Da Aasen skulle gjere landsmålet forståeleg

Hadde vi hatt problem med å snakke med informantane hans Ivar Aasen? Språket forandrar seg jo så mykje, og særleg gjer dialektane det – blir det sagt. Slike påstandar kan testast. 

Av Helge Sandøy, professor emeritus ved Universitetet i Bergen

Når ein ser på faktisk språkbruk ved å studere konkrete samanhengande tekstar, oppdagar ein at strukturen (dvs. grammatikken) i dei fleste dialektane er lite forandra dei siste 200 åra. Men ein kan tenke seg at det er annleis med ordforrådet, som forandrar seg på ein prinsipielt annen måte. Orda er mellom anna lettare tilgjengelege for bevisstheita, og derfor kan språkbrukarane ha betre styring over endringane i dei. Dermed kan for eksempel språkleg prestisje lettare påverke ordforrådet. Språkforskaren William Labov har såleis skilt mellom changes from below og changes from above, og det siste gjeld orda.

Korleis kan vi sjekke om ordforrådet har endra seg mykje? Jo, vi kan for eksempel bruke tekstane Ivar Aasen gav ut i 1853 (i Prøver af Landsmaalet) som uttrykk for dialektane for 200 år sia, da informantane hans lærte seg å snakke. For å hjelpe lesarane på 1850-talet med å forstå norsken frå folkedjupet laga Aasen notar til ord i tekstane. Nettopp orda som allereie i 1853 trong forklaring, kunne ein tenke seg var på sotteseng da. Korleis har det gått med desse orda seinare? Ein stor orddaude kan antyde eit svar på spørsmålet ovafor. Ei muleg feilkjelde ved denne metoden kjem av at Aasen og den nasjonalromantiske samtida var historisk orientert slik at gamle ord blei framheva sjølv om dei alt var på vikande front i språkbruken. Dette kan eventuelt gi ein overrepresentasjon av utdauda ord.

Bilde1
Eit av orda Aasen forklarar i fotnotatane sine, er ordet kjeks. Dette er eit regionalt ord frå Nord-Norge brukt om ein liten færing, altså båt med fire årar. Foto: Ann Silje Ingebrigtsen, kjelde: Alta Museum.

Sjølvsagt er det nokre uforståelege ord i desse tekstane, som skal representere dialektane tidleg på 1800-talet. Av dei orda eg ikkje forstod i dei til saman 136 fotnotane i dei seks første prosatekstane, var flogrogn og kjeks. Ordet flogrogn har Aasen forklart i fotnoten som «et Rønnetræ, som er voxet paa et andet Træ».Ettersom eg er kystbu og ikkje har vakse opp med skog, er eg kanskje unnskyldt for å ikkje kunne dette ordet. Så langt eg kan orientere meg, er dette framdeles eit normalt fagord. Båttypen kjeks i Nord-Norge heiter på mine kantar torøng og er ein liten færing, så her er det tale om regionale forskjellar. Heller ikkje her har vi altså orddaude.

Bilde2
Kartet viser utbreiinga av ordet kjeks. Kjelde: Norsk Ordbok.

Eg kjenner nok ord som innlandskrabbar ikkje forstår: sjøburd, keile og toknene («Søgang», «Sund eller smalt Indløb» og «Gjællerne»). «Der æ stor Sjøbor aa tung Sjø», fortel Aasen om Vestfjorden, men «der ‘æ saa mang Vaaga aa Kjeila» at sjøfolket dermed kan berge seg. Personen i forteljinga, borgaren på Utrøst, «tok Kveita i Toknann aa drog ho uppaa Bryggja».

Desse orda lever framdeles godt hos dei som snakkar om slikt, og med så lang kystlinje som landet vårt har, er det neppe rett å rekne dei som regionale.

Bilde3
Ord frå fiske, for eksempel toknene (om gjellene på fisk), lever godt sjølv om ikkje alle innlandskrabbar forstår dei. Foto: Helge Sandøy.

