Namn på framande geografiske stader kan også, på ulike vis, vera ein del av språkhistoria vår. Dette innlegget skal dreia seg om namn på ein spesiell stad, det vi i dag kallar Gibraltar-stretet, og den heller ukjende eller litt løynde historia namn på denne staden har i norsk og nordisk samanheng.
Av Jan Ragnar Hagland, professor emeritus ved NTNU
I norrøn tid var det vanleg å gi framande geografiske namn ei heimleg språkform, så som Holmgarðr for Novgorod i Russland, Miklagarðr for Konstantinopel eller dagens Istanbul, Rómaborg for Roma osb. I norsk er dei aller fleste av desse namna ute av soga og er i beste fall kjende gjennom arkaiserande omsetjingar av norrøn litteratur. På norrønt kunne slike namn vera danna på grunnlag av framandspråklege namn til dømes på ein by, slik som når Roma vart til Rómaborg (byen eller staden Roma), eller dei kunne vera laga ut frå heimlege oppfatningar av kva som var karakteristisk for ein gjeven lokalitet, så som Miklagarðr (den store byen eller staden) for Konstantinopel og Holmgarðr (byen på holmen) for Novgorod. Ein garðr kunne på norrønt altså også tyda ein by med festning eller borg.
Eit litt spesielt tilfelle i slik samanheng er namnet på stretet eller sundet mellom Nord-Afrika og det spanske fastlandet. I det følgjande skal vi sjå litt nærare på namnehistoria til denne lokaliteten i norsk og nordisk.

I den norrøne litteraturen, til dømes i Heimskringla, vert dette stretet eller sundet kalla Nǫrvasund – ‘det tronge sundet’. Om dette er eit lærd og litterært namn, eller om det stammar frå folk som sjølv hadde segla der, veit vi ikkje så mykje om. Men det er ikkje urimeleg at sjømenn alt i norrøn tid kan ha nytta dette namnet, og at det etter kvart har vorte meir allment kjent i nord. Namnet er, som vi alle veit, ikkje i bruk lenger hos oss, men veit vi kva dette «sundet» har vore kalla hos oss opp gjennom tida?
For å finna ut av dette må vi gå til skriftlege kjelder frå tida etter den norrøne perioden og leita etter namn på Gibraltar-stretet opp gjennom tida. Det er ikkje mykje å finna, men eit lite skrift, prenta i «Tronhiem» 1773, gjev oss nokre små gløtt som synest å avsløra ganske mykje om det vi her er ute etter. Skriftet ber den omstendelege og ganske innhaldsforklarande tittelen Medfarendes Skiæbne paa Skibet Jomfrue Christina fra Tronhiem, som i Aaret 1769 blev optaget af Algiererne og giorte til Fanger. Til deres Hiemkomst derfra sidst i Aaret 1772. Hvorhos er tilføyet Et kort Anhang om Staden Algiers Beliggenhed, dens Indvaanere og videre Beskaffenhed. Eenfoldigst sammenskreven af N. M. Denne smålåtne forkortinga står for matros Niels Nielsen Moss, fødd i Trondheim 1743. Skriftet er elles seinast utgjeve (som fakcsimile, dvs. ei nøyaktig attgjeving) i Trondheim 1970.

