Kvifor er det så ubehageleg å sluka kamelar? Går det an å oversjå elefanten i rommet? I dagens innlegg i Språkprat er det eksotisk storvilt og metaforbruk som står på menyen!
Av Helga Mannsåker, ph.d.-kandidat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen
I dette innlegget presenterer eg døme på bruk av nokre spesielle metaforar i samband med ei politisk sak, nærare bestemt drøftingane mellom valvinnarane i etterkant av stortingsvalet 2013, som førte fram til danninga av Solberg-regjeringa. Erna Solberg uttalte følgjande etter ein lang dag med forhandlingar (jf. Dagbladet 17.9.2013): «Det har ikke vært noen kamelsluking, men vi ser noen elefanter i rommet av og til.» Kva meinte Solberg med dette?

Erna Solberg snakka sjølvsagt i metaforar. Ho refererte ikkje til faktiske kamelar og elefantar, men til noko heilt anna, nemleg utfordringar i forhandlingane. Vi har med ein metafor å gjera når eit ord er nytta i overført tyding, dvs. om noko som er langt frå den opphavlege, eller bokstavelege, tydinga av ordet. For eksempel kan vi karakterisera personar som varme eller kalde, utan at vi med det meiner at dei har feber eller er nedkjølte – vi siktar snarare til personlegdommen deira.
Forskarar har funne ut at språket vårt er gjennomsyra av metaforar, og at metaforbruk er ein viktig strategi både i språk og tanke. Vi forstår det ukjende ved hjelp av det kjende, og vi nyttar ord som eigentleg refererer til konkrete, direkte observerbare ting eller hendingar, for å omtala abstrakte, lite kjende og diffuse saker. Førstnemnde kallar vi kjeldedomene, sidan det er den kjelda vi hentar kunnskap og ordforråd frå, sistnemnde måldomene, sidan det er det domenet (tydingsområdet) vi «siktar mot», dvs. tenkjer på og snakkar om.

Vi kan i overført tyding få noko inn med teskei (dvs. få ei svært grundig og stegvis forklaring) eller bli servert ein beskjed som det er vanskeleg å svelgja, og seinare eventuelt fordøya. Løysinga er ofte å tyggja litt på det. Ord som i si bokstavelege tyding er knytte til inntak av mat, vert ofte nytta i overført tyding om mellom anna det å formidla og å ta stilling til idear, sidan det er ein del abstrakte fellestrekk ved dei to tinga: Vi tek noko inn som kjem utanfrå, anten mat eller idear, og vi tek stilling til om vi likar det eller ikkje. På denne måten kan vi seia at metaforiske uttrykk stammar frå ei metaforisk samankopling av kjeldedomenet MAT og måldomenet IDEAR.
Kva tyder det å sluka ein kamel, metaforisk sett? Og kvifor er referanse til metaforiske kamelar generelt sett dårleg nytt? For å svara på dette må vi langt tilbake, heilt til den tida då Jesus vandra på jorda. For det er nemleg Jesus som er opphavsmannen til uttrykket ‘å sluka kamelar’. Jesus sa ifølgje Matteus kap. 23, vers 24 til dei skriftlærde og farisearane: «Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.» Med det meinte han å seia at dei hengde seg opp i små og uviktige detaljar (mygg) og ignorerte eller såg gjennom fingrane med dei store og viktige tinga (kamelar) – altså at dei var detaljorienterte flisespikkarar som ikkje hadde auge for det store biletet. At uttrykket stammar frå Bibelen, kan forklara kvifor vi har uttrykket på norsk, sjølv om kamelar ikkje er naturleg heimehøyrande i norsk fauna. Bibelen er ei sams kjelde til uttrykk i den kristne verda.

Men på norsk har uttrykket etter kvart utvikla ei ny tyding, ulik den Jesus intenderte.[1] Vi har så å seia vifta vekk myggen og snakkar om å sluka kamelar i tydinga skifta standpunkt eller inngå kompromiss og avtalar for å oppnå semje og/eller behalda makt, på tvers av eigne prinsipp. Kamelar er svære dyr, og det er lett å førestilla seg at dei er seig og turr kost som er vanskeleg å svelgja og tungt fordøyeleg. Kamelsluking er dermed godt eigna som kjeldedomene for det å godta noko ein eigentleg er imot. Kamelen tilsvarer her ein spesifikk idé som ein i utgangspunktet er sterkt usamd i, og slukinga tilsvarer det å motvillig akseptera ideen – med opne auge. Måldomenet er GODTAKING, kjeldedomenet er MATINNTAK.
Elefanten, då? ‘Elefanten i rommet’ er eit uttrykk som refererer til eit stort problem eller ei omstridd sak som alle er pinleg klare over, men som ein likevel unngår å snakka om. Denne metaforen har vi visstnok lånt inn frå engelsk, utan at vi (førebels) har gjeve det ei særnorsk tyding. Elefanten er det største landdyret på jorda og dermed vanskeleg å oversjå – særleg om han er innandørs i eit rom. Om nokon omtalar ei problematisk sak som ein elefant, seier det dermed noko om storleiken til problemet og fortrengingskapasiteten til dei involverte (dvs. evna til å lata att augo for realitetane). Her kan vi seia at det er ei metaforisk kopling mellom kjeldedomenet STORLEIK og måldomenet VIKTIGHEIT eller ALVORSGRAD. Jamfør at vi snakkar om små og store problem, sjølv om problem er abstrakte fenomen som ikkje har fysisk storleik.

I tillegg er det ei metaforisk kopling mellom kjeldedomenet SYN og måldomenet FORSTÅING eller VEDGÅING. I dømet med ‘elefanten i rommet’ har dei impliserte sjølvsagt fått auge på dyret, men dei læst likevel som dei ikkje ser det – dei unngår å sjå problemet i augo. Jamfør sitatet frå Jesus ovanfor: «Blinde rettleiarar!»
Kva slags ‘elefantar’ partileiarane ‘såg’ i rommet under forhandlingane, ville ikkje Solberg utdjupa, men media spekulerte på om det kunne dreia seg om handlingsregelelefantar, asylelefantar eller bistandselefantar. Medan ‘å sluka kamelar’ og ‘elefanten i rommet’ kan seiast å vera meir eller mindre faste uttrykk på norsk, kan ord som ‘handlingsregelelefant’ seiast å vera ei kreativ vidareutvikling av eit etablert metaforisk uttrykk – og sannsynlegvis noko av ei døgnfluge. Det er typisk for metaforar at ein kan byggja vidare på dei ved hjelp av kunnskap ein har om kjeldedomenet. Ein forgjengar av Solberg, Jan P. Syse, som òg var statsminister i ei koalisjonsregjering, svarte visstnok følgjande på eit spørsmål om korleis han makta å svelgja så mange kamelar som han gjorde: «Vi strigler dem og sluker dem medhårs.»[2] Denne kreative vidareutviklinga er basert på det faktum at kamelar har tjukt hårlag, og i tillegg det faktum at ting går glattare når ein opererer medhårs versus mothårs.
Sjølv om språket vårt kryr av metaforar, er vi ikkje alltid så merksame på dei. Kor mange tilfelle av metaforar trur du det er i denne teksten (førekomstar, ikkje typar, bilettekstar ikkje medrekna)?
- Mellom 1–10
- Mellom 20–50
- Over 50
Svaret finn du her.

Vil du vita meir?
George Lakoff & Mark Johnson gav i 1980 ut ei banebrytande bok om metaforar som er omsett til norsk: Lakoff, G., & Johnson, M. (2003). Hverdagslivets metaforer: fornuft, følelser og menneskehjernen. Oslo: Pax.
Per Egil Hegge og Kjell Ivar Vannebo har båe gjeve ut bøker om faste metaforiske uttrykk på norsk:
- Hegge, P.E. (2015). Perler for svin og 555 andre norske idiomer. Oslo: Kagge.
- Vannebo, K.I. (2011). Prikken over i-en og andre uttrykk : bruk, bakgrunn, betydning. Oslo: Cappelen Damm.
Språkrådet har følgjande nyttige og underhaldande sider om høvesvis omsetjing av faste uttrykk og misforståtte faste uttrykk:
- «Oversettelse av faste uttrykk», som du finn her.
- «Hummer og kanel: misforståtte uttrykk, som du finn her.
Eg har publisert følgjande artikkel om metaforar: «Det maniske anfallet kan begynna snikande» – Metaforbruk om stemningslidingar. Norsk lingvistisk Tidsskrift 29 (2) (2011)
Masteroppgåva mi handlar om metaforbruk: «Inn i noko endå djupare : metaforbruk om sinnet og stemningslidingar». Mastegradsoppgåve, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, UiB 2010.
Metaforar står også sentralt i doktoravhandlinga mi, Schizofrene symptom og splitta sinn. Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri, som handlar om språket i psykiatriske lærebøker.
[1] Kjelde: Hegge (2015) og Vannebo (2011).
[2] Kjelde: Hegge (2015: 17).