Korleis vi fekk faste etternamn, og kvifor eg ikkje heiter Sivle

Anna Olsdotter Sivle og Anton Monsen Antun gifta seg i 1918. Foto: ukjent fotograf.

Vi har ikkje alltid hatt faste etternamn i Noreg – i tidlegare tider var det berre førenamnet som var fast. Også i dag er det ei stor gruppe som byter namn i løpet av livet, så mange som 80 % av kvinner og berre 6 % av menn i heterofile ekteskap. Kvifor kvinner byter, medan menn held på etternamna sine gjennom livet, har mellom anna historiske forklaringar. I denne språkpraten skal eg fortelje om korleis namnepraksisar har endra seg i Noreg.

Av Line Førre Grønstad, doktorgradsstipendiat i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen

Faste etternamn oppstod i sørlegare delar av Europa for om lag 1000 år sidan, og har sidan spreidd seg. I Noreg var det vanleg med tilnamn slik vi kjenner det frå vikingtida og middelalderen. Tilnamna kom gjerne av fysiske trekk ved den enkelte, eller noko vedkommande hadde gjort, og var personlege. Til dømes fekk ikkje Eirik Raude sin son, Leif Eriksson, namnet Raude til etternamn. Det var personleg for Eirik Raude.

Frå 1600-talet byrja etternamna å feste seg, dei gjekk altså vidare til neste generasjon. Det var gjerne medlemmer av overklassa som hadde slike etternamn. Namna var såleis ofte tyske eller danske som Brun og Irgens, fordi dei som høyrde til dei øvre skikta i samfunnet, kom frå andre land. Innvandrarane sine etternamn danna altså mønster for korleis norske etternamn skulle vere. Byfolka følgde etter, særleg utover på 1800-talet. På andre halvdel av 1800-talet byrja det å bli vanleg blant øvre lag i samfunnet at kvinner bytte til mannen sitt etternamn.

Men dei fleste i Noreg høyrde ikkje til øvre lag på 1800-talet. Folk på landsbygda hadde faste fornamn og etternamn som fungerte som adresser eller skildringar av personen, og som plasserte vedkommande i slekt og rom. Anna Olsdotter Sivle vart fødd i 1895. Ut frå etternamnet ser vi at ho var dottera til Ola, og budde på garden Sivleshagen på Voss.

Grønstad.1
Bildet viser fire generasjonar med etterkommarar etter Anna Olsdotter Sivle, som vart fødd i 1895. Som vi vil sjå, har det skjedd fleire vesentlege endringar i nanmnepraksis i denne perioden. Foto: Victor Grønstad.

På den tida då Anna vart fødd, auka bevisstheita rundt eigarskap for etternamna. Ei rekke rettssakar frå 1891 og utover var med på å forme grunnen for den fyrste namnelova i 1923. Det viktigaste var ideen om namnevern – at dei som hadde faste etternamn, kunne nekte andre å bruke deira etternamn. Barn fødd utanfor ekteskapet sin eventuelle rett til faren sitt etternamn og barn sin rett til etternamn frå morslinja vart heftig debattert. Det var ikkje gitt at desse barna var inkludert i slektene.

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det stor tilstrøyming til byane. For kemner, politi og fattigvesen var det viktig å få tak i rett person, men det var ikkje enkelt om namna veksla, og det gjorde namna gjerne. Nedanfor er eit eksempel, ein klage frå sorenskrivaren i Ringerike:

Grønstad.2
Sitatet ovanfor, skriven av ein sorenskrivar i Ringerike, er frå forarbeida til namnelova, Ot.prp. nr. 12, 1922, Om utfærdigelse av en lov om personnavn. Foto: Line Grønstad.

Alle som vart fødd etter at namnelova kom i 1923, skulle ha faste etternamn. Heitte faren Erik Nilsen, fordi farfaren heitte Nils, vart også barnet heitande Nilsen. Det som hadde vore tilnamn, vart no faste etternamn. Vidare regulerte lova kven som kunne inkluderast i etternamna, og ho sikra såleis namnevernet.

Ut frå borgarskapsidealet på denne tida var slekta organisert etter den mannlege ættelinja, med mannen som familieoverhovud. Med namnelova vart dette overført som gjeldande prinsipp for alle. Menn skulle ha same etternamn gjennom livet, og kunne ikkje endre namn lenger, heller ikkje om ein flytta til ein ny gard, slik det hadde vore vanleg å gjere tidlegare. Kvinner måtte derimot byte etternamn når dei gifta seg, fordi det verken var «naturlig eller hensiktsmessig at mann og hustru fører forskjellige slektsnavn» (Ot.prp. nr. 12, 1922). Men meir naturleg enn at dette måtte påpeikast i lovarbeida, var det ikkje.

Kvinner kunne søke om løyve til å få tilbake oppvekstnamnet om dei hadde karriere under namnet. Men dette vart ikkje aktuelt for ho Anna Sivle. Som småbrukardotter vanka ho ikkje i kretser der namnelova vart diskutert. Ho gifta seg med Anton Monsen Antun i 1918. Dei flytta frå landsbygda til Bergen, og vart familien Antun. Namneskikkane som vart lovfesta i 1923, hadde allereie spreidd seg. Hadde Anton flytta til Anna sin heimgard, hadde han gjerne tatt Sivle til etternamn. Etter 1923 var det ikkje lenger lov for menn å ta kona sitt namn, heller ikkje om det var namnet på garden. Barna til Anna og Anton fekk, som idealet og lova sa, Antun som etternamn, ikkje Sivle.

