Forstår lærar og elev kvarandre? Lærarrespons om setningar i elevtekstar

Korleis forstår ein 7.klassing meldinga «Skriv kortare setningar!» som læraren har skrive i margen på elevteksten? Lærarane gir mykje god respons på elevtekstar i norsk skule. Men det kan sjå ut til at den gode og klåre responsen dei gir, ofte er knytt til innhald, sjangerkrav eller rettskriving. Dette Språkprat-innlegget handler om korleis lærarar gir respons om setningane til elevane, altså om syntaks.

Av Ingebjørg Tonne, professor ved Senter for flerspråklighet, Universitetet i Oslo

Undersøkinga du skal høyre om her, er basert på eit utval elevtekstar med tilhøyrande lærarrespons. Tekstane er frå det store, norske skriveprosjektet Normprosjektet (2012–2016), der ein har konkretisert krav, eller normer, for alle sider ved elevskriving, og innarbeidd dei i ein heilskapleg pedagogikk. Eg har undersøkt kva for syntaktisk respons utvalde lærarar gav om setningsoppbygging og setningskopling på elevtekstar i 7. klasse. Og ser 7.klasseelevane ut til å forstå den syntaktiske lærarresponsen? Også det får du lese om her.

Tonnes5
Tekstane i dette prosjektet er henta frå Normprosjektet, som du kan lese om her. Dette prosjektet, som varte frå 2012–2016, hadde «som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen». Kjelde: http://norm.skrivesenteret.no/.

Tekstane og lærarresponsen som eg undersøker, er frå ein prosess der 7.klassingane først skriv eit førsteutkast og deretter forbetrar teksten med utgangspunkt i respons frå læraren, slik at dei får eit andreutkast. Fokuset mitt ligg på den syntaktiske utviklinga som skjer eller kan skje mellom første- og andreutkastet i skrivinga deira. Eg studerer om læraren gir god og velvalt respons på setningsoppbygging og andre setningsrelaterte tilhøve i førsteutkastet, ut frå dei syntaktisk relevante skrivenormene som er utarbeidd i Normprosjektet, for etter 4. og etter 7. trinn. Nokre av dei syntaktiske skrivenormene frå etter 4. trinn er relevante og tekne med her, og alle dei syntaktisk relevante frå 7. trinn finn du nedanfor:

Etter 4. trinn skal skrivaren (mellom anna):

  1. meistre bruk av punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn
  2. bruke komma framfor “men”

Etter 7. trinn skal skrivaren:

  1. bruke varierte koplingsmarkørar for å uttrykke samanheng i teksten.
  2. byggje opp komplekse og varierte setningar
  3. meistre skiljet mellom og/å og då/når.
  4. bruke komma mellom heilsetningar
  5. bruke komma etter leddsetningar.

Det finst òg syntaktiske læreplankrav for skriving. Så med eller utan normene i Normprosjektet kjem ein ikkje utanom å vurdere også denne kompetansen til elevane. Slik seier læreplanen (LK06) det: Etter 7. trinn skal eleven kunne «skape sammenheng mellom setninger og avsnitt [… og] skrive tekster med variert setningsbygning og funksjonell tegnsetting».

Tonnes1
Både i Normprosjektet og i LK06 finst det klare mål for at elevane skal skrive gode setningar og bruke teiknsetjing godt. Men får dei god nok hjelp frå læraren til å lære seg dette? Illustrasjonsfoto: Silje Drevdal.

I fleire av elevtekstane i undersøkinga mi finn eg at elevane syner god syntakskompetanse, det vil seie at dei formulerer grammatiske setningar. Men dei treng fleire punktum for å skilje setningar som ikkje naturleg høyrer til i same periode (norm i. frå etter 4. trinn gitt over), og komma skal inn der dei prøver seg på underordning (norm v frå 7. trinn). I slike tilfelle finn eg i materialet at læraren, utan unnatak, tilrår eleven å skrive kortare setningar («Skriv kortare setningar!»), sjølv om ei slik tilråding ikkje er blant dei nemnde normene.

Nokre lærarrettingar av teiknsetting finn ein òg inne i teksten. Men læraren merkar ofte av på feil vis, og det kan sjå ut til at elevane blir forvirra av den delvise og nokre gonger feilaktige opprettinga i teksten. Resultatet blir gjerne at eleven gjer endringar her og der, ofte med feil teiknsetjing, i andreutkastet. Elevane ser ikkje ut til å ha forstått denne delen av responsen, og det gjeld sjølv der den syntaktiske lærarresponsen er korrekt.

Det finst ulike former for respons. Ein reknar med direkte respons, der læraren har merkt av ein feil og i tillegg oppgitt rett form, og ein har indirekte respons, der feilen er merkt av, men rett form ikkje er gitt. Til slutt finst det generelle kommentarar, som ikkje er knytt til ein spesifikk stad i teksten, men som skal gjelde heile vegen, til dømes «Hugs komma mellom setningane dine».

Tonnes2
Her ser vi utdrag av ein elevtekst og døme på ein særs generell lærarrespons om teiknsetting. I andreutkastet av teksten hadde ikkje eleven endra noko av teiknsettinga.

Ut frå forholdet mellom første- og andreutkasta til elevane finn eg at elevane ofte rettar opp det som er markert gjennom direkte respons i teksten, dei legg inn den forma eller endringa læraren har vist. Elevane innarbeider i mindre grad det som er kommentert som indirekte respons. Slik respons gir berre endring i andreutkastet der det er openbert kva som er rett form eller måte å gjere det på, for eksempel ei pil mot ein stad der komma manglar. Og kva med dei generelle kommentarane? Dei gjer ingen av elevane noko med. Vidare er det slik at om ikkje alle førekomstar av ein feil er merkte av og retta, rettar heller ikkje eleven den same typen feil på dei andre, umerkte stadane i teksten.

