Bokmål eller nynorsk? – Norskopplæring for innvandrarar i nynorskkommunar

Mange av innvandrarane i undersøkinga vår hevdar at det er lettare å lære bokmål enn nynorsk, særleg fordi det er meir bokmål i samfunnet. Illustrasjonen viser eit utsnitt av boka Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege som vi har utvikla som ein hjelp for norskopplæring i nynorsk. Denne boka kan ein laste ned gratis her. Kjelde: www.nynorsksenteret.no.

I Noreg er det eit politisk mål å sikre at alle innvandrarar får ei god norskopplæring. Tilstrekkelege norskferdigheiter er avgjerande for å bli integrert i det norske samfunnet, men den norske språksituasjonen med to likestilte målformer opnar opp for eit viktig spørsmål. Kva slags norsk skal innvandrarane lære først: bokmål eller nynorsk? I dette innlegget skal vi sjå nærare på kva nokre innvandrarar i nynorskkommunar meiner om denne problemstillinga.

Av Birgitte Fondevik og Hilde Osdal, førstelektorar i norsk ved Høgskulen i Volda

Heilt sidan dei første norskkursa kom på 70-talet, har det vore vanleg praksis at innvandrarar får opplæring i bokmål. Dette gjeld også dei som bur i nynorskkommunar, dvs. kommunar som har valt nynorsk som skule- og administrasjonsmål. Men denne praksisen har i den siste tida vore i endring. Frå og med 2003 har fleire og fleire innvandrarar fått opplæring på nynorsk, og i 2017 gav heile 51 av totalt 113 nynorskkommunar nynorskopplæring for innvandrarar.

Fondevik.Osdal1
Tradisjonelt har det vore vanleg praksis at innvandrarar i nynorskkommunar får norskopplæring i bokmål. Men dette har endra seg drastisk dei siste tiåra, ved at stadig fleire innvandrarar får opplæring på nynorsk. Fleire aktørar har kjempa for denne endringa. Skjermdumpen viser ein kampanje for nynorsk opplæring av vaksne innvandrarar som Noregs mållag står bak. Kjelde: Noregs mållag.

Å få opplæring på den målforma som fleirtalet i lokalsamfunnet nyttar, og som også er nær det lokale talespråket, må vel auke motivasjonen til innvandrarane i nynorskkommunar og føre til betre integrering av dei? Eller er det ikkje slik? For å få ei større forståing for spørsmålet om målform i norskopplæringa er det viktig å snakke med dei det gjeld, nemleg vaksne innvandrarar som bur i nynorskkommunar. Vi gjennomførte difor ei undersøking basert på intervju for å finne ut kva dei vaksne innvandrarane sjølve meiner: Vil dei helst ha norskopplæring på bokmål, eller meiner dei det er betre å få opplæringa på nynorsk?

«Å nei! Eit heilt nytt språk», tenkte Afskin frå Syria då han fekk vite han måtte gå over frå bokmål- til nynorskopplæring.

«Nokon seier at bokmål er lettare enn nynorsk, men eg veit jo ikkje om det er sant», seier Maria frå Venezuela som berre har erfaring med opplæring på nynorsk.

«Det er bra at eg lærer nynorsk så eg kan hjelpe borna mine med leksene», seier Irina frå Russland.

«Nynorsk passar best på bygda, men skal ein ta høgare utdanning, må ein kunne bokmål», seier studenten Magda frå USA.

Fondevik.Osdal2
Er det best for vaksne innvandrarar å få norskopplæring på nynorsk eller bokmål? Innvandrarane i undersøkinga vår har ulike syn på dette. Foto: Line Sjøhelle, firma: Kib & Morits.

Lat oss sjå nærare på to representative røyster frå undersøkinga vår: Bebe, som lærer nynorsk, og Anna, som valde å lære bokmål, men no ville gjort eit anna val.

Bebe er flyktning frå Eritrea og får altså opplæring på nynorsk. Ho meiner heilt klart at det hadde vore best å lære bokmål. Om ho vel å flytte til Oslo, tvilar ho på at det vil vere så interessant for dei der å tilsette personar som har lært nynorsk. Vidare fortel ho om språklege utfordringar når ho skal snakke med ei venninne frå eit anna land som bur på Røros og lærer bokmål. Dei slit med å skjøne kvarandre på grunn av ulikt ordforråd, som til dømes heime i staden for hjemme. Ho seier: «Det er det same ordet, men for ein ny person er det vanskeleg å forstå. Eg trur det er eit anna ord.»

