Norsk har importert (-)ish frå engelsk, og vi har fått uttrykksmåtar som «klokka 10-ish», «vere ish på tida» og «kjolen er blå-ish». Fenomenet er ikkje heilt nytt i norsk lenger, men det er likevel ikkje fullstendig etablert. I dette innlegget skal vi sjå nærare på norske bruksmåtar og tydingar av (-)ish.
Av Signe Nilssen, førstekonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen
Her er eit døme på bruk av (-)ish i norsk, henta frå Aftenposten 2. juni 2017:
Kandidater med SPESIELT IRRITERENDE KROPPSSPRÅK (legger hodet i bløt, vrir hjernen, har skremmende spisse albuer-ish) bør settes utenfor synsfelt.
Dette er eit litt flåsete døme på det Erik Andvik skreiv om i Språkprat 1. juni 2017, nemleg at ein tar forbehold til ytringa si ved å legge til ein hedge, i dette tilfellet -ish.

Mastergradsoppgåva mi frå 2015 handla om hedgen (-)ish i norsk. (-)ish kan brukast både i tale og i skrift. Men det er vanskelegare å undersøke bruken av denne eininga i tale enn i skrift. Grunnen til dette er at ein ikkje kan ha korrekte data om talespråket utan at ein har opptak av autentisk bruk, og det er vanskeleg å få til dette når ein er på jakt etter ein så liten detalj i språket. Difor valde eg å ty til skrivne kjelder då eg skulle samle inn materiale til undersøkinga mi. Alle døma (med få unntak) i dette innlegget er henta frå internett, eller dei er konstruerte. Tekstane frå internett fann eg ved å søkje via google.no og via Mediearkivet og Norsk aviskorpus.
Det er vanskeleg å seie noko eksakt om når vi tok (-)ish i bruk i norsk tale, men det første dømet eg har funne i skriven tekst, er frå 1996:
1. prøvd Afterstep? den er relativt beta’ish, men lover godt
Her ser ein den bruksmåten som er den vanlegaste i skrift, nemleg at ein lagar eit nytt adjektiv, her: beta’ish, ved å legge -ish til eit eksisterande substantiv eller adjektiv.

I tale legg ein kanskje oftast merke til bruksmåten der -ish blir lagt til eit klokkeslett eller tal:
2. Noe av det beste med å være 30-ish
3. Vi lå i senga til ti-ish
4. Skal vi se, det er vel rundt ørten. Ørten-ish, for å være helt unøyaktig?
(-)ish har kome til norsk frå engelsk. I engelsk brukar ein (-)ish på mange ulike måtar, og denne bruken har utvikla seg gradvis gjennom språkhistoria. Først blei (-)ish lagt til namn på nasjonalitetar og etnisitetar for å lage adjektiv som skildra desse (dane – Danish). Vidare blei eininga lagt til levande, «pustande» substantiv (fool – foolish), seinare att til «ikkje-pustande», døde substantiv (book – bookish, style – stylish) og til sist til adjektiv (blue – blueish).
I dag blir (-)ish brukt veldig breitt i engelsk for å lage til dømes adjektiv av mange ulike typar substantiv, adjektiv og frasar. Det som kanskje er det vanlegaste no, er å lage adjektiv basert på personnamn, altså at ein brukar namnet til ein person for å skildre ein annan / noko anna (Peterish). I tillegg finn ein (-)ish brukt til klokkeslett og tal (til dømes 10-ish). Ish blir òg brukt både som eit eige ord (ish) og som del av samansette ord (til dømes ish time).

Bruksmåtane i norsk skil seg i hovudsak lite frå dei engelske. Vi lagar som sagt nye adjektiv ved å legge -ish til substantiv og adjektiv:
5. støvel-ish sko i str 20-21?
6. Det er en gitar-ish ting, men man kan slide på den også.
7. Se eventyrlig-ish Nicki Minaj på BET Awards
8. Marokkansk-ish gryte i trykkoker
Vi brukar særnamn (namn på personar, stader, filmar og liknande) for å lage adjektiv som skal samanlikne veldig spesifikt. Dette ser vi døme på her:
9. Twin Peaks-ish mystikk og generelle gys og skrekkfilmgrøss
10. Videoen blir litt Tarantino-ish
11. Den hadde ikke trengt å være som Colosseum, men det hadde vært kult om den ble Klingenberg-ish
12. Divergent: «Hunger Games møter the Breakfast Club»-ish dystopi
13. DIY: Skappelengenseren – åja vi strikker også..ish!
14. Jeg er veldig «ish» på tiden.