Det er eigentleg vanskeleg å avgjere om ord er daude, men kan hende er ei bogn for «Bønne», veite («vender») og obørt («som man ikke kan bjerge sig i») ute av bruk i dag? Kanskje gjeld det òg dei trønderske orda fale og oveli, som begge betyr «overmaade». Men obørt dukka  forsyne meg opp i Harstad Tidende 19.4.2011! Så kven veit? Den mulege dauden gjeld i alle fall ikkje meir enn éi handfull av orda som har fått forklaring i fotnotane til desse seks første prosatekstane i Prøver af Landsmaalet.

Bilde4
Kartet viser utbreiinga av ordet tokn. Dette er ikkje eitt daudt ord, og slik er det med dei fleste orda som Aasen forklarar. Kjelde: Norsk Ordbok.

Det sterkaste – og mest overraskande – inntrykket mitt gjeld ikkje orddaude og dermed ukjente ord. I staden sit eg med desse spørsmåla: Måtte dét og dét ordet verkeleg forklarast for lesarane i 1853? Forstod dei ikkje heilt vanlege ord? Var det slik avstand mellom folket, som fekk språket sitt skriftleggjort i denne boka, og kultureliten, som Aasen rekna som lesargruppa si? Notane er ein dokumentasjon på kva den språkbevisste Aasen venta seg av manglande språkforståing.

At dei regionale orda trong forklaring, er rimeleg. Ordet børnskap må nok forklarast i dag òg for folk frå sør for Dovre, likeins som eg som nordvestlending må vere budd på å forklare vegn når eg snakkar om det same med folk andre stadar ifrå, for dei seier nok helst fiskeutstyr.

Bilde5
Kartet viser utbreiinga av ordet vegn. Kjelde: Norsk Ordbok.

På hi sida er ikkje nordmenn i vår tid så redde for å bruke nokre regionale ord i skrift. Mange fleire enn forfattaren Olav Duun og diktaren Alf Prøysen slepper morsmålet til i tekstane sine. Vi har nok ein mistanke om kva for eksempel treisk betyr; vi har kanskje høyrt eller lese ordet av og til òg. I avisa Helgelendingen for 4. mai 2018 finn eg for eksempel dette: «Moder’n fikk beskjed om at jeg kom til å dø, men jeg var treisk allerede da, så jeg dro meg til, forteller Bjørn.» Presist blir ordet treisk forklart slik av Aasen: «stivsindet, ubøielig». På grunn av at vi nå kan sleppe meir av både den regionale og den sosiale breidda til i skriftspråket, er det offentlege fellesspråket vårt truleg blitt mykje rikare. Dét er faktisk det motsette av orddaude.

Det er faktisk mest allmennord Aasen forklarar. Ordet unna er forklart med «borte fra». Det ordet finst jo ikkje på dansk, men ein kunne neppe unngå å høyre det i norsk tale. I dag ville vel ingen finne på å lage nokon fotnote med forklaring på brem og brot i ein tekst som hadde med sjø å gjere. «Brændinger og Bølgebrud» verkar i dag som unødvendige forklaringar, men måtte altså til for vel 160 år sia. Preteritumsforma trengt’ måtte òg forklarast med «behøvede».

Bilde6
Aasen forklarte mest allmennord, og fleire av dei hadde med sjø å gjere. I dag verkar det nok unødvendig å skulle forklare ord som brem og brot. Foto: Geir A. Granviken.

Kveita er forklart som «Helleflyndre». I dag er fiskenamnet kveite normalordet i alle sosiale lag, mens helleflyndre er eit regionalt ord frå Oslofjorden. Endatil saa di kalla blir omsett, dvs. til «som man kalder», fordi pronomenet di (‘dei’) her blir brukt utan å vise til nokon bestemte. Når det i teksten står å få att, må dessutan att forklarast med «atter tilbage».

Bilde7
Kartet viser utbreiinga av ordet kveite. Kjelde: Norsk Ordbok.