Vidare trur Bebe at bokmål er lettare å lære enn nynorsk. Dei som lærer bokmål, blir raskare i stand til å snakke med nordmenn, medan dei som lærer nynorsk, lærer langsamare. Ho forklarer dette med at om ein lærer bokmål, får ein langt meir innputt, også når ein ikkje er i klasserommet. Bokmål er mest brukt og er det språket du møter i media, tv og internett og er det flest menneske snakkar, meiner Bebe. Slik er det ikkje for dei som lærer nynorsk. Det blir lite nynorsk å møte utanfor klasserommet. Norske vener har ho ikkje.

Fondevik.Osdal3
Mange av innvandrarane i undersøkinga vår hevdar at det er lettare å lære bokmål enn nynorsk, særleg fordi det er meir bokmål i samfunnet. Illustrasjonen viser eit utsnitt av boka Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege som vi har utvikla som ein hjelp for norskopplæring i nynorsk. Denne boka kan ein laste ned gratis her. Kjelde: www.nynorsksenteret.no.

Anna er frå Tyskland og har budd i Noreg i fem år no. Ho er gift med ein landsmann og har ein son som går i barnehage. Kommunen dei bur i, tilbyr opplæring på nynorsk. Anna og mannen valde å reise til nabokommunen fordi dei ønskte å få bokmålsopplæring. Dette var av to grunnar, seier ho. Dei tenkte at dersom dei flytta, ville dei mest truleg få bruk for bokmål. Nynorskopplæring ville dessutan gjere det vanskeleg å lære språk utanom undervisinga sidan det bortsett frå lokalavisa var lite skriftleg nynorsk å møte utanfor skulen.

Anna ler medan ho fortel om avgjerda den gongen. For no er ho fast tilsett i ei lita privat bedrift i bygda, og der må ho bruke nynorsk. Nynorsk er arbeidsspråket i bedrifta, og dei fleste kundane brukar også nynorsk. Det går greitt, synest ho, men ho er flittig brukar av ordboka på nettet for å finne rett kjønn og rett bøying av ord på nynorsk. Anna brukar berre bokmål dei gongane kundane vender seg til bedrifta på bokmål. I og med at ho og mannen valde å slå seg ned i bygda, ville dei i dag ha valt norskopplæring på nynorsk: «Det er best å lære nynorsk om ein skal bu i ein nynorsk kommune. Det er det språket folket som bor her brukar, for eksempel er alle skriv vi får med heim frå barnehage og skule, på nynorsk.»

Fondevik.Osdal4
Slik Anna ser det, vil innvandrarar i nynorskkommunar ha mest nytte av å lære seg nynorsk i norskopplæringa. Illustrasjonen viser eit utsnitt av tekstboka til Fagbokforlagets Klart det! av Gölin Kaurin Nilsen. Illustrasjonsfoto: Birgitte Fondevik.

Vi ser at Bebe peiker på skilnader på ordnivå mellom bokmål, nynorsk og dialektar og meiner dette gjer kommunikasjonen vanskelegare. Men som mange av dei andre informantane skil ho i liten grad mellom talespråk og skriftspråk, og i intervjuet brukar ho uttrykk som «å snakke bokmål» og «å snakke nynorsk». Det er særleg interessant å merke seg at Bebe er mest opptatt av å kunne kommunisere med andre innvandrarar, ikkje med personar som har norsk som morsmål. Intervju med andre innvandrarar tyder på at dette er representativt for svært mange. Dei har lite og ingen kontakt med nordmenn, og opplever difor ikkje at opplæring i nynorsk skrift og nynorsknær dialekt er viktig for å bli integrert i lokalsamfunnet dei bur i. Bebe ser difor større nytte i å få opplæring på den dominerande målforma, bokmål, som dei aller fleste innvandrarar i Noreg lærer.

