Ord i ulike språk som liknar på kvarandre, har ikkje alltid same tyding. Slike sokalla falske vener kan føre til misforståing, og dette er særleg problematisk for fagspråk. Denne språkpraten handlar om franske og falske vener i fagspråket.
Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen (ibb@nla.no )
Falske vener kan gje mykje moro når ein skal snakka andre språk. Rallykøyraren Petter Solberg har snakka om «pigs in the deck», og uttalt at «it is not the fart that kills you, it is the smell». Han nyttar norske ord med engelsk uttale, men resultatet er nonsens om ein ikkje kan begge språk. Akademikarar som skriv på fleire språk, har meir tid til å områ seg enn Solberg. Men presist språk er essensielt i akademiske tekstar, både skriftlege og munnlege. Då er det farleg når vanen gjer at ein trur at fagtermane er dei same på fleire språk.

Svært mange fagord, både i norsk, engelsk og fransk, har opphav i gresk og latin. På norsk er eg ein filolog, på engelsk a philologist og på fransk un philologue. Dei to ledda av ordet er felles for dei tre språka, og er henta frå gresk. Første leddet kjem frå filos ‘elskar, ven’, medan andre leddet stammar frå logos ‘tale, ord, tanke, fornuft’. Ein filolog er ein som elskar talen, språket. Svært ofte er det nettopp slik: Fagtermane med opphav i latin eller gresk er eit akademisk fellesvokabular, med litt ulik staving på ulike språk, men lette å forstå. Ein er dermed van med at sentrale faglege omgrep er felles, at dei er lette å omsetja, og at dei har same tyding på fleire språk. Vane, det er farleg, det!
Når denne filologen skulle snakka om språkhistorie, identitet og språkleg variasjon i eit føredrag for franske lærarar som arbeidde med andrespråksopplæring, var det nokre ting ho trudde ho kunne stola på, mellom anna desse felles akademiske omgrepa. Lingvistikk er linguistique, identitet identité og ortografi orthographie. Og så heiter det vel ortofoni, orthophonie, når ein skal snakka om bandet mellom lyd og bokstav, altså når ein bokstav tilsvarar eit fonem? Ordet kjem frå gresk og er sett saman av ortho ‘rett’ og phonè, ‘lyd, stemme’. Norsk skriftspråk er plus orthophone enn fransk, fordi fransk rettskriving, i motsetnad til norsk, er basert på det etymologiske prinsippet. Då vert det lagt vekt på at rettskrivinga skal spegla ordas opphav, tradisjon og slektskap. Eit godt døme på une des langues les plus orthophones i verda må då vera det svært lydrette skriftspråket finsk.

Kva som fekk meg til å sjekka kva orthophonie faktisk tyder på fransk, veit eg ikkje. Men eg fann heldigvis fram ordboka før føredraget mitt. Både fransk og norsk har laga same ord av dei to greske termane, ortho og phonè, og ordet har noko med det som er rett og lyd å gjera. Men der norsk (og engelsk) nyttar ordet ortofoni om det lydrette prinsippet som ligg til grunn for nokre skriftspråk, til dømes finsk, ser det ut til at fransk har teke utgangspunkt i tydingane ‘rett’ og ‘stemme’. I Frankrike og Canada er nemleg ortofoni det nordmennene kallar for logopedi, altså «et fagområde som beskriver og forklarer ulike former for kommunikasjonsvansker relatert til språk-, stemme- eller taleforstyrrelser». Hadde eg på fransk snakka om orthophonie, hadde dei som lytta difor forstått det som logopedi, og lurt på kva det hadde med skriftspråk å gjera.
Også det norske omgrepet logopedi kjem frå to greske ord, logos tyder ‘ord’ og paideia ‘oppdragelse’. Og no lurer du kanskje på om det faktisk finst eit fransk logopédie? Eg måtte sjekka, og det gjer det! Men det finst ikkje i Frankrike. Derimot er logopédie i Belgia og Sveits det same som i Noreg. For å gjera forvirringa komplett nyttar dei dessutan orthophonie synonymt med logopédie.
Oppdaginga av den falske, franske venen orthophonie førte til ein grundig sjekk av alle slike termar i teksten min til føredraget. Då dukka det opp ein annan -fon, skjult i ei av dei mange franske forkortingane nytta for ulike grupper og nivå i utdanningssystemet deira: EANA. Eg hadde ikkje tidlegare tenkt på kva denne forkortinga stod for, men når alt skulle sjekkast, vart også dette sjekka: Elèves allophones nouvellement arrivés en France. Dette kan setjast om til «allofone elevar nyleg komne til Frankrike». Allofone elevar? Korleis kan ein elev vera allofon?

