Bokstavleg babyutkasting

Ingenting tyder på at skrøpelege sanitære forhold, knytt til problem med å finne att barn i grumsete badevatn, kan vere ein bakgrunn for uttrykket kaste barnet ut med badevatnet. Foto: Silje Drevdal.

Når folk seier at ein ikkje må kaste barnet ut med badevatnet, handlar det om at ein ikkje må bli så overivrig når ein kvittar seg med noko som er uønskt eller har liten verdi, at ein òg vrakar det som er av verdi. Dette innlegget tek føre seg om det finst ein bokstavleg bruk av dette uttrykket, og kva det betyr når somme skriv at ein bokstavleg talt ikkje må kaste barnet ut med badevatnet.

Av Margunn Rauset, stipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen

Faste uttrykk som smi medan jarnet er varmt (‘nytte eit gunstig høve når det byr seg’) og vandre heden (‘døy’) er kjenneteikna av at ein i avgrensa grad kan skifte ut enkeltorda dei består av, og ein kan heller ikkje rekne seg fram til kva uttrykket betyr ut frå kva enkeltorda betyr. Det er vanleg å rekne med at eit fast uttrykk i utgangspunktet har hatt ei bokstavleg tyding. Grøn er etter gammalt ein lykkefarge, og ifølgje gammal skikk fekk friaren ei grøn hose (altså ei strømpe) om eit frieri blei godteke, men ei svart hose om svaret var nei. Om nokon i dag gjer sine hoser grøne, går dei på friarføter eller innyndar seg hos nokon. Dette kan ein seie utan den minste kjennskap til gammal symbolikk i strømpeutdeling.

Margunn1
Uttrykket kaste barnet ut med badevatnet peikar på noko som ein sjølvsagt ikkje bør gjere. Men har dette uttrykket nokon gong hatt eit bokstavleg innhald? Foto: Silje Drevdal.

Forskarar har hevda at kaste barnet ut med badevatnet høyrer til ei gruppe av faste uttrykk som aldri har blitt brukt med bokstavleg tyding. Det vil seie at dersom ein brukar uttrykket, er det som eit bilde på å vrake det verdifulle saman med det verdilause. Sitatet under viser at det blant somme likevel rår ei oppfatning av at frasen ein gong har hatt eit bokstavleg innhald knytt til skrøpelege sanitære forhold:

På skolen på 80-tallet lærte jeg hvor ordtaket «kaste ungen ut med badevannet» oppsto. Tidligere, for 100 år siden, var det vanlig med badestamp og far i huset fikk bade først etter at vannet hadde blitt noenlunde varmt, så i tur kom de andre i familien. Om kjønn spilte noen rolle, husker jeg ikke, men de minste barna kom til slutt. Da hadde vannet blitt så grumsete at det var en viss fare for at noen skulle forsvinne når man kastet ut vannet etter bading. (Hans Christian Lillehagen, Aftenposten 31.10.08)

Dette er ei heller usannsynleg forklaring på opphavet til uttrykket. Var vatnet så skittent at barnet var usynleg, må det liggje som ein premiss at ingen kroppsdelar var synlege over vatn. Og låg barnet drukna på botnen av stampen, var det vel verre enn at ein slo det ut?

Margunn2
Ingenting tyder på at skrøpelege sanitære forhold, knytt til problem med å finne att barn i grumsete badevatn, kan vere ein bakgrunn for uttrykket kaste barnet ut med badevatnet. Foto: Silje Drevdal.

Tvert om ser det ut til at bruken av kaste barnet ut med badevatnet alltid har vore ikkje-bokstavleg. Uttrykket er først dokumentert i skrift i den satiriske diktsamlinga Narrenbeschwörung av tyske Thomas Murner frå 1512. Det umiddelbare og lett groteske bildespråket i Das kindt mit dem bad vß schitten og ein illustrasjon med ein narr som tømmer ein balje med eit barn oppi, fortel oss at det berre er narraktige toskar som gjer slikt.

Margunn3
Vi ser her ein tresnittillustrasjon av uttrykket kaste barnet ut med badevatnet i den satiriske diktsamlinga Narrenbeschwörung av tyske Thomas Murner (1512). Dette er første gangen uttrykket blei brukt på trykk, så vidt vi veit.

Martin Luther bidrog òg til å gjere uttrykket kjent. I eit føredrag om kong Salomo i 1526 brukte han uttrykket med ordtaksformularet «Man soll nicht» (på norsk «ein skal ikkje»): «Man sol das kind nicht mit dem bad ausgiessen». Med eit slikt formular blir bodskapen ekstra formanande, og det blir tydeleg at bodskapen har lite med konkrete babyuttømmingar å gjere. Slik er det også i dei aller fleste tilfelle der uttrykket blir brukt på norsk i dag.

Kva er det då som gjer at skribenten i sitatet under (Hallgeir Elstad i Dagen 15.12.15) tykkjer dette bildet er treffande i adventstida – ser han òg føre seg ein familie som tek julebadet i tur og orden, slik som han som hadde lært om uttrykket på skulen?

Juletregang, julesong og andre juleaktivitetar er kultur. Å gå til skulegudsteneste er òg kultur. Det handlar om at vi har ein tusenårig kristen tradisjon i dette landet som har prega kulturen vår like lenge. Overdriver vi jaget etter livssynsnøytralitet, er eg redd vi bokstaveleg tala kastar barnet ut med badevatnet biletet er treffande no i adventstida!

