Nynorsk med dei minste

Foto: Silje Drevdal

Kvart år byrjar om lag 7750 born på skulen i nynorske skulekrinsar. Desse ungane har vore bada i språk i barnehagen. Men dei har gjerne vore bada i bokmål, ikkje nynorsk. Kvifor er det slik? Og kva fortel Rammeplan og årsplanar om kva medvit det er i barnehagar om dei to målformene våre?

Av Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen

Nynorskkonferansen i Bergen i fjor var så populær at han hamna i kinosalane i Magnus Barfot. Deltakartalet fortel at mange har eit stort medvit om kor viktig nynorsken er i opplæring og utdanning, men også at mange ønskjer seg meir kunnskap om dette.

Då eg lytta til Eli Bjørhusdal, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, sitt innlegg om arbeid med nynorsk i barnehagen, innsåg eg at ho tok opp det som bør vera sjølvsagt, men som me oftast ikkje tenkjer på: Barn har rett til å møta språket sitt, også skriftspråket, i barnehagen. Slik er det ikkje. Denne retten er i dag ein moralsk rett, men ikkje ein lovfesta rett.

Barnehagebilde
Å lesa nynorske bøker gjer at borna møter skriftspråket sitt i lyd og i skriftbilete. Illustrasjonsfoto: Kib & Morits / Nynorsksenteret

Det er semje om at god språkstimulering er viktig, og at ungar treng å møta eige skriftspråk så tidleg som mogeleg. Snevrar me dette inn til komande nynorskelevar, vert det relevant å sjå på kva språk ungane vert bada i i barnehagen. Også i nynorskkommunar er det ofte slik at tidleg innsats med språk i praksis tyder tidleg innsats med bokmål. Storparten av lesestoffet, spela, filmane og app’ane som er tilgjengelege, finst primært på bokmål. Dette får konsekvensar for dei minste sine språklege sjølvbilete og skriftspråksferdigheiter.

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen legitimerer språkstimulerande arbeid i det individuelle, i identitet og kjensler. Rammeplanen framhevar at «eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing».

Rammeplanen skil seinare mellom norsk og andre språk. Ligg det i «norsk» her ei verkeleg jamstelling av dei to målformene våre, kan hende med ein tanke om at det ikkje er behov for å presisera det som etter loven er sjølvsagt? Loven er noko anna enn realiteten. Tove Bull peiker på at trass i ei formell jamstelling mellom dei to målformene frå 1885 viser nyare norsk språkhistorie at korkje ein offisiell status gjennom vedtak i Stortinget eller ein politisk status er nok til å gje ei språkform sosial status. Deretter argumenterer Bull for at nynorsk er eit minoritetsspråk ut frå 1) talet på brukarar, altså eit kvantitativt kriterium, og 2) status.

skjermbilde-2016-11-17-kl-07-31-07
Språkstimulerande arbeid er ein del av Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Men sikrar Rammeplanen språkstimulering på nynorsk like mykje som på bokmål? Kjelde: http://www.udir.no

Det kvantitative kriteriet kjem også i eit temahefte til Rammeplanen, der det er presisert at «Nynorsk er eit mindretalsspråk». I dette heftet skriv Høiland, Mjør og Hoel om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Dei tek opp det norske språkmangfaldet, både dialektar, skriftformer og ulike språk. Eit slikt språkleg mangfald er ein global normalsituasjon som barnehagen må nytta som ein ressurs. Mangfaldet, både lokalt og globalt, bør nyttast aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Men det er ein forskjell mellom Rammeplanen og temahefte. Der temahefta om dei sju ulike fagområda i barnehagen skisserer konkrete framgangsmåtar, er Rammeplanen eit juridisk bindande dokument. Dette dokumentet ligg til grunn for utarbeidinga av årsplanane til kvar barnehage. Årsplanane er ein arbeidsreiskap for personalet, informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen, og eit utgangspunkt for evaluering og tilsyn. Årsplanane fortel dermed noko om intensjonen med og medvitet om arbeid og prioriteringar i barnehagane.