I framstillinga si fortel Niels Nielsen Moss om reisa han og skipskameratane hans gjorde gjennom Gibraltar-stretet og inn i Middelhavet på veg til fangenskap. Dette sundet eller stretet omtalar han i alt fire gonger i teksten sin, såleis: …komme vi noget nær Nauvet… og …kom vi under den Mohriske Kyst, eller under Nauvet… …nogle Spanske Krigsskibe kunde være i Nauva… (s. 10 i facsimileutgåva). Samme Gang laae der, da vi passerede Nauva, en tyrkisk Scherbeqve paa Gibraltar=Rehd (s. 11 – ein Scherbeqve, eller sjebek, var ein type seglskip). Her ser vi at forfattaren både nyttar Nauvet og Nauva i teksten sin. Det inneber at han må ha hatt dativ i talemålet og har altså skilt mellom dativ (Nauva) og ikkje-dativ (Nauvet), eit system vi framleis finn i ein del norske dialektar.
Dette namnet, Nauvet, er altså ikkje ofte å finna i danske og norsk-danske skriftlege kjelder. Det kan difor vera interessant å leita også i svenske skriv. Og namnet finst også der: I journalen til skipet ‘St. Johannes’ av Nykarleby er det for datoen 26. mars 1769 mellom anna notert følgjande: «då voro [vi] uti inloppet till Medelhavet eller det s. k. Nauvet von Strait». (De finn ei lenkje til teksten her).
Vi må etter presiseringa i denne skipsloggen, «det s. k. Nauvet von Strait», og notata frå Niels Nielsen Moss temmeleg sikkert kunna tolka namnet Nauvet som lågtysk/nederlandsk-påverka sjømannssjargong både i svensk og norsk. Adjektivet og substantivet nauw ligg nok til grunn. Det har om lag same tydingsinnhald som førsteleddet i det norrøne Nǫrvasund, altså ‘trong’ (jf. eng. ‘narrow’) og vart altså nytta om same geografiske lokalitet. Ordet er framleis nytta som substantiv på nederlandsk i namnet på Dover-stretet i den Engelske kanalen – ‘het Nauw van Calais’.

At namnet Nauvet er belagt både i svensk og trøndersk i andre halvdelen av 1700-talet, tyder på at det har vore godt kjent – i alle fall i norsk, der det truleg lenge har vore vanleg i maritime miljø. Måten namnet er brukt på i den svenske skipsjournalen, kan tyda på at det ikkje har vore fullt så kjent i svensk, ettersom det der er vist til som «det s. k. Nauvet von Strait». Dette må vi kunna sjå som ei tilvising til det internasjonale namnet nytta av sjøfarande folk på den tida. Måten Niels Nielsen Moss nyttar namnet på i si forteljing, med denne dativen i bunden form eintal, er etter alt å dømma grunna i norsk uttale, og dativforma stemmer med den delen av trøndersk han sjølv må ha tala. Dette vil då for det første innebera at namnet har vore godt etablert i trøndersk kring 1770. Kanskje kan dette òg sjåast som eit argument for at målet i Trondheim, eller i det minste sosiale variantar av det, enno hadde bruk av dativ på denne tida.
Oppfatninga av stretet som ’trongt’ har, som vi ser, halde seg frå norrøn tid til lågtysk/nederlandsk nytid. Vi veit ikkje om sjøfolk frå det sistnemnde språkområdet plukka opp namnert frå norrønt eller ei; det er jo eit ganske logisk namn, som dei godt kan ha funne på sjølve. Vi må då rekna med at Nauvet i norsk samanheng er innlånt i eldre nytid og har komme inn i sjømannssjargong. Om ikkje før, så har dette skjedd på 1600-talet, då det var nær norsk kontakt særleg med hollandsk skipsfart, og der Hansaen kan ha spela ei rolle. Det at namnet har gått inn i talemålssystemet slik vi ser det må ha gjort i Trondheim, er i alle fall eit argument for at det har hatt lang fartstid i norsk språkleg samanheng på 1770-talet. Om Nauvet elles kan ha hatt støtte i det gamle Nǫrvasund, har vi ikkje kjeldegrunnlag for å meina noko om. Men at Gibraltar-stretet i ein lang periode av norsk språkhistorie har vore kjent som ‘det tronge sundet’ Nǫrvasund og deretter Nauvet, må vi rekna som dokumentert. Kva tid det siste namnet døydde ut, veit vi likevel ikkje, i alle fall har vi enno ikkje funne kjelder som fortel oss meir om det.

Vil du vita meir?
På Språkrådets heimesider, som du finn her, vil du finna oversyn over norsk namngjeving på framande stader, i nokon monn òg historiske namn.
I denne artikkelen kan du lesa meir om Niels Nilsen Moss, og her kan du lesa eit utdrag frå reiseskildringa hans frå 1772.