Her er dessutan bokstavleg tala brukt på ein måte som står i kontrast til den bokstavlege tydinga av ordet bokstavleg, men som heller understrekar det personlege engasjementet skribenten legg i ytringa. Den tradisjonelle bruken er at ei bokstavleg tyding er nøyaktig etter orda. I dette dømet skulle det bety at heile den norske befolkninga har flytta opp i trea: «Vi [i] Noreg lever bokstaveleg talt på den grøne grein» (Norsahel 05.11.15). Effekten av denne bruken av bokstavleg er påfallande, sjølvmotseiande og ofte litt komisk.

Margunn4
Det er ingen tvil om at livssituasjonen til folk i Noreg er betre enn det hjelpeorganisasjonen Norsahel fortel om frå Mali, men det betyr ikkje at folk i Noreg «bokstavleg talt» lever på noka grøn grein. Kjelde: Norsahel 05.11.15.

Denne bruken av bokstavleg tala førekjem òg blant folk som elles skriv forståeleg om alvorlege tema, som i dette innlegget av Anne Samuelsen i Aftenposten 18.02.09:

I dag undrer jeg meg over om ikke det aller største ubehaget i abortdebatten er den ulmende følelsen av at feminismen spesielt og sosialdemokratiet generelt, trådte feil ett eller annet sted og med sin endringsiver og gode intensjoner bokstavelig talt helte barnet ut med badevannet.

Bokstavleg talt kan i dette tilfellet vere motivert av at konteksten har med foster å gjere, og dermed kan det hende at skribenten medvite spelar på skiljet mellom det overførte og konkrete. Det er òg tilfelle med badevatnet i neste døme (Helen Jøsøk Gansmo, Adresseavisen 15.10.09), som dessutan inneber ein kreativ språkleik der barnet er bytta ut med energisparing:

Men den koselige stearinlysaktig (sic) stemningen kan friste oss til å plaske med enda mer badevann. Da kaster vi bokstavelig talt energisparingen ut med badevannet, også fordi energi spart på varme avgitt fra lamper må erstattes med mer energi brukt på oppvarming av husets varmeste rom.

Margunn5
Det gjeld å bokstavleg talt ikkje kaste energisparinga ut med badevatnet. Foto: Silje Drevdal.

Per Egil Hegge rår i ein artikkel i Aftenposten (06.03.15) frå å bruke bokstavleg talt om det stikk motsette. Men dette er ikkje berre eit norsk fenomen, den same endringa har òg skjedd andre stader. Michael Israel slår i ein vitskapleg artikkel frå 2002 fast at den «feilaktige» bruken av det tilsvarande engelske literally er ei naturleg utviding av den grunnleggjande tydinga. Ordet literally blei opphavleg brukt for å skilje mellom måtar ein kunne tolke ei ytring på. Men no er ordet i ein prosess der det held på å bli ein forsterkar, brukt for å framheve ei ytring eller ei skildring som ikkje er bokstavleg sann eller mogleg. Folk brukar literally nettopp fordi dei veit kva bokstavleg tyding er, og dei assosierer den med å uttrykkje seg direkte, ærleg og med ettertrykk. Ofte handlar det om å peike på eit treffande eller fyndig ordval.

I engelsk er begge tydingane av literally no tekne inn i ordbøkene. Tilsvarande er begge tydingane av uttrykket bogstavelig talt no med i ordbøkene i dansk. Truleg er det berre eit tidsspørsmål før det same skjer her, for også i norsk har ordet etablert seg som ein forsterkar, som blir brukt for å understreke og peike på sterke, påfallande eller overraskande utsegn som ikkje skal eller kan tolkast bokstavleg. Dessutan har vi sett døme på at bruken av bokstavleg (talt) kan gje eit effektivt signal om at ein spelar på det tvitydige ved at konteksten handlar om enten barn eller badevatn. Bruken av bokstavleg talt som forsterkar blir særleg tydeleg i kombinasjon med kaste barnet ut med badevatnet – eit uttrykk som aldri har blitt brukt bokstavleg, sjølv om somme ser ut til å tru det, så ei bokstavleg tolking er ikkje eingong tilgjengeleg.

Margunn6
Uttrykket kaste barnet ut med badevatnet ser ikkje ut til å ha blitt brukt bokstavleg nokon gong. Dermed finst det bokstavleg talt ikkje noka bokstavleg tolking av uttrykket. Foto: Silje Drevdal.

Vil du vite meir?

Dersom du er interessert i uttrykket kaste barnet ut med badevatnet og korleis det blir brukt med variasjonar på bokmål og nynorsk, har eg ei djupneundersøking av det i doktorgradsavhandlinga mi, som er under arbeid. Avhandlinga blir digitalt tilgjengeleg i 2018. Faste uttrykk var òg tema i masteroppgåva mi fra 2010, som du finn her.

Artikkelen til Michael Israeli om korleis tydinga til literally har utvida seg i engelsk, er svært interessant:

Israel, Michael. 2002. «Literally speaking» i Journal of Pragmatics Volume 34, Issue 4, s. 423–432

Per Egil Hegge har i ein artikkel i Aftenposten 06.03.15 andre døme på bruk av bokstavelig talt på norsk og nokre formanande ord om kvifor ein bør unngå å bruke denne ordkombinasjonen om ein ikkje meiner noko bokstavleg. Denne artikkelen finn du her.

I desse bøkene kan du sjå den første kjende førekomsten av uttrykket og boka med Luthers tale om Salomon:

Murner, Thomas. [1512] 1926. Narrenbeschwörung: mit einem Briefe Murners in        Handschriftendruck: Walter de Gruyter.

Luther, Martin. 1898. D. Martin Luthers Werke : Kritische Gesamtausgabe (Weimarer Ausgabe). Red. av Paul Pietsch. Bind 20. Weimar: Hermann Böhlau.