_mg_1496
Det finst mange bøker på nynorsk for born i barnehagealder. Her er nokre av dei som er til utlån ved Bergen offentlege bibliotek. Foto: Silje Drevdal

I ei gransking av omtale av språk, (skrift)språkstimulering og nynorsk i årsplanar frå 63 barnehagar i nynorskkommunar på Vestlandet, har Bjørhusdal og eg mellom anna sett på:

  • kva målform barnehagane nytta i årsplanane sine
  • om årsplanane nemner arbeid med nynorsk

I utvalet var det flest barnehagar frå Hordaland. Storparten av årsplanane me fekk inn, var skrivne på nynorsk. Berre ni av 63 planar var skrivne på bokmål, medan to veksla mellom målformene. Sju av dei ni bokmålsplanane og begge dei to som veksla, kom frå Hordaland. Åtte av ni bokmålsplanar og begge som veksla kom dessutan frå privateigde barnehagar. Berre seks barnehagar presiserte at dei var særskilt opptekne av at ungane også møter det framtidige skriftspråket sitt, nynorsk, allereie i barnehagen. Samla ser det ut til at det er medvit om nynorsk som administrasjonsspråk, men at ungane sine behov for nynorskstimulering ikkje er skriftfest.

Årsplanane treng ikkje å vera eit bilete av reell praksis i barnehagen. Det skjer sannsynlegvis mykje bra arbeid – også med nynorsk – utan at dette vert rapportert. Somme tider er arbeid med nynorsk og språk så sjølvsagt at det ikkje er naudsynt å ha med i årsplanen. Men årsplanane er også eit uttrykk for kva medvit det finst (og ikkje) om dette hos barnehageeigarar og hos dei som utformar planane. Kan hende dei tenkjer at skriftspråk er skulefag? Og skulefag skal ikkje inn i barnehagen! Å møta skriftspråket sitt tyder ikkje å lesa og skriva sjølv, og det er ikkje avgrensa til dei eldste, førskuleborna som går i eigne grupper med skuleførebuande aktivitetar. Å møta skriftspråket sitt er å møta det i lyd og skriftbilete, å høyra det lese og å sjå det på boksida. Det er å synga songar på nynorsk – og det er å høyra rim og regler på nynorsk.

skjermbilde-2016-11-17-kl-07-43-09
Kortfatta og tydeleg er plakaten med Ingeborg Mjør sine åtte innspel for nynorsk språkstimulering i barnehagen. Plakaten finn du her. Kjelde: nynorsksenteret.no

All språkstimulering er både nyttig og viktig. Samstundes må me vera klare over at me sosialiserer språkbrukarar inn i språklege fellesskap, og at det er ein fordel å bli sosialisert inn i det skriftspråklege fellesskapet ein tilhøyrer så tidleg som mogeleg. Det tyder ikkje at ein i nynorskkommunar skal arbeida med «berre nynorsk», men det tyder at å la ungane i desse områda bli kjende med skriftspråket sitt i bilete og lyd, må reknast som særleg viktig. Tidleg språkstimulering bør vera prega av nynorsk for dei som skal ha dette som opplæringsmål. Det sikrar morsmålsmeistring og språkidentitet.

I det før nemnde temaheftet om språk finst det konkrete råd til arbeid med nynorsk i barnehagen. Det er tale om å vera medviten om den språklege situasjonen, om behova til borna og kva me vaksne må gjera for å gje dei best mogeleg språkleg kompetanse før skulestart. Det er tale om å passa på at ein også nyttar nynorsk, i litteratur, songar, rim og regler – og i pedagogisk materiell i barnehagen. At ein les på nynorsk, ikkje dialekt. At ein lar ungane bli vane med å sjå skriftbilete på nynorsk. At ein snakkar om språk og språkleg variasjon. At ein skriv nynorsk saman med ungane.

For ungar i nynorskkommunar er det ein fordel at så mykje som mogeleg foregår på nynorsk. For ungar i bokmålskommunar er det ein fordel å møta språkleg variasjon – og dei skal uansett læra seg begge målformer. Då skadar det heller ikkje at det finst utruleg mykje god litteratur for dei minste.

Vil du vita meir?

skjermbilde-2016-11-17-kl-07-45-10
Nynorsksenteret står bak mange nyttige ressursar. I tillegg til barnehagesidene er boktipsa til Nynorsksenteret på nynorskbok.no å tilrå. Heftet Spire handlar nettopp om nynorsk språkstimulering i barnehagen. Det finn du her. Denne artikkelen av Synnøve Matre er riktig kjekk. Kjelde: http://www.nynorsksenteret.no

For arbeid med språk i barnehagen meir generelt, har Lesesenteret gode ressursar. Desse finn du her.

Undervegs i blogginnlegget har det blitt vist til fleire ressursar som det kan vera aktuelt for dykk å sjå nærare på. Det gjeld Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, temaheftet til Rammeplanen,  artikkelen til Tove Bull og Ingeborg Mjør-plakaten.