Tenker du over korleis du tenker på livet og døden?

Ei anna tradisjonell framstilling av døden er i form av ein slags menneskeliknande skikkelse. Korleis denne skikkelsen ser ut, eller kven det er, finst det mange ulike førestillingar om. Eit eksempel er den velkjente figuren kalla «Mannen med ljåen».

Korleis tenker me på og snakkar om to så ‘store’ omgrep som livet og døden? Denne språkpraten  vil vise nokre eksempel på metaforar for livet og døden som eg fann i arbeidet med masteroppgåva mi.

Av Maren Østrem Nesse, universitetslektor i norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen

Livet gjer me oss erfaringar med kvar dag. Men korleis ein forstår livet, varierer sjølvsagt mellom personar og kulturar. Samanlikna med livet har me ikkje like direkte erfaringar med døden. Dei fleste av oss har ei eller anna indirekte erfaring med døden, for eksempel at ein kjenner nokon som har døydd. Men me kan ikkje med sikkerheit seie noko om kva som skjer med oss når me døyr, eller om det skjer noko i det heile. Å bruke metaforar er ein strategi som kan hjelpe med å forstå og snakke om livet og døden.

Nesse1
Både livet, som utfoldar seg på biletet, og døden er store omgrep som ein kan tenke og snakke om på fleire måtar, blant anna med hjelp av metaforar. Foto: Silje Drevdal.

Me kallar det for ein metafor når eit ord eller uttrykk blir brukt i overført betyding. I omgrepsmetaforteorien meiner ein at denne overføringa skjer på tankenivået og kjem til syne gjennom ulike språklege metaforuttrykk: Me snakkar i metaforar fordi me tenker i metaforar. I denne forbindelse er domene eit viktig omgrep. Eit domene kan ein seie er eit kognitivt (tankemessig) forståingsområde. Metaforar oppstår når ein bruker kunnskap om eitt domene til å forstå eit anna. Domenet som blir forstått, blir kalla måldomene, medan domenet som det blir forstått ved hjelp av, blir kalla kjeldedomene. Viss eg seier at eg nå skal servere dokker nokre smakebitar frå masteroppgåva mi, bruker eg uttrykk frå domenet MAT/MATSERVERING (servere, smakebitar) for å snakke om KOMMUNIKASJON AV EIT BODSKAP (‘vise dokker eksempel frå masteroppgåva’).

I masteroppgåva mi undersøkte eg kva for metaforar eg kunne finne for omgrepa livet og døden. Eg søkte opp setningar som inneheldt substantiva livet og døden i bestemt form eintal i bokmålsdelen av «Oslo-korpuset av taggede norske tekster», som ein finn her, og analyserte dei. I denne språkpraten har eg omsett eksempelsetningane mine frå korpuset til nynorsk.

Felles for dei setningane eg søkte fram, er at det er snakk om ei tingleggjering av livet og døden ved at dei blir omtala med substantiv, som er den vanlege ordklassa for ting og gjenstandar. Me kan (også) snakke om å leve (verb), å døy (verb), å vere levande (adjektiv) og å vere daud (adjektiv), men når me omtalar fenomena med substantiv, kan dei få andre typar eigenskapar i setningar – eigenskapar som vanlegvis ting har.

Eit eksempel på dette kan sjåast i følgande setning:

Livet sjølv veks berre om kvardagen.

Sidan livet er eit substantiv, kan det stå som subjekt i denne setninga, og stå til verbet å vekse. Eit liv kan jo ikkje vekse i konkret forstand, men denne setninga kan vere uttrykk for at personen som dette livet tilhøyrer, veks i betydinga utviklar seg. Det er mykje forskjellig som kan vekse, både plantar, dyr og menneske. Men fordi veksinga er avgrensa til eit spesielt tidsrom, kvardagen, kan det samanliknast med vekstsesongar for plantar, for eksempel våren. Difor kan livet i denne setninga bli forstått som ei plante.

Nesse2
Ein kan forstå livet som ei plante. Foto: Silje Drevdal.

I følgande setning kan livet bli forstått som ein type behaldar:

Ho har gjort inntrykk på mange på sin veg gjennom livet.

Sidan livet er eit substantiv, kan det stå som utfylling til preposisjonen gjennom i denne setninga. Gjennom betyr mest grunnleggande ‘(inn) frå den eine og (ut) til den andre sida’ (Nynorskordboka, under gjennom). Sidan livet er utfylling til gjennom her, får det eigenskapane av å vere ein slags behaldar med ein inngang og ein utgang som det er mogleg å bevege seg gjennom.

