Mellom ca. år 200 og 700 snakka folk i Skandinavia urnordisk – eit språk som var veldig ulikt dagens skandinaviske språk. I denne språkpraten får du vita meir både om urnordisk og om korleis språkforskarar finn ut korleis sånne urspråk høyrdest ut.
Av Krister SK Vasshus, stipendiat i nordisk språkvitskap tilknytta Språksamlingane ved Universitetet i Bergen
Moderne norsk har utvikla seg frå norrønt, som blei brukt i Noreg ca. mellom 700 og 1349, fram til svartedauden først kom hit. Norrønt hadde utvikla seg frå urnordisk, som blei brukt i heile Skandinavia ca. mellom 200 og 700, og i dette språket var der få dialektale forskjellar. Urnordisk er veldig ulikt både norrønt og moderne norsk, med til dømes uvante lydkombinasjonar og lange vokalfylte ord. Eit godt eksempel er ordet ramn. På norrønt heitte denne fuglen hrafn, og på urnordisk heitte han hrabnaʀ.
Urnordisk er i stor grad det me kallar eit rekonstruert språk. Det vil seia at me har så få skriftlege kjelder frå denne tida at dei fleste orda som blei brukt til dagleg, ikkje er registrerte i skrift. Skrift på denne tida var runer. Sjølv om der finst eksempel på lange runeinnskrifter, er dei fleste urnordiske runetekstane ganske kortfatta.

Så korleis kan ein rekonstruera eit språk? Dette kan framstå som litt mystisk for mange, og eg har møtt folk som trur at språkforskarar berre gjettar seg fram, eller vel den tolkinga som passer dei best. Men samanliknande språkvitskap er ikkje så vilkårleg som enkelte kanskje skulle tru.
For betre å forklara kva eg meiner vil eg bruka kjemi som ein metafor. I kjemien gjer dei fysiske reglane at me alltid veit resultatet av ein kjemisk prosess: Hydrogengass + oksygengass = vann og energi (2H2(g) + O2(g) = 2H2O(l) + energi). Alltid.
I språket kan ein sjå spor av reglar som er like absolutte, ved at dei alltid vil gje det same resultatet. Forskjellen mellom språklege reglar og kjemiske reglar er at dei språklege reglane er unike frå språk til språk (eller dialekt til dialekt), og berre er aktive i avgrensa tidsrom.
Eit eksempel på dette gjeld kv-ord, som kval og kven. Ord som i urnordisk hadde lyden hʷ (uttalt som ein ustemt o), vil alltid ha k- eller kv-uttale i vestnorske dialektar. Den same kv-lyden har ein fått i islandsk og færøysk, mens svenske, austnorske og danske dialektar heller har fått ein v-lyd. Desse språkreglane gjeld for alle kv-ord. Alltid. Så når me veit den moderne uttalen av eit kv-ord i alle dei nordiske språka, kan me rekonstruera den urnordiske forma. Kval på nynorsk, hval på bokmål og dansk, val på svensk og hvalur (blir uttala kvalur) på islandsk og færøysk, må dermed ha blitt uttala *hʷalaʀ på urnordisk. Teiknet *, som heiter asterisk, betyr at ordet er rekonstruert, og at det altså ikkje er representert i runeinnskrifter. Lyden ʀ blei uttala som ein blanding av rulle-r og z.

Tilsvarande reglar for systematiske endringar mellom urnordisk og moderne norsk finst der veldig mange av. Men me kan ikkje sjå dei same mønstera mellom norsk og tyrkisk. Dette betyr at norsk og tyrkisk ikkje er beviseleg i slekt på same måte som norsk og svensk. Derimot kan me sjå slektskap mellom dei skandinaviske språka og gotisk (som i dag er utdøydd), frisisk, nederlandsk, engelsk og tysk. La oss sjå på nokre eksempel.
Norsk hjarta og jord tilsvarer engelsk heart og earth og tysk Herz og Erde. Mønsteret er j + vokal i norsk, ea i engelsk og enkel e i tysk. Opphavet er felles, og kjem frå urgermansk (språksteget som var før urnordisk, ca mellom 500 før vår tidsrekning og 200 etter vår tidsrekning) med ein kort e-lyd, urnordiske *hertan– .[1]
I tillegg til å rekonstruera enkeltord har språkforskarar ein interessant jobb å gjera med sjølve runeinnskriftene. For korleis har urnordisk sett ut i lengre setningar? Eit eksempel på ein lang runeinnskrift i det urnordiske språket er Tunesteinen. Enkelte runer på denne steinen er øydelagde, og kan derfor ikkje lesast. Dette er markert her med […]. Rune- og språkforskarar har prøvd å tolka innskrifta, og resonnert seg fram til kva som sto der runene er øydelagde, og her er eit forslag frå Terje Spurkland:[2]
Ek Wiwaʀ after Wōdurīdē witandahalaiban worahtō [rūnōʀ] [fal]h Wōdurīdē staina þrijōʀ dohtriʀ dālidun arbija āsijōstēʀ arbijanō.
Spurkland har oversett dette til moderne norsk på denne måten:
«Jeg, Vi, til minne om Vodurid, brødherren, gjorde runer. Jeg overdro Vodurid steinen. Tre døtre forberedte gravølet, de kjærligste/mest gudebårne av arvingene.»