Ein allofon i lydlæra (fonologien) på norsk er ein språklyd som ikkje har tydingsskiljande funksjon. Eller enklare sagt: to ulike lydar som kan nyttast om kvarandre utan at ordet tyder noko anna, slik som skarre-r og rulle-r. Tydinga av ordet rettskriving er dermed den same, uansett om eg seier det med skarre- eller rulle-r. Men korleis kan me kalla desse elevane for «ikkje tydingsskiljande uttalevariantar av eit fonem»?
Også omgrepet allofon kjem frå gresk, og då med nok ein –fon. Allos tyder ‘annan’, og phonè, som me har sett, ‘lyd, stemme’. På norsk og engelsk er omgrepet allofon utelukkande knytt til fonologien, og då må det lesast som ‘annan lyd (med same tyding)’. Opphavet til den franske termen kan vera ein bruk av phonè som ‘stemme’, og då kan allofon få tydinga ‘dei som snakkar med ei anna stemme’. Ein kan også sjå for seg at det er nokon som lyder litt annleis, men er ein variant av det same. Slik er det franske omgrepet både hyggelegare og meir inkluderande enn det norske minoritetsspråkleg, som framhevar minoritetsbakgrunnen til ein person, uansett kor integrert han er, eller kva språklege ferdigheiter han har. På fransk har ein allofon elev eller person eit anna førstespråk enn det offisielle språket i det området dei bur i over tid. Omgrepet tok til å bli nytta slik i Quebec i Canada, og då om dei som snakka andre språk enn engelsk og fransk.
Det finst mange slags falske vener, og om eg hadde snakka om «une langue orthophone», hadde eg ikkje vore langt unna ein «pigs in the deck» då eg skulle halda føredraget for dei franske lærarane. Møtet mitt med desse franske venene gjer at eg kjem til å dobbeltsjekka alle fagtermar i lang tid framover. Det gav meg også noko å tenkja på når det gjeld kva me mister når engelsk har blitt så dominerande som forskingsspråk, men det lar eg liggja til ein annan gong.
Det finaste med heile opplevinga var at eg gjerne vil gjera den eine falske franske venen om til ein ekte ven. Å erstatta minoritetsspråkleg med allofon hadde vore riktig fint. Ein allofon person er nokon med ei anna stemme, men som er ein ikkje tydingsskiljande variant av noko. Det er nokon med ein litt annan lyd, men som har same verdi. Det er fint, det!

Vil du vita meir?
Ei kort innføring i rettskrivingsprinsipp finn du på Store norske leksikon.
Lise Richter Lorentzen har samla lumske likskapar mellom fransk og norsk i Norsk-fransk ordbok over lumske likheter. Dictionnaire des faux amis norvégiens-français. Heile 2014-utgåva av denne finst her. Utgjevinga er omtala i saka «Falske venner – ekte forvirring» på forskning.no (06.08.2010).
Bloggen A Frog in the Fjord er eit morosamt fransk blikk på norsk språk og kultur. Forfattaren, Lorelou Desjardins, gav i 2017 ut boka A Frog in the Fjord. Kunsten å bli norsk.
Stewart Clark arbeidde ved NTNU og har gjeve ut fleire bøker om nordmenn og engelsk: Finding the right English words kom i 2017. Ei omtale av arbeidet til Clark finst her.