Interessant nok synest nytteperspektivet å dominere også blant dei innvandrarane som er mest positive til opplæring på nynorsk. Dei fleste meiner at bokmål er lettare å lære. Men dei brukar dette som argument for å lære nynorsk, ikkje bokmål. Tanken er at bokmål er mest brukt og enklast, men då er det lurt å lære nynorsk i eit nynorskdistrikt, for bokmål kjem av seg sjølv og er lettare å lære på eiga hand. Vi ser mellom anna at innvandrarar med klare karrieremål tenkjer slik. Dei treng å meistre begge målformer, og då meiner dei at det vil vere ein fordel å ha den første opplæringa på nynorsk. Innvandrarar med born i skulen ser dessutan nytten av opplæring på same målform, og også dei som ser ei framtid i kommunen, med arbeid i barnehagen eller på omsorgssenteret, ser nytten i å meistre nynorsk skrift og ha nærleik til det lokale talespråket.

Fondevik.Osdal5
Kompetanse Norge står bak ei Facebook-gruppe som kan vere til hjelp for lærarar som underviser norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på nynorsk. Viktige mål med gruppa er «å leggje til rette for dialog på feltet og å gjere det enklare for lærarar å gå over til å undervise på nynorsk». Kjelde: Facebook-sida «Nynorsk for vaksne innvandrarar, Kompetanse Norge».

Bebe og Anna har begge ei praktisk haldning til val av målform, knytt til vener, utdanning og flytting utanfor og bort frå lokalsamfunnet dei no bur i. Mange av innvandrarane vi har intervjua, særleg dei som ikkje har born eller er gifte med nordmenn, synest å ha svært liten kontakt med lokalbefolkninga. Dette kan minke motivasjonen for norskopplæring på nynorsk, integreringsvinsten i å lære nynorsk fell bort. Mangel på møtepunkt mellom lokalbefolkning og innvandrarar er særleg sårbart for nynorsk på grunn av lite nynorsk innputt i samfunnet generelt. Nynorsk ser heller ikkje ut til å ha høg nok status i seg sjølv til å gi motivasjon, vilje til å investere eller positive haldningar hjå dei som får norskopplæring. Nynorsk er sjeldan i media, reklamespråket er nesten berre på bokmål, og det er også få nynorsktilbod på akademisk nivå. Difor er møta mellom innvandrarane og lokalbefolkninga så avgjerande. Lokalbefolkninga kan nemleg gi innvandrarane både språkleg innputt og auke motivasjonen deira for norskopplæring på nynorsk, og i neste omgang kan dette føre til betra inkludering og integrering.

Vil du vite meir?

Dette innlegget er basert på eit materiale som du kan lese meir om i ein artikkel vi har under arbeid: Norsk for vaksne innvandrarar = bokmål? Artikkelen kjem ut hausten 2018 i antologien Norsk som andrespråk – læringsteoretiske perspektiver, der Ann-Kristin Helland Gujord og Gunhild Tveit Randen er redaktørar.

Desse lenkene kan gi deg meir informasjon gjennom statistikk og oversyn:

Det er ikkje mange vitskaplege publikasjonar å finne på dette feltet. Her er nokre aktuelle titlar som gjeld både skrift- og talemålsopplæring:

Fondevik, B. & Osdal, H. (rev. 2017). Nynorsk som opplæringsspråk for minoritetsspråklige. Høgskulen i Volda. Nettleksjon for emnet: Nynorsk i opplæringa, HVO

Garbacz, P. (2014). Dialekter i Norge og i Polen –forskjellig status? I: NOA norsk som andrespråk, årg.30 nr. 2, 24–39

Heide, E. (2017). Det norske språkmangfaldet og opplæringa i norsk som andrespråk. I: Norsklæreren nr. 3, 16–27

Husby, O. (2009). Talt bokmål: Målspråk for andrespråksstudenter? I: NOA norsk som andrespråk, årg. 25, nr.2. Oslo: Novus forlag, 9–40

Van Ommeren, R. (2010). «Ja, jæi la an på å tålå oppdaling, ja.» Masteravhandling i nordisk språkvitenskap, Trondheim: NTNU

Sjå elles det tidlegare Språkprat-innlegget, «Alle nordmenn snakker et annet språk enn vi studerer!» (19.01.17) av Else Berit Molde, som handlar om dei utfordringar innvandrarar som har lært eit bokmålsnært talemål, kan ha i møte med personar som snakkar ulike dialektar.