I 12 ser vi -ish brukt til ei heil setning for å lage ei veldig spesifikk samanlikning med to ulike filmar. I 13 står ish eit stykke bak ordet det skal modifisere (strikker). Sidan ish står så isolert her, er det rimeleg å gå ut ifrå at det opptrer som eit eige ord uttala med trykk. I 14 er ish heilt openbert eit eige ord, og må vere med for at setninga skal vere grammatisk korrekt.
I 15, 16 og 17 under ser vi døme på ein måte å bruke (-)ish på som eg ikkje har funne skildra i engelsk:
15. Hønefossbandet som har lagt hjerte og sjel i sjangeren country-ish
16. Beatles – er det egentlig noe å diskutere? (OBS! Spoilere-ish)
17. «Hanne-tid-ish» kaller jeg det
Her har (-)ish faktisk fått ein eigen bruksmåte i norsk (kanskje i skandinavisk) etter at det blei importert. Måten minnar om engelsk bruk, men er det likevel ikkje. Vi kallar dette for pseudoengelsk eller ‘liksomengelsk’. Det vi ser her, er at (-)ish blir lagt til ei substantivisk eining, og held fram med å vere substantivisk. I dei andre døma der (-)ish blir lagt til ei substantivisk eining, blir denne substantiviske eininga til ei adjektivisk eining, som vi såg i til dømes 5, 6 og 9. Men her blir ikkje ordklassen endra når (-)ish blir lagt til. Til dømes står country-ish som eit forklarande tillegg til substantivet sjangeren, og dei står difor i same ordklasse.

Som vi ser, er (-)ish brukande til mange typar ord, tal og setningar i norsk så vel som i engelsk. Ut ifrå dei innsamla dataa til masteroppgåva mi, kan det sjå ut til at bruken av (-)ish gradvis har auka i omfang sidan eininga kom til norsk. Dei tekstane (-)ish er funne i, er i all hovudsak uformelle eller kåserande, men (-)ish er funne brukt òg i trykt presse som ein reknar for å vere av det meir formelle slaget. Der folk har skrive om fenomenet (i nettforum eller liknande), er omtalen heller negativ, og det kan verke som om (-)ish blir sett på som ei forsøpling av språket av mange.
Vi kunne uttrykke oss med ord og setningar som tydde det same, også før vi fekk (-)ish til norsk, men då måtte vi velje ulike uttrykksmåtar til dei ulike bruksmåtane: Der (-)ish er lagt til eit substantiv eller adjektiv for å lage nye adjektiv, er det mogleg å byte ut (-)ish med -aktig (støvelaktig) eller -liknande (gitarliknande). Ved bruk av tal og klokkeslett kan ein i staden seie om lag eller sirka. Der ish står som eige ord, kjem alternativa i norsk an på korleis ordet er brukt i setninga. I 13 (åja vi strikker også..ish!) er det mest naturleg å skrive om til på en måte, medan det i 14 (Jeg er veldig «ish» på tiden.) vil vere rettast å setje inn omtrentlig. Der vi har laga oss ein eigen bruksmåte etter import der substantiv held fram med å vere substantiv, kan ein tenkje seg at ein kan setje inn en slags (en slags country og en slags spolier) medan på en måte kan nyttast i 17, og kanskje også i 16 (spoilere på en måte og Hanne-tid på en måte).
Sjølv om vi sjølvsagt kan uttrykke oss utan (-)ish i norsk, er det veldig effektivt å ha éi lita eining som kan brukast så breitt.
Vil du vite meir?
Denne teksten er basert på mastergradsoppgåva mi frå 2015: «»Ei raudgrøn-ish dame som meg» – Grammatisk og semantisk om det engelske (-)ish brukt i norsk.».
Eg har også skrive ein lettlest artikkel om (-)ish i Språkrådets Språknytt. Denne finn du her: Er du ish på tida?
Her er ein vitskapleg artikkel på engelsk som nett er komen ut: Nilssen, Signe, Torodd Kinn. 2017. «A chameleon abroad: English -ish and ish used in Norwegian. » Maal og Minne 2017/1, 123-145.
Du kan elles lese om hedges i språk generelt i Språkprat-innlegget «Går det an å si noe og samtidig trekke det tilbake?» av Erik Andvik 1. juni 2017.