I Noreg har vi ikkje berre etternamn med norsk opphav, men også mange etternamn med utanlandsk opphav. I denne språkpraten kan de lesa om ein del sentrale typar med døme frå ulike land og kulturar.
Av Ivar Utne, førsteamanuensis emeritus i nordisk språk og knytt til feltet namnegransking på Fagspråksenteret, begge ved Universitetet i Bergen
I språkpraten «Etternamn i Noreg – eit historisk overblikk» (2025, 21. november) skreiv eg om korleis utviklinga av etternamn i Noreg har vore. Men sjølv om hovudtyngda av etternamn i Noreg er sen-namn med opphav i fornamn hos forfedrar og namn frå gardar der tidlegare slekt har budd, har vi òg mange etternamn med utanlandsk opphav. Dei har kome med innvandring for fleire hundre år sidan og mest med innvandring sidan seint på 1900-talet.
Dei tidlege utanlandske etternamna hadde ofte andre typar opphav enn etternamn som har blitt til i Noreg. Nyare etternamn frå utlandet omfattar same typar som dei eldre og i tillegg ofte fornamnet til faren og ektemannen som etternamn til barn eller andre i familien.
Sidan 1600- og 1700-talet har mange innflyttarar frå Europa, særleg frå tysk og dansk område, teke med seg etternamn og skikken med faste etternamn. Det er etternamn med utanlandsk bakgrunn som svarar til dei gamle norske tilnamna, omtalt i den nemnde språkpraten. Blant dei er mange typar som ikkje hadde blitt til etternamn i Noreg.

Desse innvandrarane hadde etternamn med opphav i fornamn hos forfedrar, slik som Irgens frå ei tysk form av Jørgen. Dette er deira variantar av det vi kjenner som sen-namn. Sjeldan var det etternamn frå gardsnamn, men heller frå landsbyar og område dei hadde kome frå, som Sverdrup frå namn på ein dansk landsby og Beyer om person frå Bayern. Med denne innvandringa kom òg etternamn med opphav frå yrke, som Møller og Schmidt (smed); etter utsjånad, som Brun, Braun og Lange; og etter veremåte, som Stoltz (stolt).
Fram til vår tid har vi òg hatt innvandring med namn av tilsvarande typar frå Middelhavsland, Nord- og Sør-Amerika og frå Aust-Europa, sjølv om namna er ganske ulike frå land til land.
Tabellen nedanfor gir ei samla oversikt over døme på etternamn med opphav i fornamn, stadnamn, yrke, utsjånad og veremåte frå desse ulike kulturane.


Blant kulturar i Asia og Afrika finst både typane ovanfor og andre typar. Her er nokre eksempel:
- Vietnamesiske Nguyen /ŋujən, ŋwiəŋ)/ med tradisjon frå eit dynasti (familie som styrte landet) og det språkleg beslekta kinesiske Ruan /ʐoɑn, roã(n)/ (ʐ = stemt frikativ retrofleks)/. Dei kjem frå eit ord for eit kinesisk strengeinstrument.
- Indiske Gandhi har opphav frå parfymeseljarar.
- Khan har mongolsk opphav, tyder leiar og blir brukt blant anna i India.
Mange namneskikkar overfører fars fornamn til etternamn i neste generasjon eller generasjonen deretter. Dette gjeld mest muslimske, tamilske og eritreiske skikkar. I alle skikkane med vidareføring av fars fornamn finst òg litt bruk av faste etternamn for fleire generasjonar, og annan mindre offisiell namnebruk.

Mest kjent er bruken av fornamn som etternamn frå muslimsk skikk, der ein gjerne får både far og farfars fornamn utan tillegg etter eige fornamn, som Amina Hasan Jamal. Det tilsvarar patronym (farsnamn) med endingar i norsk skikk (-son, -dotter). Kvinner held på eigne etternamn gjennom livet. Også somaliarar har denne muslimske skikken, til dømes har Stortingsrepresentant Marian Abdi Hussein ei slik namnerekkje.

Muslimsk skikk har òg i nokre område faste etternamn danna av fornamn på forfedrar, og frå stader. Namna har då med den bestemte artikkelen al framfor og avleiinga -i sist, slik som Al-Husayni frå forfedrar, som Husayn, og Al-Samarai frå Samarra i Irak (etternamnet til idrettspresidenten i 2026). Ofte kjem slike namn i tillegg til fars eller farfars fornamn.
Hos tamilar, på Sri Lanka og søraust i India, blir farens fornamn til etternamn for barn. Blant tamilar blir dessutan ektemannens fornamn til etternamn for kona. Dersom ektemannen heiter Jeyamohan Ravichandran, vil kona heite Jayanthini Jeyamohan, og ei dotter Sivadevi Jeyamohan. Blant tamilar er fornamn, som òg blir brukte som etternamn, sette saman av fleire einskildnamn til eit langt namn, som vist i figuren her.

Nokre kulturar har elles ikkje etternamn – berre fornamn, eitt eller fleire. Slik er det i Myanmar, blant anna for alle namna til politikaren Aung San Suu Kyi i Myanmar. Dagens (juli 2026) leiarar i Rwanda og Burundi heiter Paul Kagame og Évariste Ndayishimiye, som begge er kombinasjon av eit europeisk fornamn, helst med kristen bakgrunn og bakgrunn frå belgisk styre, og eit lokalt fornamn. (Évariste er fransk form av eit gresk helgennamn som tyder hyggeleg.)
Når folk med berre fornamn er busette utanlands, blir namna fordelte på for- og etternamn. Eller dei kan få lagt til titlar eller anna for å få to namn formelt eller uformelt, slik som burmesisk (Myanmar) Daw for fru og U for herr.
Dei skikkane som er omtalte for nyare innvandring her, kan bli vidareførte med den norske personnamnlova, som de finn her. Folk med innvandrarbakgrunn tilpassar seg òg norske og utbreidde europeiske skikkar, blant anna med overgang til faste etternamn som er like for alle i familien. Nokre endrar òg til europeiske eller norskklingande etternamn for å lette innpassinga i det norske samfunnet.
Frå 1600- og 1700-talet kom altså faste etternamn i bruk i Noreg som følgje av innvandring, som omtalt først i artikkelen. Det er motsett av store delar av dagens innvandring, der det ofte ikkje er faste etternamn.
Vil du vita meir?

På nettsidene «Etternavn fra andre land» under Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen, som er laga av meg, får de ei oversikt over dette stoffet.
Norsk etternamnleksikon (2. utg. 2016 av Olav Veka har forklaringar til mange utanlandske etternamn i bruk i Noreg. (i bibliotek og nettbokhandlar).
Du kan finne meir stoff om etternamn frå eldre innvandring i denne artikkelen:
Ivar Utne: Eksempel på tyske og nederlandske etternamn frå 1600- og 1700 talet er omtalt i min artikkel «Tyske og hollandske slektsnavn i Norge». I: Genealogen nr. 1, 2000, s. 51‒53.
Etternamnskikkar hos nyare innvandrarkulturar finst i min artikkel og det statlege dokumentet her:
Ivar Utne: «Afrikanske, asiatiske og aust-europeiske namneskikkar i det norske folkeregisteret» (i Språk i Norden 2008).
NOU 2001:1 Lov om personnavn. Tradisjon, liberalisering og forenkling. Kap. 11 «Nærmere om forholdet til utenlandske navneskikker. Nasjonale minoriteter». (IU er medforfattar om skikkar, namneeksempel og oppslagsverk).
Her kan du elles lesa om tilpassing av utanlandske namn i norske register:
Ivar Utne: Innpassing av nye navnekulturer i det norske folkeregisteret. I: Namn og Nemne 22 (2005), 75–96. Bergen: Norsk namnelag.