Me kan vel alle vera samde i at språket på denne runeinnskrifta er heilt uforståeleg sett med moderne norske briller. Men språkforskarane har reglar for lydovergangar til å hjelpa seg, og då blir det med ein gong lettare å forstå. Ordet arbija er i slekt med det moderne norske ordet arv, og eit gamalt ord som betydde gravøl eller arveøl. Witandahalaiban blir oversett til brødherre, som kan tolkast som ein tittel på linje med engelsk lord. Lord kjem av eldre loaf ward, altså brødbeskyttar. Denne brødherren er altså daud, og der er snakk om eit arveritual der dei tre døtrene, þrijōʀ dohtriʀ, speler ei vesentleg rolle.
Kva skjedde så med urnordisk? Mellom 500 og 700 forandra språket set så mykje at det omkring år 700 hadde blitt eit heilt anna språk – det norrøne vikingtidsspråket. Korfor forandra språket seg så mykje då? På denne tida skjedde der mykje som destabiliserte Nord-Europa. Folkevandringstida hadde gjort at nye folk slo seg ned der andre før hadde rådd, og dette førte nok med seg ein del ufred. Vidare opplevde verda eit klimasjokk i 536–537, der skriftlege kjelder frå mellom anna Irland, Austromarriket og Kina fortel om feilslått haust på grunn av merkelege skyer. Desse skyene kom truleg av eit vulkanutbrot, og ser ut til å ha påverka heile verda i fleire år. I 541 starta det dessutan ei særs alvorleg periode med pest som kan samanliknast med svartedauden, og som kom i bølgjer i fleire omgangar fram til omkring 750. Denne pesten blir kalla den justinianske pesten.

Folkevandring, ufred, hungersnaud og pest må ha tatt livet av særs mange skandinavar. Det arkeologiske materialet frå 500-talet kan riktignok tolkast på ulike måtar, men ei mogleg tolking er at der må ha vore ein ganske dramatisk nedgang i befolkninga i store delar av Skandinavia. Me må sjå dei språklege endringane som skjedde mellom 500 og 700 i samanheng med dette. Sett litt på spissen kan ein seia det sånn: Så mange menneske døydde at der ikkje var vaksne og gamle språkbrukarar nok igjen til å korrigera den unge generasjonens språklege «feil». I laupet av relativt få generasjonar endra språket seg dermed så mykje at me i dag kategoriserer det som to ulike språk – urnordisk og norrønt. Som sagt er dette sett på spissen, og i realiteten har nok fleire faktorar i kombinasjon med einannan skulda for denne hurtige språkendringa.
Vil du vita meir?
Det meste som er skrive om urnordisk, er akademisk, og kan derfor vera litt tungt tilgjengeleg.
Professor Odd Einar Haugen har skrive ein tekst om overgangen frå urnordisk til norrønt, der han bruker fleire runeinnskrifter som eksempel. Denne teksten kan du finna her.
Runologen Terje Spurkland har skrive boka I begynnelsen var futhark (2001, Cappelen akademisk forlag), der han mellom anna skriv ein del om språket i urnordisk tid og går grundig gjennom fleire runeinnskrifter på urnordisk.
Professor emeritus Arne Torp har i dette filmklippet kledd seg ut og framfører diktet Atlekvida på urnordisk. Atlekvida er eigentleg ein norrønt dikt, men språkforskaren Erik Harding har rekonstruert nokre strofer av diktet til urnordisk. Du kan lesa den skriftlege teksten både på urnordisk, norrønt og moderne bokmål her.
Vil du lese meir om runer og runeinnskrifter, kan du lese Kristel Zilmer sitt Språkprat-innlegg om runeinnskriftene på øya Man: ««Gaut laget dette og alle i Man» Hva vet vi om skandinaviske runeinnskrifter på øya Man?».
Bloggen Brute Norse publiserte for nokre dagar sidan eit innlegg om forholdet mellom klimakrisa i 536 og mytene omkring ragnarok og fimbulvinteren, der språkendringane mellom 500 og 700 òg er eit tema.
[1] Reglane rundt desse lydutviklingane er meir kompliserte enn for kv-orda. Dette gjer at ikkje alle korte e-lydar i urgermansk blir uttala som j + vokal i moderne norsk.
[2] Kjelde: Terje Spurkland (2001): I begynnelsen var futhark – Norske runer og runeinnskrifter. Oslo: Cappelen akademisk forlag, s. 46-53.