Ei språkleg reise gjennom jule-evangeliet

Maria, Josef og Jesusbarnet. Foto: Silje Drevdal.

Årets jule-språkprat handlar om språket i Lukas-evangeliet, kapittel 2, 1–21. Her kan du lesa meir om både namna i evangeliet og språklege endringar som kom i 2011-utgåva.

Av Sylfest Lomheim, professor emeritus ved Universitetet i Agder

Jule-evangeliet (Luk 2, 1–21) er ei språkmesse verd. Ta berre namna: Maria, Josef, Jesus, Betlehem, Augustus, Kvirinius. Den sistnemnde, som var ’landshovding i Syria’, hadde Quirinius som tilnamn, og tydinga var ’borgar; sivil romar’. Augustus var òg tilnamn. Gaius Julius Octavius var fosterson til Caesar og den første eineherskaren over heile Romarriket – altså den første keisar (frå ’caesar’) i året 29 f. Kr. Tilnamnet hans, Augustus, tyder ’den opphøgde’, og som venteleg gav han òg namnet sitt til ein av månadane i vår romerske kalender.

Namnet Betlehem er sett saman av to hebraiske ord: bet og lehem. Første ordet tyder ’hus; heim’, det andre ’brød’. I gamaltestamentleg tid var nok området eit kornkammer for israelsfolket. Bet– var, og er, mykje brukt i Israel: Betania, Betsaida, Betfage, Betel. Det siste namnet tyder ’hus’ pluss ’gud’, altså ‘gudshus’. Josef, på hebraisk Yosef, er den som ’får mange etterkomarar’. Maria, på hebraisk Mirjam, tyder noko så jordnært som ’lubben; med gode former’.

Lomheim.1
Jesusbarnet. Foto: Silje Drevdal.

Heller ikkje Jesus, hovudpersonen, heitte dét; han heitte Jeshua. Jesus vart namnet då evangelistane skreiv om han på gresk. Namnet er det same som Jesaja og Josva i Gamletestamentet, og i dag er det tusenar av Josh og Joshua i USA og Europa. Så då nordmannen Joshua French kom heim i mai 2017 etter åtte år i fengsel, var det altså ein Jesus som vart slept fri i Kongo.

Namnet Jesus tyder ’bergaren’, han som bergar. Vakkert. Og med ein svært kort veg over til bruk og tolking som ’frelsar’ …  Motsvara i vår heidenske namnetradisjon er fleire: Birger, Børre, Byrge osv. Ein kvinnevariant er Bjørg. Så den mest kjende Jesus i norsk politikk i seinare tid er Børge Brende.

Lomheim.2
Maria, Josef og Jesusbarnet. Foto: Silje Drevdal.

Lat oss så gå vidare til sjølve evangelieteksten. Bibelen kom i ny utgåve – ikkje revidert, men nyomsett – i 2011. Samanliknar me nøye dei 21 versa som tradisjonelt utgjer juleevangeliet (Luk 2, 1–21), i 2011 med den førre utgåva, frå 1970-talet, vil me oppdaga iallfall rundt femten språklege endringar. Det høyrest dramatisk ut, men under lesinga vil ein ikkje merka store skilnaden. Og dét er fordi dei fleste endringane dreiar seg om rettskriving og detaljar utan konsekvens for bodskapen. Ein stad blir eit semikolon bytt ut med punktum. I førre utgåve stod det: «Ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe …» I 2011-utgåva står det punktum etter den «førstefødde». Ein annan stad blir eit komma teke bort: « … til Davidsbyen, som heiter Betlehem». Det er ingen grunn til ha komma etter «Davidsbyen», så bort med det.

Lomheim.3
Josef. Foto: Silje Drevdal.

Meir merkbart blir det når ord blir endra, sjølv om meininga i hovudsak er uendra. «Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea» læt no slik: «Også Josef drog frå byen Nasaret i Galilea.» Her har også erstatta òg og er plassert i setningsstarten, medan verbet fór er bytt ut med drog. Argumentet var at den nye formuleringa er meir i samsvar med moderne norsk.

Eit endå tydelegare ordskifte er det når «Maria, festarmøya hans» har måtta vika for «Maria, som var lova bort til han». Det siste er ikkje til å mistolka. Ei festarmøy, som den gode Alexander Seippel tok i bruk i den første Bibelen på landsmål (i 1921), er nok eit lettare mystisk ord for dei fleste lesarar på 2000-talet.

Lomheim.4
Maria. Foto: Silje Drevdal.

Den same Seippel, vår fremste bibelomsetjar gjennom tidene, skreiv om «nokre hyrdingar der i bygdi». I Bibelen frå 1970-talet er det blitt til «nokre gjætarar der i grannelaget». I 2011-utgåva står det «nokre gjetarar der i området». Den løysinga er meir i pakt med ordet i grunnteksta; dessutan verkar både orda bygd og grannelag noko overdrive ’norsk’.

Vidare finn ein også nokre endringar mellom utgåvene som ligg i grenselandet mellom stil og innhald; slike blir straks meir synberre. «Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei  ( …). Då vart dei fælande redde.» Denne formuleringa frå 1970-talet vart erstatta med: «Med eitt stod det ein Herrens engel framfor dei  (….). Då vart dei gripne av stor redsle.» Stilmedvitne vil truleg sanna at den eldre formuleringa har eit visst eventyrdrag over seg i «best det var» og «fælande redde». I så fall er det ein effekt som ikkje høyrer heime hos Lukas, og det er årsaka til at desse to setningane vart endra.

Lomheim.5
Engelen. Foto: Silje Drevdal.

«Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar; han er Kristus, Herren.» Denne sekvensen lyder no: «Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar. Han er Messais Herren.» Her er det tre ting: For det første er semikolon kutta ut etter ordet frelsar. Inn med punktum. Så er verbet timast teke ut, rett og slett fordi det er eit ord som moderne lesarar ikkje har noko forhold til. Ein kunna ha sett inn «ei glede som gjeld heile folket», men det blir betre å ha berre ordet for. Så er verbet sjå sett inn i starten av setninga; slik blir bodskapen frå engelen sterkare. Endeleg erstattar Messias det meir brukte Kristus. Det fører ordbruken nærare opphavet, for det gresk/latinske Kristus er berre ei direkteomsetjing av det hebraiske Messias, som tyder ’den salva’.

Til slutt dei to endringane som verkeleg er innhaldsmessig dramatiske. «… ikkje rom i herberget» har vore ordlyden i norske (og danske) biblar i over fire hundre år. Uttrykket har endåtil gått inn i kvardagsmålet. I 2011 var det slutt. No står det: «… det var ikkje husrom for dei.» Det er to solide grunnar for rettinga: Det eine er at det ikkje står noko om herberge i grunnteksten til Lukas, det andre er at alle kjennarar av Palestina opplyser at den gongen fanst det ikkje noko slikt som herberge i Betlehem. Syndaren heiter Luther. Han omsette upresist, og slik kom det feilaktige herberge inn i skandinaviske biblar. Teologisk sett er det likevel ein lite alvorleg feil.

Teologisk alvorleg er derimot ein feil frå 1900-talet som no er retta opp: «Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneske!», song englane på 1900-talet – hos oss. I 2011-teksten syng dei: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Her let me liggja at diskusjonen gjekk lenge om ordet skulle vera hugnad eller glede; det vart glede. Langt viktigare er poenget at på 1900-talet hadde Gud «hugnad med menneske» (altså alle menneske). No står det derimot at englane syng om «fred på jorda blant menneske Gud har glede i» (altså: ikkje alle menneske). Kan Gud meina det? Det får teologane drøfta. Men det er ingen tvil om kva Lukas skreiv – freden gjeld dei menneska som Gud er glad i. Me kan lika det eller ikkje.

julejherte
Foto: Silje Drevdal.