar om i kva situasjonar og med kven informantane vel å skrive på bokmål, nynorsk, og ‘dialekt’, og korleis vala dei gjer heng saman med identitet og meistring.

Det er ikkje tvil om at vi nordmenn har mange assosiasjonar til omgrepa ‘bokmål’ og ‘nynorsk’. Brit Mæhlum har ein analyse av dette i kapittel 8 av boka Konfrontasjoner. Når språk møtes (2008, Novus forlag), der ho mellom anna drøftar om nynorsk er «i tradisjonens varetekt?», og korleis og kvifor nynorsken har fått slike assosiasjonar knytt til seg.

Vil du vite meir om kva folkelingvistikk er, og korleis du kan gjennomføre folkelingvistiske undersøkingar, anbefaler eg at du les noko av Dennis Preston, for eksempel denne boka som han har skrive saman med Nancy Niedzielski:

Niedzielski, Nancy, A. og Dennis R. Preston. 2000. Folk linguistics. Berlin: de Gruyter.


[i] Sitatet i tittelen er henta frå eit intervju med ein bergensar som seier følgjande: «Men eg trur no det at folk på min alder som bur i Arna, dei snakkar no litt nynorsk.»

[ii] På det tidspunktet eg gjennomførte undersøkinga, var det dialektane frå Bergen (Fana og Bergenhus), Bolsøy, Midsund, Molde, Sauda, Stavanger, Øygarden og Årdal som låg inne i Talebanken. Etter det har fleire vestnorske dialektar kome til. Her finn du oppdatert informasjon om talemålskorpuset Talebanken.