Fuglekikking er ein populær hobby i Noreg, og kvart år gler fuglanes selskap oss når dei vitjar fuglekasser og fôringsbrett. Men språkleg sett kan fuglane òg vera interessante, og i dette innlegget skal me sjå nærare på fuglenamn med lydmalande opphav.
Av Krister SK Vasshus, doktorgradskandidat med tilknyting til Språksamlingane på UiB og formidlar i Sagnlandet Lejre
Ein del av ordtilfanget vårt er onomatopoetisk. Det vil seia at nokre ord er lydhermande, eller lydmalande, som det òg heiter, og gjengir lyden til det dei er ord for. Nokre eksempel er tiss, plopp, knak og bobla. Mange fuglar har òg namna sine frå lyden dei lagar, men det er ikkje nødvendigvis så lett for folk å merka det. Fordi mange av desse fuglenamna er så gamle, treng ein gjerne kombinasjonen av uvanleg stor fugleinteresse og uvanleg god kunnskap om lyd- og språkutvikling for å oppdaga slike lydlege samanhengar.

Eit tydeleg eksempel på eit lydhermande fuglenamn er vipa. Om våren fyk vipa rundt og seier vip–vip–vip i ulike tonefall. Dette har vore så karakteristisk for fuglen at ein enda opp med å oppkalla fuglen etter lyden. Mange vil kanskje òg vera einige i at skjor/skjære ligg tett opp til lyden som denne fuglen lagar, sjølv om måten det blei uttala på i urgermansk for 2500 år sidan, moglegvis var ennå meir treffande: *skihurō. Meir vanskeleg er det kanskje å sjå at hegre skulle vera danna på bakgrunn av dei hese skrika hegren lagar, men det er altså tilfellet. På grunn av dei mange lydlege endringane som språket vårt har gjennomgått sidan fuglen fekk namnet, høyrest det annleis ut enn det meir lydmalande *kroykro-, som må ha vore det urindoeuropeiske opphavet. Det lydhermande ordet blei på eit tidspunkt frikopla frå lyden til fuglen, og ordet blei oppfatta som eit heilt vanleg ord.
Me har ganske mange fuglar som har fått namn på denne måten. Nokre eksempel er ramn, kaie og (hav)elle. Kanskje høyrer òg skarv, orr(fugl), gauk, due og tiur med her.

Nokre fuglenamn er danna ved å ta eit lydmalande ord og legga til eit element for å danna ei avleiing, litt sånn som når du lagar substantivet hopping av verbet hoppa ved å legga til –ing. Verbet hoppa er då grunnordet som dannar grunnlaget for avleiinga. Fordi mange av desse fuglenamna er skikkeleg gamle og har gjennomgått fleire tusen år med lydendringar, kan det derfor vera mindre tydeleg at dei ein gong var lydmalande.
Eit eksempel på dette er fuglenamnet ugle. Ugle er ikkje så lydmalande i dag, men er danna på bakgrunn av uww, som etterliknar uglas uling, med ein såkalla l-avleiing. Desse l-avleiingane kunne både danna diminutivar, der tydinga i forhold til grunnordet er ‘liten versjon av det som grunnordet refererer til’, og nomen agentis, der tydinga i forhold til grunnordet er ‘den som utfører handlinga som grunnordet refererer til’. Ordet ugle kan derfor opphavleg ha tydd anten ‘det litle ulet’ eller ‘ularen’. Det urgermanske ordet *uwwalōn utvikla seg lydrett i urnordisk til *uggwalō, som vidare utvikla seg til norrønt ugla.
Slike avleiingar finn me òg i fleire andre fuglenamn, som rugde, trane, alke, måke, kråke og røy.
Ut over dette har me ein del fuglenamn som ikkje direkte er lydmalande, men som fortel at fuglen lagar lyd. Nattergalen, nøtteskrika og gulsongaren er nokre eksempel, som alle tar utgangspunkt i ord som handlar om å laga lyd: gala, skrika og song.

Korfor er lyd eit så viktig tema i fuglenamn? Samanliknar me med andre dyregrupper, skil fuglane seg litt ut på dette punktet. Jo visst kan fuglar òg få namn etter form, farge eller åtferd, sånn som til dømes pattedyr og fisk, som til dømes svarttrast, blåmeis og raudstrupe. Men det er sjeldan at pattedyr og fisk har namn etter lyden dei lagar. Dette kjem nok av at fuglar lagar meir lyd enn mange andre dyregrupper. Ofte høyrer du ein fugl før du ser han, og enkelte fuglar er lettare å kjenna igjen på songen enn på utsjånaden. Når lyden er eit så viktig kjenneteikn for dyregruppa fuglar, er det ikkje rart at dette òg blir utgangspunkt for korleis me snakkar med kvarandre om desse dyra.
Vil du vita meir?
Stefan Höfler har arbeidd med dyreord i eit postdoktorprosjekt som han har formidla gjennom twitterprofilen https://twitter.com/PIE_Animals. Her kan du lesa mykje spennande om forskjellige dyrenamn i indoeuropeiske språk.
Dersom du ønsker å lesa andre populærvitskaplege tekstar om dyr eller natur, kan du lesa nokre av innlegga mine om skandinaviske ord for bær, om dyr og tabu i svensk folketradisjon, eller dette innlegget om bokfinken i språksamanheng.
Er du interessert i etymologi, altså ords opphav og utvikling over tid, kan eg òg tilråda boka Våre arveord, som er skriven av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Arveord er nedarva i språket vårt gjennom tusenvis av år, i motsetnad til lånord som kjem frå framande språk. Tredje utgåve av denne boka kom i 2019, og der går dei nøye gjennom ein heil del av arveorda som me har i norsk.