Tradisjonelt har kommunikasjon med teiknstøtte (teikn-til-tale) blitt brukt til ungar med forseinka eller lite utvikla språk. No bruker over halvparten av barnehagane i Hordaland (del av fylket Vestland) teikn i ulike samanhengar, og mange bruker teikn til alle barnehagebarna. Kva er konsekvensane av denne praksisen? Lærer barna språk betre, eller blir det for mykje med språk og teikn på ein gong? I denne språkpraten skal eg forklare kva teikn-til-tale er, og kven det er nyttig for.
Av Birgitte Torbjørnsen, høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet
Teikn-til-tale er ein metode for å støtta og utvikla språk, der målet er at ungane skal læra seg talespråk. Med teikn-til-tale kan ungane både sjå, høyra og utføra ordet, og det hjelper dei vaksne til å bruka færre ord, lågare tempo og meir blikkontakt. Teikn-til-tale er ikkje eit eige språk, men ein metode. Dei fleste som bruker denne metoden, låner teikn frå norsk teiknspråk.
Teikn-til-tale må ikkje forvekslast med teiknspråk. Norsk teiknspråk (NTS) er eit av Norges tre offisielle språk ved sida av norsk og samisk. Dette er eit visuelt, gestuelt språk som er bygd opp for synet, og det har derfor ein annan grammatisk struktur enn talte språk. I talespråk er det eit vilkårleg forhold mellom form og innhald på eit ord. Ordforma spise (form) liknar ikkje på handlinga å ta mat inn i munnen (innhald). I teiknspråk har mange teikn ei avbilding av form eller bevegelse som liknar på innhaldet i omgrepet. Som du kan sjå på filmen under, så liknar teiknet SPISE på det me gjer når me puttar mat inn i munnen. Dette er truleg ei av årsakene til at visuelle teikn kan fungera som ein støtte for talen.
Teiknspråk er naturlege språk med eigen grammatikk. Det var først på 1960-talet at den amerikanske lingvisten Stokoe viste at teiknspråk tilfredsstilte dei språklege krava til å kunna kallast eit språk. Forskarar har funne ut at grammatikken i norsk teiknspråk har meir til felles med grammatikken i asiatiske og afrikanske språk enn med grammatikken i norsk tale- og skriftspråk.
Les meir om norsk teiknspråk i språkpraten «Å kommunisere med hender og kropp – en introduksjon til norsk tegnspråk» av Eli Raanes og Georg L Bjerkli.
I barnehagane er det ikkje teiknspråk, men teikn-til-tale, som blir mest brukt. Når ein bruker teikn-til-tale, snakkar ein vanleg norsk talespråk i roleg tempo samtidig som ein bruker teikn til eitt eller fleire ord i setninga. Når ungane sjølve bruker teikn-til-tale, bruker dei tre sansar samtidig, dei kan både høyra, sjå og utføra bevegelsen for teiknet.
Barnehagelærarar og dei fleste forskarar er svært positive til bruk av teikn-til-tale. Det er imidlertid nokre få kritiske røyster som er skeptiske til bruk av teikn. Dei meiner at teikna konkurrerer om merksemda til talen. Ei anna innvending er at teikn ikkje er bra for ungane si språkutvikling fordi pedagogane bruker for enkle teikn.
I 2019 gjennomførte eg ei undersøking om bruk av teikn-til-tale i barnehagar på Vestlandet. Eg observerte bruk av teikn i barnehagen og intervjua barnehagelærarar, assistentar, spesialpedagogar og ein styrar. Eg sende også ut eit spørjeskjema om bruk av teikn-til-tale i til alle barnehagane i Hordaland. Figuren nedanfor viser om og til kven barnehagelærarane brukte teikn.

I nokon barnehagar har dei valt å bruka teikn til alle ungane for å inkludera alle og styrka språkopplæringa. Erfaringane derfrå viser at dei yngste barna får eit språk å uttrykka seg med før talespråket deira er utvikla. I desse barnehagane ser dei også at fleirspråklege og barn med språkvanskar har nytte av teikn i kommunikasjonen. Ei anna positiv side med å bruka teikn til alle i barnehagen er at kompetansen blant dei vaksne allereie er på plass den dagen det kjem eit nytt barn som treng teikn som alternativ, supplerande kommunikasjon (ASK). Barnehagelærarane seier også at dei ikkje alltid veit kven som kjem til å trenga teiknstøtte. Når dei bruker teikn til alle, vil dette vera ei støtte til ungar med språkvanskar også før dette blir oppdaga og det blir sett i gong formelle tiltak.

Mange som har brukt teikn-til-tale i barnehagen, har opplevd at dette blir eit einsamt prosjekt mellom ein vaksen og eit barn som treng teiknstøtta kommunikasjon. Barnehagane som bruker teikn til alle barna, fortel at dette verkar inkluderande for dei barna som ikkje har utvikla godt talespråk enda. Eit døme på dette er frå barnehagen til ei jente med Downs syndrom. Ho var med ein av dei andre ungane heim, og barnehagelæraren fortel dette:
Så skulle moren lage kvelds til dem. Og så skulle de ha skive. Så hadde jo hun jenten, hun hadde gjort tegnet for leverpostei. Men det skjønte jo ikke moren. Hun lurte veldig på hva hun skulle ha, og da vet du sønnen, han bare: Mamma, hun sier jo at hun skal ha leverpostei… Så moren fortalte til mange andre foreldre at det var så fint når de kunne [teikn], for da var det så lett å ha henne med seg hjem når liksom ungene her kunne tegn og kunne oversette for henne, sant.

