Kampklare bygningar og ettersøkte hender – ei innføring i fenomenet metonymi

Slottet utfordrar dei folkevalde til kamp! Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Metonymi kan seiast å vera metaforen sin smålåtne, men driftige slektning. I høve til den meir iaugefallande og omtalte metaforen vekkjer metonymien vanlegvis ikkje så mykje oppsikt, men metonymi er eit utbreidd språkleg fenomen som lèt oss uttrykkja oss økonomisk og poengtert. I dette innlegget skal vi bli betre kjende med metonymi.

Av Helga Mannsåker, førstelektor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

Der metafor er definert som å omtala noko som noko heilt anna, som til dømes å kalla ein organisasjon ei skute («Slik vil Støre få Ap-skuta på rett kjøl»), så omtalar ein ved metonymi noko som eit eller anna som det står i konkret samband med. For å bli verande til sjøs kan vi bruka det engelske dømet All hands on deck! som illustrasjon på metonymi. Bokstaveleg omsett til norsk tyder dette ‘alle hender på dekk’. Men det er ikkje alle hendene, men derimot alle føtene, som skal kvila på dekket etter at nokon har ropt All hands on deck!. Uttrykket kan omsetjast med den norske varianten Alle mann på dekk, for det er det som er den rette tydinga. På engelsk kan nemleg hand ifølgje Oxford Dictionaries tyda “A person who engages in manual labour, especially in a factory, on a farm, or on board a ship”, som i uttrykket the ship was lost with all hands.

Mannsåker1
Kommandoen er ikkje meint å skulla tolkast bokstaveleg! Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Når det oppstår kritiske situasjonar til sjøs, så må alle mann, dvs. heile mannskapet, stilla på dekk og trø til, anten dei har vakt eller ikkje. Dette uttrykket har for lengst gått i land og blir no brukt metaforisk i ei rekkje ikkje-maritime situasjonar der ein ikkje er på noka reell skute med eit reelt dekk som ein skal stilla på ved krise. Eit døme på dette finn vi i dette blogginnlegget fra 24.11.14 av Christine Meisingset i Storebrand.

I uttrykket All hands on deck vert ein del, her hendene, nytta metonymisk for å omtala heilskapen, her mennesket. Vi har ein slik kroppsdel-for menneske-metonymi på norsk òg. LO meiner til dømes at «Vi trenger både «digitale hoder» og hender» (14.09.17). Med hender meiner dei handverkarar, dvs. menneske som jobbar med praktisk manuelt arbeid. «Digitale hoder» refererer til menneske som jobbar teoretisk med IT-teknologi. Vi ser at metonymiane får fram kva som er den sentrale delen av heilskapen: For handverkarar er det hendene, for mennesket som jobbar teoretisk, er det hovudet. I dømet med «digitale hoder» er det strengt teke ikkje hovuda til personane som er ‘digitale’, men det dei jobbar med. Her har vi ein metonymi der ein eigenskap ved det som personane jobbar med, ‘digital’, vert overført til personane: «digitale hoder».

Mannsåker2
Her er det nokon som har søkt etter både hovud og hender. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

I andre tilfelle av metonymi er det den konkrete, synlege delen av heilskapen som vert nytta for ein annan, meir ‘usynleg’ eller skiftande del av heilskapen (del-for-del-metonymi). Til dømes kan namnet på hovudkvarteret til ein organisasjon nyttast for å referera til organisasjonen som held til der, eller til menneske som arbeider for organisasjonen. Dermed kan vi få overskrifter som «Slottets kamp mot de folkevalgte» og «Pentagon gir grønt lys til å skyte ned droner». Både Slottet og Pentagon er strengt teke namn på bygningar, høvesvis det norske kongelege slottet og hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet. Gateadressa til eit slikt bygg kan òg nyttast metonymisk for å referera til ein organisasjon eller menneske som arbeider i organisasjonen. Den offisielle bustaden til den britiske statsministeren har adressa Downing Street nr. 10, og både gatenamnet og husnummeret vert nytta for å referera til den britiske regjeringa og den britiske statsmininsteren, som til dømes i denne artikkelen i The Guardian.

Mannsåker3
Slottet utfordrar dei folkevalde til kamp! Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Vi kan òg nytta namnet på heilskapen for å referera til ein del av heilskapen (heilskap-for-del-metonymi). I utsegn som «Norge møter Island og Skottland på La Manga» står heilskapen (Noreg, Island, Skottland) for ein liten del av heilskapen, her kvinnelandslaga til dei ulike landa. Sidan landslaget nettopp representerer landet når dei spelar, gjev det meining å snakka om at til dømes «England spilte 0-0 mot Tyskland».

Mannsåker4
Geografisk umogeleg? Ikkje metonymisk sett! Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Det er òg ein heilskap-for-del-metonymi når vi omtalar USA som Amerika, personar frå USA som amerikanarar og bruker adjektivet amerikansk om det som gjeld USA (som eg gjorde når eg ovanfor omtalte den organisasjonen som har Pentagon som hovudkvarter, som «det amerikanske forsvarsdepartementet»). USA er rett nok den klårt mest dominerande delen av kontinentet Amerika, men det er både upresist og diskriminerande mot dei andre delane av kontinentet å setja likskapsteikn mellom USA og Amerika. Botemiddelet mot dette finst lett tilgjengeleg i nettversjonen av Nynorskordboka (og tilsvarande for Bokmålsordboka): substantivet USA-amerikanar og adjektivet USA-amerikansk!

Det same fenomenet, berre i motsett retning, ligg bak bruken av Holland i tydinga ‘Nederland’. Holland er namnet på ein del av Nederland som i alle fall tradisjonelt har vore ein dominerande landsdel. Dermed kunne namnet på denne delen av landet referera til heile landet. Men vi bør helst unngå denne metonymien også, då han på same måten som metonymien Amerika for ‘USA’ er upresis og diskriminerande. Det blir kanskje litt som å bruka namnet Austlandet eller Sør-Noreg for å referera til heile Noreg?

Mannsåker5
Munch som «veggpryd». Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Ein annan vanleg type metonymi er å omtala produktet ved hjelp av namnet på produsenten (produsentnamn-for-produkt-metonymi). Viss nokon seier at dei har ein Munch hengande på veggen, er det nok (forhåpentlegvis) eit måleri av Munch det er snakk om. Og britiske National Trust oppdaga til si store glede at det dei hadde hengande på veggen og trudde var ein falsk Rembrandt, faktisk var ein ekte Rembrandt, dvs. eit sjølvportrett som var måla av den vidgjetne kunstnaren Rembrandt van Rijn. Hvordan lese Ibsen? er tittelen på ei bok av litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen, og i omtalen av boka skriv forlaget følgjande: «Ingen norsk forfatter har blitt lest så mye og så grundig som Henrik Ibsen. Når og hvordan har han blitt lest best?». Her er det ikkje snakk om å ‘lesa’ personen Ibsen (til dømes i tydinga ‘tolka kroppspråket hans’), men om å lesa verka til Ibsen.

Mannsåker6
Ibsen vert grundig lesen. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

Vi har no sett på ei rekkje døme på metonymiske talemåtar. Men kva er poenget med å bruka metonymi? Kvifor går vi desse biletlege omvegane for å snakka om ting? For det første kan det vera ordbesparande. Uttrykket å lesa Ibsen er til dømes kortare enn uttrykket å lesa verka som Ibsen har skrive. For det andre kan vi i metonymi referera til noko og samtidig gje eit bestemt perspektiv på det vi refererer til. Når vi snakkar om at vi treng fleire hender (‘praktisk anlagde folk’), eller fleire hovud (‘teoretisk anlagde folk’), seier vi ikkje berre at vi treng fleire folk – vi seier også noko om kva eigenskapar vi legg vekt på. Metonymiske talemåtar seier altså mykje med bruk av få ord.

Vil du vita meir?

Eg har skrive om metonymi i ein kronikk på forsking.no i 2016: : «Pablo Escobars tilbod om «sølv eller bly» er verdas skumlaste ordspråk».

Metonymiteori og -analyse var også ein sentral del i doktoravhandlinga mi, som du finn her digitalt:

Mannsåker, Helga (2017). Schizofrene symptom og splitta sinn – Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Bergen, Universitetet i Bergen.

Fleire andre har også skrive om metonymi på norsk i nyare tid:

Nesset, Tore (2011). «Metafor og metonymi: personkarakteriserende sammensatte substantiv i norsk.» Maal og Minne 103(1): 32–64.

Schulte, Michael (2013). «Mellom metafor og metonymi. Grunnskisse til en kognitiv prosesseringsmodell for skaldediktningenNorsk Lingvistisk Tidsskrift 31(1): 45–75.