Om revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Du står kanskje bak eitt eller fleire av dei nærmare 54 000 000 søka som blei gjorde i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor? Har du i så fall lagt merke til at ordbøkene har med ord som amtmanninne og aftentrekning, men ikkje hipster og flatskjerm? Dei inneheld mykje gammalt og lite nytt. Det er på tide med ei oppdatering, og denne språkpraten handlar om korleis me jobbar med revisjonen av ordbøkene.
Av Bente Selback, redaktør i revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Bergen
I 1974 starta arbeidet med Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Norsk språkråd. Dei to ordbøkene hadde kvar sin redaksjon, men redaksjonane samarbeidde tett og starta mellom anna på kvar sin del av alfabetet, for så å byta manus. Likevel var det skilnader mellom målformene i både ideologi og kjeldetilfang, og då førsteutgåvene var klare i 1986, viste det seg at ordbøkene ikkje var blitt så like som ein først hadde tenkt. Bokmålsordboka hadde 65 000 oppslagsord og Nynorskordboka 90 000. Sidan den gongen er begge ordbøkene komne i fleire nye utgåver med oppdatert rettskriving og bøyingsinformasjon, men det er ikkje gjort store revisjonar av innhaldet.
I 2016 tok Universitetet i Bergen over Språksamlingane frå Universitetet i Oslo. Samlingane var dels elektroniske, men det var òg mykje eldre fysisk materiale, og den eine traileren etter den andre rulla over fjellet fylt med forskingsmateriale om mellom anna namn, dialektar, norrønt og terminologi. Med på lasset var ansvaret for dei to ordbøkene.

No er me i gang med eit femårig revisjonsprosjekt i samarbeid med Språkrådet. Denne gongen er det éin redaksjon som arbeider med begge ordbøkene samstundes. Dei tre viktigaste oppgåvene blir å
- redusera umotiverte skilnader mellom dei to ordbøkene
- sikra at definisjonar og døme er i tråd med språkbruken i dag
- oppdatera ordtilfanget
Måten me bruker ordbøker på, har endra seg sidan Bokmålsordboka og Nynorskordboka kom ut første gongen. Før var ordbøker noko som berre fanst på papir. Lurte ein på noko, slo ein opp i ordboka for den målforma ein skulle skriva på, og det var nok berre dei spesielt interesserte som i tillegg slo opp i ordboka for den andre målforma for å samanlikna artiklane. I dag er ordbøkene digitale, og dei har vore tilgjengelege på nettet sidan 1994 og i appen Ordbøkene sidan 2017. Det verkar inn på måten dei blir brukte på.

Figuren ovanfor viser bruken av nettordbøkene i 2019. Det er ei søyle for kvar månad, og me ser at bruken varierer ein del gjennom året. Mellom anna er det lett å sjå kva tid det er sommarferie, og kva tid det er mange som har eksamenar. Det blir gjort litt fleire søk i Nynorskordboka enn i Bokmålsordboka, men i denne samanhengen er det særleg interessant at om lag 70 prosent bruker standardsøket med å slå opp i begge ordbøkene parallelt. Då får ein dei to artiklane opp ved sida av kvarandre på skjermen, og det blir meir merkbart enn før at det er ein del skilnader mellom ordbøkene.

Viss ein til dømes slår opp på animasjon, finn ein at dette ordet er med i Bokmålsordboka, men ikkje i Nynorskordboka (sjå figuren). Mange tolkar ulikskapane mellom ordbøkene som ulikskapar mellom nynorsk og bokmål, og dei konkluderer dermed med at dette ordet er «forbode» å bruka på nynorsk. Men det er slett ikkje alle skilnader mellom ordbøkene som har rot i målformskilnader. Ofte er dei berre tilfeldige, slik dei er i dette tilfellet, og då er det uheldig at dei blir oppfatta som noko anna av brukarane. Difor er det ei viktig oppgåve i revisjonen å redusera slike umotiverte skilnader.
Dei eksisterande artiklane kan òg trenga oppdateringar på andre måtar. Verda og språket har endra seg ganske mykje sidan arbeidet med ordbøkene tok til på 70-talet. I enkelte tilfelle kan det skje at det som var rett før, faktisk ikkje stemmer lenger. I førsteutgåva av Nynorskordboka blei til dømes ekteskap definert som «samliv mellom mann og kvinne bygd på rettsleg bindande avtale med offentleg status». Denne definisjonen stemde då, men etter innføringa av den nye ekteskapslova måtte ordbokteksten endrast slik at han ikkje lenger hadde med formuleringa om «mann og kvinne».

Eit anna døme på ordboktekst som ikkje lenger passar like godt med moderne språkbruk, er ordet avspilling. Før revisjonen såg artikkelen slik ut i Bokmålsordboka:

Ordet blir definert som «det å spille av (et lydbånd, en kassett, en plate)». Her ser me at tida har gått litt frå ordbøkene, for dersom me søkjer opp dette ordet i digitale samlingar av nyare tekstar, vil me raskt sjå at avspeling i dag er noko som først og fremst går føre seg på Spotify, YouTube og liknande. Ein låt kan til dømes ha hatt 20 000 avspelingar den siste veka.
Dette er eit døme på at det som står i ordbøkene, ikkje er direkte feil, men litt gammalmodig. Ein kan sjølvsagt framleis snakka om avspeling av ein kassett, men det er ikkje den mest typiske bruken av ordet, og då bør definisjon og bruksdøme oppdaterast slik at dei er meir i samsvar med den vanlege bruken i dag.

I tillegg til å gjera endringar i dei eksisterande artiklane er det ei viktig oppgåve i revisjonen å fylla på med ord og tydingar som er komne til sidan ordbøkene blei laga. I tabellen nedanfor ser du nokre døme på ord me har gjort framlegg om å ta inn i ordbøkene.

Her er det ord av ulike typar. Det er ord for mat og drikke som er blitt vanlegare her hjå oss dei seinare åra (til dømes brownie og cortado), og ord som heng saman med ny teknologi (til dømes flatskjerm og betalingsmur). Me kjenner att ord frå ulike trendar, aktuelle samfunnsdebattar og mediesaker (til dømes hipster, bompengefinansiering og brunsnigel), men òg ord for fenomen som slett ikkje er nye i det heile, som brødform og hovudpulsåre. Dette er heilt vanlege ord i språket, men dei har mangla i ordbøkene.
Viss me skal oppsummera erfaringane frå arbeidet så langt, kan me konkludera med at ordbøkene ber preg av at arbeidet med dei starta for over 40 år sidan, og skilnadene mellom dei viser seg å vera større enn venta. Det er altså behov for ein revisjon, og målet er at ordbøkene i framtida skal vera litt likare kvarandre der det ikkje er grunn til noko anna, og at dei skal innehalda litt mindre gammalt og litt meir nytt.
Vil du vita meir?

Du kan lesa meir om Språksamlingane her.
Dersom du vil vita meir om revisjonsprosjektet, finn du heimesida vår her.
Eller du kan lesa artikkelen «Bokmålsordboka og Nynorskordboka – einegga, toegga eller siamesiske tvillingar?», som hovudredaktør Margunn Rauset har skrive. Han er trykt i LexicoNordica 26 (2019), side 155–175.
Marit Hovdenak har skrive meir om historia til dei to ordbøkene i artikkelen «Bokmålsordboka og Nynorskordboka gjennom ein generasjon». Han er trykt i Ruth Vatvedt Fjeld & Marit Hovdenak (red.): Nordiske studier i leksikografi 12 (2013). Oslo: Nordisk forening for leksikografi, side 229–246. Artikkelen kan lastast ned her.