Alle observasjonane mine viser at det er dei vaksne som bruker mest teikn. I ein av barnehagane observerte eg fem barn i alderen to til tre år ein time under leik og lunsj. Barna brukte til saman 16 ulike teikn, medan dei to vaksne brukte 111 ulike teikn. Det ser ut som både barn og vaksne bruker mest teikn under måltid, samlingsstund og i garderoben.
Ungane bruker altså ikkje så mykje teikn seg imellom, ifølgje undersøkinga mi. Likevel fortel barnehagelærarane at ungane bruker teikn når det trengst, til dømes til eittåringane: «Skal eg HJELPE?». Barna bruker også teikn til fleirspråklege og til ungar med lite utvikla språk. Dette viser at ungane har ein kompetanse som dei kan ta i bruk når det trengst. Dette kan verka inkluderande for å få med alle i leiken og kommunikasjonen i barnehagen.

Det ser ikkje ut til å vera grunn til bekymring for at teikn-til-tale fører til at ungane ikkje tar i bruk talespråket. Ungane sluttar å bruka teikn når dei ikkje treng dei lenger, men før talespråket er på plass, er teikn eit veldig bra hjelpemiddel. Teikn gjer at ungane kan gi uttrykk for behov, kjensler og interesser.
Dei yngste har stort utbytte av at dei vaksne bruker teikn, og det er også denne gruppa i barnehagen som bruker mest teikn sjølv. Ungar heilt ned i ti-elleve månaders alder bruker teikn som DRIKKE, SYNGE og MAMMA. Med teikn kan ungane bli møtt på sine behov før dei kan snakka, og det fører til tryggleik og mindre frustrasjon.
Også barn som ikkje har norsk som morsmål, har godt utbytte av teikn. Bruk av teikn til desse ungane gjer oppstarten i barnehagen lettare og tryggare. Teikn gir ungane ein snarveg til det nye språket, og det fungerer som eit bindeledd mellom morsmålet og andrespråket.
I ein annan av barnehagane som deltok i undersøkinga hadde ein av ungane fått teikn-til-tale som eit tiltak via PPT. Så fekk barnehagen også tre søsken som var heilt nye i Norge. Verken dei eller foreldra snakka norsk, men med teikn kunne barnehagelærarane gjera ungane tryggare. Dei meiner også at det bidrog til at ungane lærte norsk talespråk fortare.
Undersøkinga mi viser at barnehagane har mange gode erfaringar med bruk av teikn. Barnehagelærarane trur at teikn-til-tale er bra for språkutviklinga. Dei fortel også at ungane synest det er kjekt med teikn, og at det ser ut til å gjera dei meir konsentrert, interessert og undrande til nye og abstrakte ord.
Vil du vita meir?
Måndag 30. mars 2020 arrangerer Høgskulen på Vestlandet ein konferanse om teikn-til-tale i barnehagen. Her vil det bli innlegg frå både forskarar og erfarne folk frå praksisfeltet. Programmet for konferansen finn de her.

Ønskjer du å lese meir om teiknspråk, kan du lese språkpraten «Å kommunisere med hender og kropp – en introduksjon til norsk tegnspråk» av Eli Raanes og Georg L Bjerkli.
Audiopedagog Gunn Irene Suhr og spesialpedagog Wenche Rognlid har skrive ein artikkel om teikn-til-tale som hjelp i kommunikasjon og som reiskap for å stimulere språkutvikling.
Boka Babytegn av Megan Matovich-Noddeland og Petter Noddeland gir ei god innføring i korleis og kvifor bruka teikn til dei aller yngste. Her får du også illustrasjonar over 300 relevante teikn til småbarn og 12 barnesongar med teikn.
Anne Sørlie Abrahamsen si masteroppgåve i spesialpedagogikk, Gi meg et tegn! : førskolebarn med minoritetsspråklig bakgrunn og språkvansker. Deltakelse, kommunikasjon og språkutvikling (2009). tar for seg bruk av teikn til førskulebarn med minoritetsspråkleg bakgrunn og språkvanskar.
Statped har laga eit hefte til hjelp for barnehagepersonell, foreldre, søsken, familie og venner som ønsker å komme i gang med å bruke teikn som støtte til små barn. Heftet heiter «Mine tegn i barnehagen», og du finn det her.
Statped har også eit kursopplegg i fire trinn, som heiter Ett skritt foran. Her er målet å skapa eit utviklande miljø med teikn for barn eller andre som treng teikn i kommunikasjonen. Dette kursopplegget kan du lese om her.
Facebookgruppa «Tegn i barnehagen» er eit forum for tilsette i barnehagar som ynskjer å utveksla og diskutera idear om teikn-til-tale.