Ofte kommenterer Aasen den lydlege forma på heilt allmenne ord. Aasen var jo litt fortvilt over trønderske ordformer som våttå, vårrå, dågå osv. for «vete, vere, dagar». Han forstod nemleg ikkje systematikken i dei. 18 av dei 77 notane til trøndertekstane gjeld slikt. I dag er det ikkje opplagt at vi treng å forklare slike former når lesarane først er klare over at dei les ein trøndersk tekst. Dialektbruken i media og i alle sosiale situasjonar har auka fortrulegheita vår med språklege variantar.

Reine ortografiske ting måtte òg forklarast i 1853, for eksempel at h-en dett vekk i trykklette pronomen. Når det heiter «ba ‘an», må det forklarast som «bad ham» osv. Ei lita opphoping av h-bortfall har vi i «sjer en ‘a» i ei prøve frå Stjørdalen, altså «ser han ho».

Noteapparatet i Prøver af Landsmaalet blir ein innfallsport til ein historisk språkkultur som verkar temmeleg fremmend i dag, og det fortel om stor kulturell avstand i 1853 frå fiskaren i båten til embetsmannen med langpipe framfor klebersteinsomnen. Men hadde verkeleg lesarane på den tida så liten kontakt med bondesamfunnet at dei ikkje var kjent med ord vi i dag tar som sjølvsagte? Vel, det har eg vanskar med å tru heilt og fullt. Her har vi nok heller å gjere med holdningar til dei andre.

Aasen levde på ei tid da standssamfunnet var på sitt tydelegaste. Det skulle vere sosial avstand, og det var neppe nokon utbreidd motivasjon for å forstå folkeleg språk. Embets- og borgarstandet snakka “kulturspråket”, altså prestisjespråket, som låg nær dansk skriftmål. Truleg var det stas å markere at ein ikkje forstod det ein forakta. Ein motvilje mot å forstå dialektar var òg godt kjent fram til dialektbølgja på 1970-talet, så det er kanskje for somme av oss råd å tenke seg inn i ei slik verd med språklege standsforskjellar og språkleg forakt.

Bilde8
Truleg fortel noteapparatet i Prøver af Landsmaalet meir om kva holdningar embets- og borgarstandet hadde til bønder og fiskarar, enn om kva ord dei faktisk kunne forstå. Foto: Odd Egil Sandøy.

Hovudinntrykket etter ein slik tekstgjennomgang er altså ikkje at vi har hatt noko stort ordtap dei siste to hundre åra. Tar vi omsyn til den mulege feilkjelda vi nemnte først i artikkelen, om at Prøver af Landsmaalet truleg kunne ha ein overrepresentasjon av utdauda ord, blir dét enda meir slåande. I staden får vi tydeleggjort i kor stor grad dei folkelege orda har fått sleppe til – nedafrå – i det moderne offentlege språket. Derfor hadde vi neppe hatt problem med å forstå informantane hans Ivar.

 

Vil du vete meir?

Ivar Aasen: Prøver af Landsmaalet (1853) finst tilgjengeleg her.

Dei strukturelle endringane i dialektane siste 200 åra er drøfta fleire stadar, ikkje minst i boka eg redigerte i 2015: Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk (Oslo: Novus).

I to artiklar har eg vist korleis ein kan kvantifisere og jamføre omfanget av slike endringar: «Språk i endring − i struktur og i tanke» (i: Jon Gunnar Jørgensen & Lars S. Vikør, red., Nordiskfaget – tradisjon og fornying. Maal og Minne 100 år, s. 55–68. Oslo: Novus, 2011) og «Norsk talemål etter Aasen» (i: Jan Ragnar Hagland & Åse Wetås, red., Ivar Aasen ute og heime – om moderne språkdokumentasjon etter Ivar Aasen, s. 90–109. Skrifter 2015, 1. Trondheim: Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, 2015).

Det er elles laga fleire orddaudestudiar, men det har i liten grad vore sett på konsekvensane i samanhengande tekst. 

En kommentar om “Da Aasen skulle gjere landsmålet forståeleg

Legg til din

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere like this: