Flygelause fuglar og beiske bær – ei innføring i elementær kategoriseringsteori

Kva har strutsar, tomatar og adoptivmødrer til felles? Dei fortel oss noko om korleis me kategoriserer verda omkring oss. I denne språkpraten tek eg ein nærare titt på korleis me menneske kategoriserer ting, og kva påverknad dette har for mellom anna språk og oppfatningar av andre menneske.

Av Mikkel Ekeland Paulsen, doktorgradsstipendiat tilknytt revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved Universitetet i Bergen

Ein kategori er kort sagt ei gruppe med noko høyrer saman. Ordet kategori kjem frå gresk kategoria, som tyder noko slikt som ‘påstand’ eller ‘skulding’. Det vart opphavleg brukt i antikkens Hellas om talen som «aktoratet» heldt mot den sikta under ei rettssak. Sjølv om ordet har ei ganske anna tyding i moderne norsk, vil eg påstå at kategorisering framleis har noko med skulding å gjere. Dette kjem eg sporadisk attende til utover i teksten.  

Sidan me var inne på antikken, kan me dvele litt ved Aristoteles sitt syn på korleis kategoriar er strukturerte. Han påstod nemleg at ein kategori er definert av eit sett eigenskapar, og at ein medlem må ha tilstrekkeleg mange av desse for å få vere med. Somme av desse eigenskapane er dessutan heilt naudsynte. Til dømes er det slik at to naudsynte eigenskapar for ein fugl er at han har venger og er eit levande vesen. Desse eigenskapane er likevel ikkje tilstrekkelege, for det finst til dømes også insekt med venger, som ikkje vert rekna som fuglar. Me må difor leggje til ein naudsynt eigenskap, nemleg at fuglar har nebb. Me kan altså seie at humler ikkje har tilstrekkeleg med fugleeigenskapar til å telje som ein fugl. Men er det verkeleg slik at alle fuglar tel like mykje for fuglekategorien?

Alle fuglar er levande vesen som har venger og nebb. Biletet viser dermed utvilsamt ein fugl. Foto: Silje Drevdal.

Sjå for deg at du har fått i oppgåve å teikne eller mime ein fugl. Ville du då ha gått for ein struts med hovudet nedi jorda, ei verpande høne eller ein symjande pingvin? Truleg ikkje. Av same grunn ville du berre vore på bærtur i overført tyding om du drog for å skaffe bær og kom heim med tomatar og bananar. Poenget her er at dei fleste vil tenkje på noko heilt anna enn høvesvis strutsar eller tomatar når dei førestiller seg ein fugl eller eit bær. Truleg er det fordi strutsar og tomatar ikkje vert oppfatta som prototypiske for kategoriane sine. Ein prototypisk fugl har så godt som alle dei eigenskapane me assosierer med fuglar.

Termen prototypisk vart nytta av psykologiforskaren Eleanor Rosch. Ho fann at folk hadde lett for å rangere til dømes ein raudstrupe (Englands nasjonalfugl) som ein mykje meir typisk fugl enn ein kylling. I tillegg fann ho at folk var mykje raskare på avtrekkaren når dei vart bedne om å bekrefte påstanden «ein raudstrupe er ein fugl» enn «ein kylling er ein fugl», og at folk mykje lettare sa «raudstrupe» enn «kylling» når dei vart bedne om å nemne nokre fuglar. I ein norsk samanheng kan me sjå for oss at raudstrupe ville vore bytta med måke, kråke eller sporv.

Fuglar er meir eller mindre typiske ifølgje psykologiforskaren Eleanor Rosch. Duer kan til dømes verte oppfatta som typiske døme på kategorien fugl. Foto: Silje Drevdal.

Tanken om at ein kategori er definert av meir og mindre typiske medlemer, er på ingen måte avgrensa til fuglar, bær eller andre biologiske fenomen. Også kjensler, relasjonar, tankar og personlegdomar vert kategorisert på denne måten. Til dømes kan me seie at prototypisk sorg inneheld grining, medan prototypisk glede inneheld latter.  

Når det gjeld språket, så vert dette, ikkje overraskande, påverka av at ikkje alle medlemer av ein kategori er like typiske. Eit døme på dette er bruken av konjunksjonen men.

  1. Ho er mora mi, men det var ho som fødde meg.
  2. Ho er mora mi, men det var ikkje ho som fødde meg.

Av dei to setningane over ville truleg dei fleste vore samde i at setning (1) ser litt rar ut. Dette er fordi me har ei oppfatning av at ei prototypisk mor før sine eigne barn, og det vert difor merkeleg å bruke konjunksjonen men for å framheve ei motsetnad mellom det å vere mor og det å fø barna sine. Det er òg dette som gjer at setning (2) ser heilt grei ut. Me forventar at mødrer før barna sine, og difor brukar me men for å uttrykke eit brot med forventningane i høve til nett denne mora. Lingvisten George Lakoff har synt at kategorien mor er sett saman av mange ulike eigenskapar som ei prototypisk mor har, til dømes ‘mor som forsørgjar’, ‘mor som genetisk opphav’, ‘mor som den fødande’ og ‘mor som partnar til far’. Den mest typiske mora innehar altså alle desse eigenskapane, men ein kan òg, som me veit, tilhøyre kategorien MOR sjølv om ein berre har éin av eigenskapane som er knytt til kategorien.