Nesse3
Ein kan forstå livet som ein behaldar. Illustrasjon: Maren Østrem Nesse.

Kva metaforar kan ein så bruke om omgrepet døden? I denne setninga blir døden framstilt som ein slags behaldar:

Dei blei slynga ned i døden.

I denne setninga står døden som utfylling til preposisjonen i, og dette gjer at me kan forstå døden som ein behaldar. Preposisjonen i betyr nemleg ’omgjeven, omslutta av noko(n)’ eller ‘innanfor eit avgrensa område’ (Nynorskordboka, under i). I motsetnad til setninga ovanfor som gjaldt livet, der det er ei rørsle gjennom behaldaren, har me her ei rørsle ned i behaldaren. Personane i setninga verkar å vere offer for ei ukjend kjelde eller kraft som slenger dei ned i døden. I tillegg til at preposisjonen i indikerer av livet er ein type behaldar, indikerer adverbialet ned at plasseringa av døden er nedanfor den nåverande plasseringa. Dette kan assosierast med ei religiøs førestilling om eit dødsrike som ligg nedanfor den nåverande plasseringa vår.

Nesse4
Også døden kan ein forstå som ein behaldar. Men medan ein for livet har ei rørsle gjennom behaldaren, har me for døden ei rørsle ned i behaldaren. Illustrasjon: Maren Østrem Nesse.

Ei anna tradisjonell framstilling av døden er i form av ein slags menneskeliknande skikkelse. Korleis denne skikkelsen ser ut, eller kven det er, finst det mange ulike førestillingar om. Eit eksempel er den velkjente figuren kalla «Mannen med ljåen».

Nesse5
«Mannen med ljåen» er ei  tradisjonell framstilling av døden. Illustrasjon: Ida Torkildsen.

At døden kan bli forstått og framstilt som eit slags menneske, kom også til uttrykk i materialet eg undersøkte. Sjå for eksempel følgande setning:

Døden gjesta henne og tok mora.

Her får døden menneskelege eigenskapar fordi den blir framstilt som eit handlande vesen. Dette ser me ved at det kjem fram at døden kom på besøk, noko det er vanleg at menneske gjer. I tillegg tok døden mora. Verbet å ta indikerer ei handling, og ei handling krev eit agerande subjekt som utfører handlinga. Det har vore vanleg å framstille døden som eit menneskeliknande vesen som anten kjem og tar med seg den som skal døy, eller som eit vesen den døyande kjempar imot.

Ein grunn til at døden ofte blir framstilt som eit menneske eller eit handlande vesen, er at me har ein tendens til å oppfatta hendingar som handlingar. Dette gjeld særleg når det er snakk om ein hending som kjem brått og uventa på. Sidan handlingar krev ein aktør som utfører handlinga, kan førestillingar om døden som eit menneskeleg vesen oppstå.

Masteroppgåva mi viste at både livet og døden blir forstått ved hjelp av ei rekke ulike ‘ting’, mellom anna dei eg har trekt fram ovanfor. Det er samtidig verdt å merke seg at metaforar om livet og døden i somme tilfelle kan opptre i samanheng med kvarandre. Det er jo ikkje så rart med tanke på den naturlege forbindelsen livet og døden har til kvarandre. Personifiseringa av døden som «Mannen med ljåen» kan koplast til LIVET SOM PLANTE. Tenker ein på menneske eller liv som planter, gir det mykje meining at den figuren som utslettar liv, bruker ein ljå som reiskap.

Nesse6
Omgrepa livet og døden viser til to svært ulike fenomen som samtidig er naturlig bundne saman. Sistnemnde kan kaste lys over at også somme av metaforane for livet og døden er kopla til kvarandre. Foto: Silje Drevdal.

Vil du vite meir?

Denne språkpraten er basert på masteroppgåva mi, «Livet selv vokser bare om hverdagen» En korpusbasert metaforstudie av livet og døden, som eg fullførte i 2017. Denne masteroppgåva finn du her.

Ei bok om metaforar som har hatt avgjerande betyding for tilnærminga mi
til metaforar i masteroppgåva, er følgjande bok av George Lakoff og Mark
Johnson, her i norsk omsetjing: Lakoff, G., & Johnson, M. (2003).
Hverdagslivets metaforer: fornuft, følelser og menneskehjernen. Oslo: Pax.

Om du vil lese meir om ulike typar metaforar, kan du lese språkpraten «Kamelar og elefantar til bry – ein studie av metaforbruk» av Helga Mannsåker. Denne finn du her. Under «Vil du vite meir?» i denne språkpraten finn du elles nokre fleire referansar til tekstar om metaforar.