«Metaforfasit» for teksten Elefantar og kamelar til besvær – ei studie av metaforbruk

Svaret er: c) Over 50.

Eg har talt meir enn 90 førekomstar av metaforbruk i teksten. Sjå oversikt under.

For å gjera det litt oversiktlegare, har eg sortert dei ulike metaforiske uttrykka på dei ulike koplingane mellom mål- og kjeldedomene som dei uttrykkjer. Kjeldedomenet er det erfaringsområdet (forståingsbakgrunnen) som er assosiert med den bokstavelege/opphavlege tydinga til uttrykket. Måldomenet er det erfaringsområdet som er assosiert med det temaet vi eigentleg snakkar om, altså den metaforiske tydinga til uttrykka i den aktuelle teksten. Merk at mange metaforar er knytt til meir enn ei kjeldedomene–måldomene-kopling. Til dømes kan vi seia at uttrykket ‘kamelsluking’ i tillegg til kjeldedomenet MAT er knytt til kjeldedomena LEVANDE VESEN (kamel) og SJØLVGÅANDE RØRSLE (sluking). Under tabellen er metaforteksten attgjeven med metaforførekomstane markerte med gult.

Metaforisk nytta ord Kjeldedomene Måldomene
Ser/sett/såg, blind, oversåg, ha auge for, bilete, få auge på, sjå i augo, sjå gjennom fingrane med, med opne auge, lata att augo for SYN FORSTÅING/VEDGÅING
Stå på menyen, kamelsluking, få inn med teskei, servert, svelgja, fordøya, tyggja, sluka, kamel MAT IDEAR
Varm, kald TEMPERATUR PERSONLEGDOM
Førte fram til, langt frå, ned(kjølt), på tvers av, rettleia(r) FYSISK RØRSLE ENDRING
Lang (dag), langt tilbake ROM TID
Overført, mål, sikte til, (opp)nå MÅL PLAN
Elefant, store, små, storleik, mygg, kamel, storleik, dyr, på ferde FYSISKE OBJEKT / LEVANDE VESEN PROBLEM
Kjelde, område, domene (eig. ‘område’), diffus, stamme[i], bilete, fast, døgnfluge FYSISKE OBJEKT / LEVANDE VESEN ABSTRAKTE FENOMEN
Stegvis, ta/tek stilling, hengje seg opp i, flisespikkarar, vifta vekk, unngå, låne[ii], ta innover seg, utdjupe, byggja på, forgjengar, siktar mot, sila av, utgangspunkt, fortrengje, orientere, standpunkt SJØLVGÅANDE RØRSLE HANDLING
Knytte til, samankopling, kopling FYSISK SAMEINING ABSTRAKT SAMEINING

 

Fasit tekst 1.Helga

Fasit tekst 2.Helga

 

[i] Verbet stamme er avleidd av substantivet stamme, jf. til dømes slektstre og idrettsgrein.

[ii] Språklege lån er noko anna enn vanlege lån: Donorspråket har framleis ordet sjølv om vi lånar det, og vi gjev aldri lånordet tilbake.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s