Travle arbeidsreiser, ei ordreise og merkeleg nok litt tortur

Ordet travel vart nytta 698 gonger i norske aviser i desember månad, og då med ein klår topp juleveka.[i] Ein svensk kjenning elskar ordet, reknar det som særnorsk og gjorde forsøk på å innføra det i svensk. Det funka ikkje. Men ordet er lånt inn i norsk – og er eit strålande døme på korleis ordtydingar endrar seg over tid og landegrenser. 

Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen (ibb@nla.no)

Eg er så heldig at eg har forskingsfri. I motsetnad til barnefri, eit noko omdiskutert ord, er ikkje forskingsfri fri frå forskinga, men derimot frikjøp frå andre arbeidsoppgåver for å forska. Det har gjeve meg usedvanleg travle dagar. Det er jo så mykje å gjera, så mange stader å vitja, så mykje å skriva og så mange kjekke konferansar å reisa på.

Resultatet er altså eit travelt år med mange arbeidsreiser, og ei veksling mellom ulike arbeidsspråk, både moderne og gamle: norsk (nynorsk og bokmål), fransk og engelsk, norrønt og gammalfransk. Og i desse travle arbeidsreisene mellom ulike språk er nettopp ordet travel riktig morosamt. Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka forklarar det med ‘som har mykje arbeid; sterkt oppteken’. Ordet kan vera eit adjektiv: «Det er travle dagar i eksamenstida», eller eit adverb: «Eg er travelt oppteken med å sensurera eksamensoppgåver». Men kvar kjem det frå?

 

Budal4
Arbeidsreiser kan vera svært travle. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Universitetet i Bergen og Språkrådet har nyleg teke til med det store revisjonsarbeidet av  Nynorskordboka og Bokmålsordboka, og det  gler eg meg over. Ein av grunnane til at dette arbeidet er naudsynt, er at desse ordbøkene opphavleg vart utvikla som to individuelle trykte bøker. Så lenge dei var det, var ikkje skilnadane mellom dei svært synlege. Men no er begge nettbaserte oppslagsverk med ein genial gratisapp. Eit ordsøk på begge målformar gjev sidestilte ordforklaringar. Dette synleggjer skilnadane mellom dei to verka, både i form og innhald. Ein del av det planlagde revisjonsarbeidet er difor å gjera dei to ordbøkene likare.

Eit søk på ordet travel i dei to ordbøkene viser at det er skilnadar mellom kva informasjon det vert gjeve om opphavet til ordet, altså om etymologien:

Budal4.1
Dette oppslaget på same ord, travel, i Nynorskordboka og Bokmålsordboka viser klare skilnadar mellom ordbøkene. Kjelde: Nynorskordboka og Bokmålsordboka, Universitetet i Bergen.

Der Bokmålsordboka oppgjev at travel har «trolig same opphav som fransk travail ‘arbeid’», er dei mindre sikre i Nynorskordboka, der travel berre «kanskje (har) same opphav som fransk travail ‘arbeid’». Yann de Caprona si tematisk ordna Norsk etymologisk ordbok (2013) har plassert travel i bolken «Økonomi og arbeid». Det høver godt med opphavet til ordet i det franske travail, ‘arbeid’, som igjen vert plassert som ei avleiing av latin tripalium. Og her kjem torturen inn i biletet. Tri er (som i karmøydialekta, men utan band til denne!) talet ‘tre’, medan palium tyder ‘pålar’. Det har vore foreslått at ein tripalium var eit torturinstrument, og ettersom arbeid kan vera eit plage, har ordet fått ei utvida tyding. Det er gode grunnar til å stilla seg skeptisk til denne forklaringa, slik også G.-G. Nicholson gjorde så tidleg som i 1927, men underhaldande er ho.

Budal4.2
Ordet travel på norsk har truleg opphav i det franske ordet travail, som tyder ‘arbeid’. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Det franske (og anglo-normanniske) travail hadde i mellomalderen ei vidare tyding enn i dag. Ifølgje Anglo-Norman Dictionary kunne dette ordet frå 1100-talet tyda ‘1) torment; 2) persecution; 3) hardship, suffering; 4) distress, affliction; 5) trouble, pains; 6) toil, labour; 7) effort, exertion; 8) compensation for trouble; 9) (handi)work; 10) (act) of travelling; 11) matter, business; 12) fight, clash’.

Felles for alt dette er vel eit visst ubehag? Og då ligg det også informasjon om at det å reise, altså den tiande tydinga, ‘(act) of travelling’, har vore ein lite lystprega aktivitet. Men det er altså denne tydinga som først og fremst står att i moderne engelsk – travel i tydinga ‘reise’. Og då har ordet, som opphavleg peika på eit slitsamt arbeid – og kan hende tortur? – blitt til noko positivt. Substantivet travail eksisterer elles framleis i engelsk, men er mindre brukt og vert hovudsakeleg brukt i fleirtal, altså travails, og då i tydinga ‘difficult situations and unpleasant experiences‘. Dette høver også godt med den medisinske tydinga av travail på fransk, som er ‘fødselsrier’.

Budal4.3
Felles for alle tydingane til det anglo-normanniske ordet travail er at dei viser til eit visst ubehag. I mellomalderen gjaldt dette også reiser. Men dette har kanskje endra seg? Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Det er rimeleg å tru at desse tre orda, det norske travel (adjektiv og adverb), det franske travail (substantiv) og det engelske travel (substantiv og verb) har eit felles opphav i noko som korkje har vore positivt ladd eller lystprega. Vert desse orda framleis oppfatta slik? Nei, det trur eg ikkje. I eit samfunn der reiser, karriere, arbeid og det å vera ettertrakta er statussymbol, har desse orda, som har eit opphav i ubehagelege og uønskte plager, blitt statusmarkørar.

Og i all skiftinga mellom språk vert eg sjølv somme tider litt språkforvirra. Då kan eg prestera å snakka om dei travle arbeidsreisene mine på eit slags hybridspråk som kombinerer norsk, fransk og engelsk, og eg kunne ha sagt noko slikt som travle travailtravels.

Budal4.4
Det å vera travel og å reisa har no blitt statusmarkørar. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Vil du vita meir?

Ordbøker av alle slag er nyttige. Her har eg som nemnt særleg  nytta Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som de finn her, Anglo-Norman Dictionary (www.anglo-norman.net) og Larousse og Cambridge Dictionary sine enkle nettutgåver (www.larousse.fr og https://dictionary.cambridge.org/).

Er ein interessert i lånord i norsk, er Helge Sandøys bok Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk (LNU, Oslo: Cappelen, 2000) ein fin stad å ta til. Denne boka finn ein også tilgjengeleg på nett her.

Og om ein vil sjå på bruken av ord i norske aviser, er søkemogelegheitane i mediearkivet Atekst (Retriever), som de finn her, mange.

[i] Talet er henta frå mediearkivet Atekst 09.01.2019.