Grønstad.3
Anna Olsdotter Sivle og Anton Monsen Antun gifta seg i 1918. Foto: ukjent fotograf.

I 1949 vart det opna for at kvinner kunne få tilbake oppvekstnamnet etter at dei gifta seg sjølv utan å vere kjend under namnet. Dei måtte søke etter vigselen med sitt nye namn for å få tilbake det namnet dei i utgangspunktet ønska å halde fram med å bruke. Ektemannen måtte signere søknaden om dette. Sjølv denne tillempinga vart heftig debattert, og vart sett som undergravande for familien som heilskap. I praksis nytta få kvinner høvet til å få tilbake oppvekstnamnet sitt. Heller ikkje eldstedottera til Anna heldt på oppvekstnamnet på 1950-talet.

Frå slutten av 1950-talet vart namnelova revidert, og i 1964 kom det ei heilt ny lov. No vart det slik at menn kunne ta kona sitt etternamn, men berre viss dei hadde særskilt tilknytning og særskilt behov. Få nytta seg av denne regelen. Ei endring som fleire nytta seg av, var at kvinner no, ved å melde frå før vigselen, kunne sleppe å byte til mannen sitt etternamn i det heile tatt.

Kvinnesaksforeiningane var positive til dei auka valmoglegheitene, men tvila på at lovendringa ville endre vala folk kom til å gjere i praksis. Dei som var negative til desse endringane, var mindre edruelege, og argumenterte med at større fridom ville føre til kaos og oppløysing av familien. Dei var også kritiske til at kven som helst no kunne få namna med høgast status. Ikkje minst såg fleire for seg at mennene som kom til å byte etternamn til kona sitt, ville gjere det for å auke statusen sin. Slike menn såg ein for seg som mistenkelege og som beint ut dårlege menneske, og ikkje nokon ein ønska å få inn i slektene sine.

Anna si dotterdotter gifta seg på 1970-talet. Ho gjorde det same som mora og mormora – tok mannen sitt etternamn, men ho heldt på oppvekstnamnet som mellomnamn. Kjønnslikestilling var ein viktig del av den offentlege retorikken på 1970-talet, og det hadde sive inn til fabrikkbygda ho vaks opp i.

I 1980, året då ho Anna var 85 år og dotterdottera hadde vore gift i tre år, vart den norske namnelova endeleg kjønnslikestilt. No kunne para fritt velje hans eller hennar etternamn eller halde på oppvekstnamna sine. Men heller ikke no skjedde endringane utan motstand. Fritt val av etternamn ville føre til kaos og forvirring, vart det hevda, ikkje minst for slektsforskarane og byråkratiet. Støttespelarane var opptekne av likestilling for kvinner.

I 1998 døydde Anna, 103 år gammal. Ho rakk ikkje å få med seg den nyaste namnelova frå 2003, som opna for at hennar oldebarn og tippoldebarn på ny kunne ha plukka opp Sivle-namnet. Auka valmoglegheiter og forenkla administrasjon var nøkkelord for den nyaste namnelova, og dette var også den minst omdiskuterte av namnelovene.

Grønstad.4
Den fyrste kjønnsnøytrale namnelova kom same året som eg vart fødd. På bildet tar eg ein ettermiddagslur med faren min, ein gong tidleg på 1980-talet. Fotograf: Liv Sleen Grønstad.

Sjølv var eg 18 år då Anna, som var oldemora mi, døydde. Eg har levd heile livet med ei kjønnsnøytral namnelov. Då eg gifta meg ut på 2000-talet, kunne vi velje mellom å halde på etternamnet, bytte etternamn til eitt av dei, bruke den andre sitt etternamn som mellomnamn og å plukke etternamn bakover til tippoldeforeldra. For fyrste gong i namnelova si historie fanst det også høve til å gjere begge sine etternamn juridisk likestilte ved hjelp av ein bindestrek. Vi valde å helde på kvart vårt farsnamn (sic), men om barna våre vil, kan dei velje Sivle, namnet dei ville fått om namnepraksisane hadde følgd den kvinnelege delen av slektslinja, og ikkje den mannlege.

Vil du vite meir?

Den nyaste statistikken over kor mange som endrar og held på etternamna i ekteskap er frå 2003, og finst oppsummert her, i teksten «Likestillingens siste skanse?» i Samfunnsspeilet 2005/5.

Meir om historien til dei faste etternamna kan du finne i artikkelen «Hvordan folk flest fikk etternavn i Norge!» av namnegranskar Ivar Utne. Denne artikkelen finn du her. Artikkelen har også ei fin rekke med anbefalte artiklar om ein ønskjer ytterlegare informasjon.

Når det gjelder kva etternamn barn får, kan du lese om det på sida til Statistisk sentralbyrå om dette, som du finn her.

I denne teksten har eg nytta meg av diskusjonane og argumentasjonen rundt namnelovene som finst i forarbeida og stortings/odeltingsbehandlingane av lovene og lovendringane. I det pågåande phd-prosjektet, som du kan lese om her, undersøker eg ved hjelp av kvalitative spørjeundersøkingar menn sine forhold til etternamna sine, både menn som har bytta og menn som har heldt på namna sine. Prosjektet skal etter planen avsluttast i 2020. Noko av materialet eg brukar, har eg skrive om i denne artikkelen som fokuserer på kvinner og menn fødd etter 1979.  Dei aktuelle lovarbeida finst på denne nettsida.