Kva har brownie til felles med skrolle, elsparkesykkel, reinhaldar, munnbind og matboks? Kan hende ikkje så mykje – bortsett frå at det er ord som nyleg er komne med i Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettsida ordbøkene.no. I denne språkpraten kan du lære meir om kva nye ord som er komne inn i revisjonen av ordbøkene, og korleis vi i ordbokredaksjonen tenkjer når vi vel ut kva ord som skal vere med.
Av Bente Selback og Klara Sjo, leksikografar ved Universitetet i Bergen
Arbeidet med Bokmålsordboka og Nynorskordboka starta opp i 1974. Då var ordbøker noko som fanst på papir, og ein tok utgangspunkt i at ordbokbrukarane hadde norsk som morsmål.

Mykje har skjedd på dei vel 50 åra som er gått sidan den gong. Samfunnet har endra seg, språket har endra seg, ordbokbrukarane har endra seg, og sjølve ordbøkene blir no berre publiserte på nett (på ordbøkene.no). Alle desse endringane gjorde det nødvendig å revidere ordbøkene, og vi var ein del av redaksjonen som gjorde dette arbeidet. I løpet av revisjonen er det kome inn om lag 10 000 heilt nye oppslagsord i kvar av dei to ordbøkene.
Orda vi har teke inn i revisjonen, er av ulikt slag, og det er ikkje berre heilt nye ord som no er komne inn i ordbøkene. Det er også ord med auka aktualitet, ord som speglar samfunnsendringar, og ord som har vore i bruk lenge, men som ikkje har kome med i ordbøkene før no.
Når vi snakkar om nye ord i ordbøker, er det ofte heilt nye ord for nye ting og fenomen vi tenkjer på. Under revisjonen av ordbøkene har det blitt lagt til mange slike ord. Desse orda kan vi grovt sett dele inn i to grupper: lånord og samansetningar.
Lånord er ord som er lånte direkte frå andre språk, gjerne saman med den tingen dei skildrar. Eit eksempel på dette er brownie. Sjokoladekaka brownie er først nemnd i amerikansk engelsk i 1897, men i Noreg vart ho ikkje kjend før på 1980-talet. Etter kvart som kaka har blitt vanlegare, har ordet tilpassa seg norsk uttale og bøying.
Brownie har etter kvart blitt oppfatta som noko heilt vanleg som vi snakkar om på norsk, og dermed passa ordet til å bli teke inn i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

I Noreg er det Språkrådet som fastset korleis ord skal skrivast og bøyast. Når det står på ordbøkene.no at det heiter ein brownie, to browniar, så er det det som er den normerte skrivemåten. Det vil seie at det er sånn ein skal skrive ordet på skular, i lærebøker og i offisielle skriv. Bøyinga er den vanlege bøyinga for hankjønnsord i norsk, og mange bøygde brownie slik også før ordet blei normert i Språkrådet.
Det har kome inn mange nye ord med utanlandsk opphav dei siste åra, ikkje berre brownie, men òg cookie, panini, babyshower, paintball, selfie, skrolle, wow og mange fleire. Men det har kome inn veldig mange fleire nye ord som vi har laga sjølve i norsk ved å setje saman to eller fleire eksisterande ord, altså det vi kallar samansetningar. Dette er den vanlegaste måten å lage ord på norsk på. Berre tenk på ord som bildelering, ballbinge, elsparkesykkel, hurtigminne, jojoslanking, kartleggingsprøve og vekstlampe. Alle desse er sette saman av norske ord, men skildrar noko relativt nytt.

Av og til skjer det noko i samfunnet som gjer at det oppstår mange nye ord, eller at ord som er lite brukte frå før, får ny aktualitet. Eit eksempel på dette er koronapandemien, som braut ut midt under arbeidet med ordbokrevisjonen. I denne perioden dukka det opp mange nye ord. Du hugsar kanskje at vi plutseleg begynte å snakke om balkongkonsert, fothelsing, hosteskam, hytteforbod, karantenehotell og koronahår? Desse orda var veldig tett knytte til akkurat denne perioden. Dei blir ikkje like mykje brukte i dag, og derfor blei dei heller ikkje tekne med i ordbøkene.
For at eit ord skal vere med i allmennordbøker som Bokmålsordboka og Nynorskordboka, må det vere relativt mykje brukt over lang tid og i ulike teksttypar. Andre ord som heimekontor og munnbind fekk òg ein veldig oppsving under korona, men bruken av dei avgrensar seg ikkje berre til denne situasjonen. Dei er derfor blitt med i ordbøkene.

Samfunnet har endra seg mykje dei siste 50 åra, og det har språket òg. Ei av dei største endringane er at kvinner deltek mykje meir i det offentlege livet no enn før, og det har òg sett sitt merke på språket. Lenge var det berre menn som var embetsmenn – noko vi kan sjå frå ordet. Kva skjer då når ei kvinne blir embetsmann? Blir ho embetskvinne? Embetsperson? Alle tre orda er i bruk i norsk i dag, og embetsmann er framleis det vanlegaste. Embetskvinne nådde eit høgdepunkt på 1990-talet, mens embetsperson er det ordet der bruken veks mest no. På ordbøkene.no har vi lagt til alle tre orda og peiker mellom dei, slik at den som skriv, sjølv kan velje det hen likar best.
Det vi ser er ein stadig aukande trend, er heilt kjønnsnøytrale titlar, særleg yrkesnemningar. Dette er ei medviten og ønskt utvikling som starta på 1970-talet. Ord som brannmann – og brannkvinne – blir mindre og mindre vanlege til fordel for nemninga brannkonstabel. Og ikkje minst har bruken av nemninga reinhaldar no langt gått forbi dei gamle nemningane vaskekone, vaskedame og vaskemann.

Du blir kan hende litt overraska over at den aller største gruppa av nye oppslagsord i ordbøkene er ord som slett ikkje er nye i norsk i det heile. I revisjonen har vi fått inn ord som barnekor, bilskilt, fotballtrening, interessert, kyssing, matboks, raudbrus, skriking, stressa og strikkejakke. Dette er ord som nok er velkjende for dei fleste av oss, men dei har altså ikkje vore oppslagsord i ordbøkene før. Mange av dei orda som har mangla eigne oppslag, er anten adjektiv (for eksempel interessert), substantiv som er laga av eit verb ved å leggje til endinga ‑ing (for eksempel skriking av skrike), eller det er samansetningar mellom to vanlege ord (for eksempel av mat og boks til matboks).
Kva er grunnen til at så velkjende og mykje brukte ord ikkje stod i ordbøkene tidlegare? Då ordbøkene kom ut i eitt band på papir, måtte ein spare på plassen. Det var derfor vanleg at ein ikkje tok med ord som følgjer vanlege prinsipp for ordlaging i norsk, eller der ein kunne slutte seg til tydinga av samansetninga når ein kjende til tydinga av dei to ledda. Mange ordbokbrukarar syntest dette systemet var vanskeleg å forstå. I dag har dessutan 20 prosent av ordbokbrukarane ikkje norsk som morsmål, og då blir det endå vanskelegare å gjennomskode dette systemet.

For å gjere ordbøkene lettare å bruke har vi derfor lagt til ei rekkje nye oppslagsord som er mykje brukte og har vore det lenge, men som tidlegare har mangla i ordbøkene. Å ta inn nye ord er ei av dei viktigaste oppgåvene ein gjer når ein reviderer ei ordbok, og det var også den viktigaste oppgåva for oss. Derfor fekk Bokmålsordboka og Nynorskordboka inn over 10 000 nye ord kvar i revisjonen.
Ordbøker som Bokmålsordboka og Nynorskordboka bør heile tida vere oppdaterte for at dei skal vere til god nytte for brukarane. Dette gjeld både heimlege ord og omgrep som manusvask og plastbåt, men òg lånord som er i allmenn bruk i det norske språket, som google og one-night-stand. Andre viktige oppgåver vi har hatt, er å tilpasse ordboka til nye brukarar og brukarar som ikkje har norsk som førstespråk, og ikkje minst å skrive ei ordbok som fyller forventningane brukarane har til ei moderne, digital ordbok. Vi håper arbeidet med å ta inn alle desse nye orda har gjort ordbøkene betre, meir oppdaterte, meir tilgjengelege og nyttigare for brukarane også i åra som kjem.
Vil du vite meir?
Ordbøkene finn du her: https://ordbokene.no/
Bente Selback har skrive ein språkprat om revisjonen av ordbøkene.no i starten av prosjektet: «Noko gammalt, noko nytt …» (2020, 24. september).
Mikkel Ekeland Paulsen har skrive ein språkprat om korleis vi avgrensar samansette ord i ordbøkene.no: «Korleis avgrense kva ferieord som bør stå i «ordboka»?» (2025, 20. juni).
Knut Karlsen og Dagfinn Rødningen i Språkrådet har skrive ein artikkel om kvar nyorda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka kjem frå: «Allvêrsjakke, antiskrens og aioli» (2023, 8. februar).
Nasjonalbibliotekets N-gram, som du finn her, kan vise kor mykje eitt eller fleire ord blir brukte over tid. Dataa er henta frå Nasjonalbiblioteket sine aviser og bøker.