I undersøkinga mi finn eg også veldig få tilfelle av at læraren kommenterer eller forklarer dei normavvika ein kan rekne som andrespråkssærdrag i teksten. Eitt av dei få responstilfella er ei setning med ei understreking av læraren, altså eit tilfelle av indirekte respons: «(…), men kanskje jeg synet mitt vill forandre seg (…).» Denne blir slik i andreutkastet til eleven: «(…), men kanskje jeg sinet mitt vill forandre seg (…).» Eleven tolkar altså den feilplasserte eller uklåre understrekinga frå læraren som at «y» skal skiftast ut med «i», og skapar dermed ein ny feil utan å fjerne «jeg». I og med at lærarane sjeldan rettar openberre grammatiske feil i dette datamaterialet, er det ikkje mogleg å seie noko klårt om lærarrespons på ugrammatisk setningsoppbygging blir tatt til følgje av elevane. Men dei få eksempla som finst, tyder ikkje på at forsøka på slik retting gir god effekt på andreutkastet.

Desse noko nedslåande funna er ikkje overraskande, gitt resultata frå liknande og større studiar av skriftleg lærarrespons internasjonalt. Det går igjen at læraren ikkje i særleg grad gir rett og velvalt respons, og at elevane sjeldan klarar å omsetje responsen til gode endringar i andreutkastet. Denne situasjonen kan både vere ein konsekvens av låg grammatisk kompetanse hos læraren og manglande didaktisk arbeid med dei syntaktiske normene i forkant og undervegs i skrivearbeidet.

Tonnes3
Ei rekkje studiar av skriftleg lærarrespons internasjonalt får fram same mønster, nemleg at læraren ikkje i særleg grad gir rett og velvalt respons, og at elevane sjeldan klarar å omsetje responsen til gode endringar i andreutkastet. Illustrasjonsfoto: Silje Drevdal.

Sjølv om elevane nokre gonger er i stand til å revidere tekstane sine på ein korrekt måte, kan det sjå ut til at dei ikkje forstår grunngjevinga bak. Det å leggje merke til noko språkleg er sannsynlegvis eit naudsynt steg for å forstå det. Dette gjeld særleg for ein andrespråksinnlærar som skal tileigne seg språktrekk i andrespråket, men òg for førstespråkselevar som ikkje har fullt oversyn over skilnader mellom munnleg og skriftleg språk. Eleven må leggje merke til glipa mellom sin eigen måte å snakke eller skrive på og norma i språksamfunnet, altså kva dei sjølv kan uttrykkje på eit gitt tidspunkt, og kva dei har som mål å uttrykkje. Då kan læraren peike på nokre av avvika som finst i denne glipa, på ein måte som gjer at eleven legg merke til dei, og ser kor og kva avviket er i dei konkret tilfella. Eleven må spørje seg «Kva er min måte, og kva er norma?» Sidan kan eleven kanskje sjå det same i andre tilfelle, finne mønster og byrje å forstå kva som må til for å tette glipa.

Ein annan observasjon frå denne undersøkinga er at jo betre førsteutkastet er, vurdert ut frå dei nemnde syntaktisk relaterte vurderingsnormene, dess meir av (den korrekte) responsen ser ut til å bli innarbeidd i andreutkastet. Det ser altså ut til at elevar som har høgare språkleg medvit, er betre i stand til å forstå responsen dei får frå læraren. Og dét gir grunn til ein viss optimisme, fordi auka metaspråkleg medvit gjennom arbeid med språk og tekst er noko læraren sjølv kan bidra til, gjennom å lære meir og gjennom å undre seg over og undersøke språk og språklege samanhengar saman med elevane.

Tonnes4
For å forstå eventuell grunngjeving fra læraren om setningsoppbygging og teiknsetjing må elevane leggje merke til det læraren omtalar. Dette gjeld for alle elevar, men det gjeld særleg andrespråksinnlærarer som held på å lære eit nytt språk. Læraren bør derfor bidra til at elevar får eit auka metaspråkleg medvit. Illustrasjonsfoto: Pernille Myrvold.

Vil du vite meir?

Vil du vite meir om lærarrespons, og om korleis elevane forstår slik respons? Her er nokre tips om kva du då kan lese.

Eg har skrive ein forskingsartikkel som Språkprat-innlegget er direkte knytt til:

Tonne, Ingebjørg (2017). Lærarrespons og skriving i grunnskulen. Forståing, effekt og moglegheiter, I: Birgitte Fondevik & Pål Hamre (red.), Norsk som reiskaps- og danningsfag. Det Norske Samlaget. Kapittel 9, s. 173–202.

Og her kan du lese meir om Normprosjektet og skriveforskinga derfrå. Særleg relevant er elles denne artikkelen til Matre og Solheim (2016): «Opening dialogic spaces: Teachers’ metatalk on writing assessment» International Journal of Educational Research

Agnete Bueie har jobba mykje med dette temaet, og for ikkje så lenge sidan skreiv ho ei doktorgradsavhandling om lærarrespons. Avhandlinga kalla ho «Slike kommentarer er de som hjelper» Elevers forståelse og bruk av lærerkommentarer i norskfaget. Du finn avhandlinga her. I arbeidet undersøker ho korleis elevar på ungdomssteget forstår og bruker lærarrespons i norskfaget.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere like this: