Språk og meistringstru i internasjonalisering av høgare utdanning

Som del av internasjonaliseringa av høgare utdanning har det blitt utstrakt bruk av engelsk i både forsking og undervisning i Noreg. Foto: Silje Drevdal

Den aukande graden av internasjonalisering av høgare utdanning og behovet for å kunne kommunisere på tvers av språkgrenser har ført til utstrakt bruk av engelsk i både forsking og undervisning. Men samtidig som norske universitet og høgskular tek imot stadig fleire internasjonale studentar, aukar ikkje talet på studentar som ynskjer å reise utanfor Noreg for å studere.[1] Kva kan vere grunnen til at ikkje fleire ynskjer seg ut, samtidig som fokuset på internasjonalisering aukar? I dette blogginnlegget kastar eg lys over dette utifrå eit språkleg perspektiv.

Av Trude Bukve, stipendiat i allmenn lingvistikk ved Universitetet i Bergen

bilde-1-student-foran-tavle-der-det-star-engelsk
Som del av internasjonaliseringa av høgare utdanning har det blitt utstrakt bruk av engelsk i både forsking og undervisning i Noreg. Foto: Silje Drevdal

Dei siste to åra har eg jobba med eit doktorgradsprosjekt som omhandlar studentars haldningar til bruken av fyrstespråk og engelsk i utdanninga si. I Noreg deltok om lag 540 studentar i undersøkinga. Dei representerte eit lite mangfald av ulike fagfelt ein kan finne på eit universitet: juss, filosofi og naturvitskap.

Resultata frå undersøkinga syner at dei fleste studentane, uavhengig av fagfelt, kjønn, alder, tidlegare fagbakgrunn og fyrstespråk, er positive til bruken av engelsk i undervisninga. I tillegg er dei positive til bruken av engelsk som eit ledd i internasjonaliseringa av høgare utdanning. Dei er altså positive til å bruke engelsk for å førebu seg på ein internasjonalisert studie- og arbeidskvardag. Eit fleirtal av studentane svarar også at dei er trygge på sine eigne engelskferdigheiter. Dei har med andre ord høg meistringstru, altså trua på at ein sjølv er i stand til å meistre ei gitt oppgåve, som til dømes å bruke engelsk aktivt i utdanninga.

Dette nokså positive synet på eigne engelskferdigheiter samsvarar godt med ei større undersøking om europearar sin engelskkompetanse (EF English Proficiency Index).[2] Her kjem Noreg i 2015 på 4. plass, bak Sverige, Nederland og Danmark. Men medan eg i mi undersøking tek utgangspunkt i språket nytta i høgare utdanning, så tok denne undersøkinga utgangspunkt i kvardagsspråket, ikkje fagspråket. Og det er ikkje nødvendigvis slik at det å bruke engelsk i kvardagslege situasjonar førebur ein fullt ut på bruken av det spesialiserte fagspråket på engelsk som vert nytta innanfor forsking og utdanning.

Det er samtidig ikkje slik at dei norske studentane i undersøkinga mi er like trygge på engelskferdigheitene sine i alle situasjonar. Dei tykkjer nemleg at dei er betre i stand til å høyre på og lese engelsk enn å skulle snakke og skrive engelsk. Tendensen til at dei slik er mindre trygge på dei produktive evnene sine, altså snakking og skriving, var gjennomgåande for alle studentgruppene. Nokre kommenterte også at det på forelesingar der ein nytta engelsk, var ein stressfaktor å skulle spørje om noko. Difor spurte dei ofte ikkje om det dei lurte på. Fleire la også vekt på at forelesingar som gjekk på engelsk, fordra at forelesarane tok omsyn til dette i førebuingsprosessen og då gjerne brukte meir tid på å førebu forelesinga. Studentane er med andre ord ikkje udelt positive til bruken av engelsk i utdanninga si.

bilde-2-studenter-som-sitter-og-jobber
Dei fleste studentane i undersøkinga er trygge på engelskferdigheitene sine. Likevel ser det ut til at dei er tryggare når dei ikkje treng å produsere engelsk sjølve. Foto: Silje Drevdal

Så kva har dette å gjere med studentane sine planar om utveksling? I undersøkinga mi synte det seg å vere ein sterk samanheng mellom kor trygge studentane var på sine eigne engelskferdigheiter, altså kor høg grad av meistringstru dei hadde, og om dei planla å reise på utveksling. Det er blant studentane med høg meistringstru me finn dei som har planar om å reise til utlandet for å studere.