Den typiske mora har alle eigenskapane me forbind med mødrer, men det finst mange mødrer som til dømes berre er omsorgsgivar for ungen sin, slik som denne elefantselmora Illustrasjonsfoto: Flickr: Teddy Llovet.

Sjølv om kategoriar består av meir og mindre typiske medlemer, og sjølv om ein kan høyre folk seie at ei kråke er eit godt døme på ein fugl, er det viktig å hugse på at gode og dårlege i denne samanhengen berre handlar om kor typisk noko er. Dette er særskilt viktig med tanke på kategoriar som består av menneske. Ei mor som ikkje har fødd barnet sitt sjølv, lyt ikkje verte skulda for å vere ein dårlegare type mor. Ein struts er ikkje ein dårleg fugl, han er berre ein mindre typisk medlem av kategorien fuglar.

Då legen Kaveh Rashidi i 2019 tvitra om at han er norsk fordi han kjenner seg norsk, fekk han mange kommentarar av folk som meinte han ikkje kvalifiserte til å vere 100 % norsk, fordi han har iranske foreldre. Dette synspunktet byggjer på ei aristotelisk oppfatning om at kategorien nordmenn utelukkande består av medlemer med visse naudsynte eigenskapar, og at det å ha norske foreldre er ein av desse. Rashidi vert dermed skulda for ikkje å vere norsk, fordi han er barn av to iranarar. Viss me derimot tenkjer at kategorien nordmenn er som andre kategoriar, er det heller slik at Rashidi er ein mindre typisk nordmann enn ein som har norske foreldre. Dette dømet syner korleis kategorisering gjennom prototypar ofte kan ta høgde for meir naturleg variasjon enn den klassiske kategoriseringa med tilstrekkelege og naudsynte eigenskapar.

Legen Kaveh Rashidi provoserte ein del folk då han i 2019 hevda i ei Twitter-melding at han kjente seg norsk sjølv om han har iranske foreldre. Dette fortel ein del om kva eigenskapar ein del meiner er naudsynte for å vere 100 % norsk. Illustrasjonen viser kronikken «Er jeg norsk?», som Rashidi skreiv om dette. Kjelde: www.aftenposten.no.

Iblant kan òg det me oppfattar som ein typisk medlem av ein kategori, i realiteten vere ein utypisk medlem av denne kategorien. Dette gjeld spesielt kategoriar av menneske. Her har me ein tendens til å feste oss ved eigenskapar som gjer at ei bestemt gruppe menneske stikk seg ut på ein eller annan måte, framfor eigenskapar som flest mogleg i den aktuelle gruppa har. Når Siv Jensen skriv om snikislamisering i VG-innlegget «Dette er snikislamisering» (02.09.19), nemner ho til dømes ein muslimsk person som ikkje ville handhelse på Kronprins Håkon, fordi han var av motsett kjønn. Det å ikkje handhelse stikk seg ut, og Jensen knyter difor denne eigenskapen til muslimar, utan å ta omsyn til alle dei med muslimsk tru som ikkje har noko problem med å handhelse på motsett kjønn. Det å ikkje handhelse vert her brukt som ein viktig eigenskap fordi han er oppsiktsvekkjande, ikkje fordi han er vanleg. Jensen seier nemleg ingenting om kor vanleg det er for muslimar å ikkje handhelse på motsett kjønn.

I denne språkpraten har eg teke for meg korleis me menneske kategoriserer alt frå bær til fuglar til menneske, og korleis desse kategoriane har meir og mindre prototypiske medlemer. Eg har òg nemnt eit døme på at det me kanskje kan oppfatte som typisk, i realiteten berre er oppsiktsvekkjande heller enn typisk. Prototypeteorien gir oss eit nyansert bilete av korleis kategoriar i verda er strukturert, og kor påverka me er av erfaringane våre. Som ein bonus lærar han oss at det lyt vere rom for variasjon innanfor kategoriane me opererer med.  

Prototypeteorien gir oss innsikt i korleis ulike medlemer
av ein kategori kan vere meir eller mindre typiske, og at denne
variasjonen er vanleg for kategoriar. Sjølv om nøkkerosa ikkje akkurat
er den mest typiske blomen, er ho ikkje noko mindre blome for det. Foto: Silje Drevdal

Vil du vite meir?

Boka der George Lakoff skriv om ulike typar mødrer, heiter Women, Fire and Dangerous Things: what categories reveal about the mind (1987).

Eleanor Rosch har skrive mykje om prototypar. Dei første artiklane om temaet er desse:

Rosch, Eleanor H. (1973). «Natural categories». Cognitive Psychology. 4 (3): 328–50.

Rosch, Eleanor H. (1975). «Cognitive reference points». Cognitive Psychology. 7 (4): 532–47.