Eit semester eller to utanlands kan ha mange fordelar for studentar: betra språkkunnskap, nye faglege impulsar og større kulturforståing. Ikkje minst er det også eit utdanningspolitisk mål å førebu studentar til ein meir internasjonal arbeidsmarknad. Frå før veit me at sosioøkonomiske forhold og vanskar med å innpasse fag i studieplanen kan bli eit hinder for å studere utanlands. I tillegg kan det altså sjå ut til at studentane si eiga meistringstru når det kjem til eigne engelskferdigheiter, kan ha noko å seie.

Mykje tyder altså på at dei studentane som føler dei ikkje meistrar engelsk godt nok som fagspråk, vegrar seg for å reise ut. Studentar som absolutt vil ha stort utbytte, både fagleg og språkleg, av eit utanlandsopphald, vel altså vekk utanlandsopphald fordi dei ikkje føler seg språkleg kompetente nok til å reise.

skjermdum-uib
Det er eit sentralt utdanningspolitisk mål at norske studentar skal reise på utveksling som del av sin bachelorgrad eller mastergrad. Universitetet i Bergen informerer om dette på denne nettsida. Undersøkinga mi viser at meistringstru når det kjem til eigne engelskferdigheiter, kan ha noko å seie for kven som vel å reise på utveksling. Kjelde: http://www.uib.no

Det er ikkje mangel på ønske om internasjonalisering blant studentane, og jamt over så er dei ganske så positive til å nytte engelsk i utdanninga si. Men dei etterlyser også meir samsvar mellom språk og læringsutbytte. Spesielt gjeld dette jusstudentane, som i størst grad syner seg å vere medvitne om kor viktig det er å kunne kommunisere så godt som mogeleg med ikkje-spesialistar etter endt utdanning.

Eg meiner difor det er viktig å sjå på måten engelsk blir brukt på i undervisninga ved norske universitet og høgskular. Ein del tyder på at det å legge om pensum og undervisninga til engelsk ikkje nødvendigvis førebur studentar på det å skulle ta del i ein internasjonal arbeidsmarknad. Utveksling vil i større grad kunne førebu dei på det, men problemet oppstår dersom dei som kunne hatt størst utbytte, allereie i planleggingsfasen sjølvselekterer seg ut, fordi dei ikkje har god nok tru på eigne evner.

bilde-4-alternativ-1
Ordbøker er nyttige hjelpemiddel for studentar som har engelsk som framandspråk, uansett om dei bruker engelsk i Noreg eller er på utveksling. Foto: Silje Drevdal

Vil du vite meir?

I eit innlegg, Bottom-up frå studentperspektivet (http://khrono.no/debatt/bottom-internasjonalisering-fra-studentperspektivet) i Khrono tidlegare i haust tok eg opp dette temaet som eit svar til prodekan ved UiO Svein Stølen sitt innlegg «Internasjonalisering – hvor er det skoen trykker?» (http://khrono.no/debatt/internasjonalisering-hvor-trykker-skoen).

Sjå også blogginnlegget «Er norsk fagspråk i fare?» av Gjert Kristoffersen, som stod på trykk i Språkprat 20. oktober 2016.

[1] Kjelde: http://dbh.nsd.uib.no/dbhvev/student/utveksling_rapport.cfm?dep_id=1

[2] Kjelde: http://media.ef.com/__/~/media/centralefcom/epi/downloads/full-reports/v5/ef-epi-2015-english.pdf